4,736    2    0  

Bygge peis/ovn sjøl?

 1,943     0
Eg funderer fortsatt over peis/ovn i vårt planlagde hus.

Eg har ei klar oppfatning av kva eg vil ha; men det er ingen som sel det! Det næraste eg kjem er Peisselskapet sin P40/B40, men den er for stor, og eg syns ramma rundt er for dominerande.

Eg vil ha ein slik "kassett" inn i ein endevegg (ein murvegg som skiller kjøken og stove), og heile peisen (eller er det ovn) skal vere ca. 60x60. Glas på tre sider.

Eg ringde Peisselskapet og dei laga ikkje slik peis etter mål. Han eg snakka med foreslo at eg spurte ein murar/glasmester om å lage det for meg.

Og det kan eg jo, men korleis blir dette i forhold til godkjenning og slike ting? Og vil eg faktisk få ein velfungerande peis? Eg er redd for å få noko som er "sånn passe", og som kanskje vil sote! Peisen vil havne i samme linje som ei rekke med kjøkkenskap; kor tjukk brannmur må ein ha i bakkant av ein peis?

Er det nokon som veit meir enn meg om slike ting? Er det mulig å bygge sjølv, med godt resultat? Dette er ein kose-peis helst, så vi treng ikkje tenke så veldig på at den må ha optimal effekt og slike ting. Men det er jo hyggelig om den gir litt lunk dersom varmepumpa får hikke...

   #1
 1,818     Skogsvåg på Sotra     0
Dette er helt klart "mat" for en murer. Ikke alle murere har kunnskap/kjennskap til ildsteder, men flere av de har utmerkede kunnskaper om alt det du lurer på. Det trenger heller ikke bli rådyrt.
Signatur
  (trådstarter)
   #2
 1,943     0
Så bra! Hadde vore veldig fint om vi kan få til noko som ikkje blir spesielt mykje dyrare enn ein ferdig-peis eller ovn. :)

Vi skal ha murhus, og skal ikkje bygge det sjøl. Får la bygging av ildsted vere del av jobben dei skal gjere Smile