599    14    1  

Oppgradering og oppussing av barnerom på 9 m2

 14     Akershus     0
I fjor pussa eg opp barnerommet i leilegheita vår. Leilegheita er frå 1949 og det var på tide å gjennomføra ei større renovering for å auka komforten til dei to minste innbyggarane i huset. Eg ville også læra korleis leilegheita var konstruert før me går i gang med ei større oppgradering og utviding. 

Eg har henta mykje hjelp og inspirasjon frå dette forumet. Nå er det min tur til å eg legga ut prosjektet mitt her, kanskje andre kan plukka opp noko av det eg gjorde. 

Grunnen til at eg ynskja å pussa opp barnerommet er at det "berre" hadde 10 cm isolasjon i ytterveggen, var golvkaldt og generelt hadde godt av å bli bygd opp frå botn av.

Det som vart gjennomført av underteikna:
- Montert ny dampbrems
- Etterisolerte med 5 cm trefiberisolasjon mot dei to ytterveggane
- Isolerte dei to innerveggar (for å gjera barnerommet meir lydtett og mindre brennbart)
- Laga lydhimling av Fermacell gips og lagt 10 cm trefiberisolasjon inn i himlingen
- Lagt nytt golv av klikk-linoleum
- Satt opp ståande panel, type glatt. 

Oppgåver som vart satt ut:
- Montering av skjult elektrisk anlegg og golvvarme (Flexwatt folie)
- Oppretting av golvet ved hjelp av flytsparkel
- Sparkling og maling av taket

Prisen på prosjektet vart omlag 70000 kroner. Det var ein del meir enn eg hadde tippa på førehand for eit rom på 9 m2. Kostnadane vart fordelt ca. slik:

Sparkling og maling av tak: 7500 kr
Oppretting av golv: 2500 kr
Elektrisk arbeid + materialar (fem stikk, eit lyspunkt, varmefolie + styring): 20000 kr
Panel, isolasjon, lekter, dampbrems: 30000 kr 
Golvflisene: 7500 kr
Diverse: 2500 kr

Moglege årsaker til at det vart dyrare enn forventa: 
- Me valde panel som var ferdig lakka for å sleppa lakking i etterkant, det var eit lurt val sjølv om dei kosta det dobbelte av ubehandla. 
- Bestilte ca. 40 % for mykje panel og isolasjon. Men dette kan brukast igjen til andre prosjekt
- Golvet kosta 750 kr / m2
- Hunton dampbrems kosta 3500 kr for ein rull, men den rekker til fleire rom

Ting eg lærte undervegs:
- Byggehanskar er gull verdt under riving. 
- Støvmaske var også veldig nyttig under riving.
- Krysslaser var uvurderleg ved å få himlingen i vater. Var også nyttig til å få spikerslaga i same høgde. 

Ting eg burde lært:
- Burde gått til innkjøp av vernesko. Ved riving av rupanel er det mange spiker som stikker opp gjennom sandalen..
- Snekkerbelte hadde vore kjekt. Eg fann aldri ut kvar eg skulle legga hammaren. Mot slutten falt den av og til ned i det ferdige golvet frå vinduskarmen!! ahhh
 
Før
Oppgradering og oppussing av barnerom på 9 m2 - 20180620_093915.jpg - vifteovn


Etter
Oppgradering og oppussing av barnerom på 9 m2 - 20181001_072504.jpg - vifteovn

Resten kjem litt nedover

  (trådstarter)
   #1
 14     Akershus     0
Då varm me i gang, fjerning av golvbelegget for å finna igjen orginalgolvet. Orginalgolvet er ca. 5 cm bredt og 3 cm tjukt. Golvet ligg på tilfarar som er mellom 10 og 15 cm høge, litt usikker. Det er etterisolert med cellulose mellom betongskiljet og golvet.

Oppgradering og oppussing av barnerom på 9 m2 - 20180621_131012.jpg - vifteovn


Berre to eller tre lag med tapet og tremasse før rupanelen dukka opp.
Oppgradering og oppussing av barnerom på 9 m2 - 20180622_085416.jpg - vifteovn

Etter å ha fjerna to sett med himlingar (2 x 48 mm) fann eg himling frå 1949. Bak panelet ligg det stubbloftsleire. Taket er litt skeivt.

Veggen i enden av rommet er ein berevegg og stova ligg på baksida.
Oppgradering og oppussing av barnerom på 9 m2 - 20180628_220451.jpg - vifteovn

Byggmaterialar levert frå Thaugland på døra, praktisk. Bomma litt med estimatet på isolasjonsmengde, har seks uopna pakkar igjen, ja ja.
Oppgradering og oppussing av barnerom på 9 m2 - 20180723_092218.jpg - vifteovn


Etterisolering av innervegg. Kjøkkenet ligg på andre sida. Brukte 5 cm plater med trefiberisolasjon her
Oppgradering og oppussing av barnerom på 9 m2 - 20180724_202307.jpg - vifteovn

Det var større dimensjonar på bæreveggen, duh, så her var det plass til 10 cm med trefiberisolasjon. Tetris for vaksen!
Oppgradering og oppussing av barnerom på 9 m2 - 20180726_132233.jpg - vifteovn

48 x 38 justerlekter festa med karmskruar for å retta opp veggen.
Oppgradering og oppussing av barnerom på 9 m2 - 20180727_121908.jpg - vifteovn

Ytterveggen vart etterisolert i 1987 ved hjelp av innblåst cellulose. Nokre plasser har den sigi litt saman.
Oppgradering og oppussing av barnerom på 9 m2 - 20180730_174353.jpg - vifteovn
  (trådstarter)
   #2
 14     Akershus     1
Montering av dampbrems.
Oppgradering og oppussing av barnerom på 9 m2 -  - vifteovn

Etterisolering av ytterveggen med 5 cm med trefiberisolasjon.
Oppgradering og oppussing av barnerom på 9 m2 -  - vifteovn

Fylt igjen gliper i etterisoleringa med litt trefiberisolasjon. Heldigvis var cellulosen frå 1987 såpass pakka at den ikkje raste ut då eg fjerna pappen.
Oppgradering og oppussing av barnerom på 9 m2 -  - vifteovn

Nesten ferdig etterisolerte ytterveggar.
Oppgradering og oppussing av barnerom på 9 m2 -  - vifteovn

Montering av lydbøylar og etterisolering av himlinga. Oppgradering og oppussing av barnerom på 9 m2 -  - vifteovn

Lydhimling under montasje. Brukte 36 x 48 lekter. Har byrja å kubba mellom lektene.
Oppgradering og oppussing av barnerom på 9 m2 -  - vifteovn
  (trådstarter)
   #3
 14     Akershus     0
Første Fermacellgipsen på plass. Det hadde ikkje gått utan plateheis! Dytta 5 cm ekstra med isolasjon mellom lektene.

Avstanden mellom lektene er cc60, bortsett frå på endane. Der vart avstanden kortare, elles hadde det blitt litt for langt "overheng" på Fermacellgipsen.

Oppgradering og oppussing av barnerom på 9 m2 -  - vifteovn

Tre plater på plass i taket, ikkje like lett å få dei like lange når taket har form som ei rombe og ikkje eit fint rektangel...
Oppgradering og oppussing av barnerom på 9 m2 -  - vifteovn

Tettingslist mellom tak og vegg må til. Eg hadde ein fiks ide om å montera taket først, og så veggen. Det gjorde det litt verre å dytta tettningslista inn, men det gjekk på eit vis. Neste gang vert veggen satt opp først.
Oppgradering og oppussing av barnerom på 9 m2 -  - vifteovn

Snart i mål. Eg brukte to amatørdagar på å få platene opp i taket. Det hadde nok gått raskare om eg hadde hatt ein snekkerkamerat og ei dykksag.
Oppgradering og oppussing av barnerom på 9 m2 -  - vifteovn

Den første hjørnekassa på plass. I taket er det fylt på elastisk fugemasse på tettningslista.
Oppgradering og oppussing av barnerom på 9 m2 -  - vifteovn
  (trådstarter)
   #4
 14     Akershus     0
Krysslaseren var gull verdt for å få spikerslaga i same høgde.

Oppgradering og oppussing av barnerom på 9 m2 -  - vifteovn

Me valgte glattpanel i tre ulike bredder og valde tilfeldig rekkefølgje.
Oppgradering og oppussing av barnerom på 9 m2 -  - vifteovn

Eit hol for stikkontakt må til. I underkant av stikkontakten vil det vera ei køyeseng, så dette vil vera for lys og framtidig telefonlading.
Oppgradering og oppussing av barnerom på 9 m2 -  - vifteovn

Ferdig med panelet. Og så har malaren vore på besøk tre - fire ganger.
Oppgradering og oppussing av barnerom på 9 m2 -  - vifteovn

Det er ein enkel luftekanal på ytterveggen for lufting. Med nytt vindauge, etterisolering og dampbrems, så skal rommet vera litt tettare enn før, så greit med frisk luft.
Oppgradering og oppussing av barnerom på 9 m2 -  - vifteovn
HSt
   #5
 36,582     Lillestrøm kommune     0
Platene i taket burde vel monteres i forband
  (trådstarter)
   #6
 14     Akershus     0
Eg hugsar ikkje heilt kvifor eg falt ned på den løysinga. Eg trur det var fordi to fulle lengder passa nesten akkurat på langs av rommet.

Er det pga fare for oppsprekking at ein bør montera i forband?
HSt
   #7
 36,582     Lillestrøm kommune     0
Ja din antagelse er rett. Du unngår også 4 delte hjørner

  (trådstarter)
   #8
 14     Akershus     0
Det stemmer at det vart litt tetris på slutten for å få ting til å passa saman. Eg satsar på at jobben malaren gjorde med strimler og sparkling held ting i hop.
   #9
 467     Stavanger     0
Det går helst bra slik som du har hjort det, siden rommet er så lite.
Dette er uansett estetikk...
Men utgangspunktet er å legge i forband, annet er fy... Smile

MEN - rent sikkerhetsmessig:
1. Det en kan være litt mer (ganske så) skeptisk til er at det ser ut som at skruehodene perforerer pappen i platen ganske kraftig, det er ABSOLUTT ikke bra. Gipsplater i tak henger nettopp på denne pappen. Så straks skruehodet perforerer pappen så svekkes bæreevnen ganske kraftig.

2. Jeg vil tro at produsenten anbefaler maks 40 cm avstand senter senter (c/c) mellom lektene, når platene er montert på tvers av lekter. Du oppgir 60 cm, noe en ser fra bildet også. Dette fører også til en dårligere konstruksjon.

Kjedelig nok, men dessverre et faktum: Det er eksempler på hvor tak har falt ned på grunn av feil montasje.

(Husk å lese produsent-/monteringsanvisning selv for noe så kjedelig som en gipsplate)



HSt
   #10
 36,582     Lillestrøm kommune     0
Her kan jeg trøste TS at svaret over er basert på normal gips, Fermacell har IKKE papp overflate så skruene har ikke samme problemstilling. Så det er korrekt å ha forsinket skruene litt i overflaten. (Fermacell er mer lik en sponplate). Mht til lekteavstand og skrue avstand så finner en sikkert dette hos produsenten, Fermacell er i allefall stivere enn normalgips. Min kommentar om forband var også mer rettet mot nye lesere, jeg vil tro at korrekt strimlet så går det bra, men lurere å dele en plate og forskyve 2.hver rad neste gang.