10,452    8    1  

Rais Q-20 vedovn

 54     Rogaland     0
Rais har kome med ein ny vedovn Q-20 (http://www.rais.no/3072.aspx?product=4841). Nokon som har sett denne i "levande live"? Vår lokale Byggmakker skal vistnok få denne inn om ca ei veke. Virkar veldig stilig, men er litt spent på kor stor den faktisk er. Har inntrykk av at den kanskje er mindre enn den ser ut på bildene?

   #1
 54     Aust Agder     0
bumper denne...
Lurer på det samme. Trenger en ovn med mulighet for rotering som ikke er rund i kantene..

noen som kjenner denne nye rais modellen??
   #2
 11     Hadeland     0
Målene står jo på siden det er linket til.  Trykk på spesifikasjoner
   #3
 5,336     Tromsø     0
Og der står tilogmed Brennkammerets indre mål 308 - 275 - 558 mm. Og 558 ser ut til å være på høykant. Det betyr at vedlengde 30 cm faktisk blir litt i lengste laget om veden skal legges, alle bildene viser bål med vedkubber som står på skrå og lener seg mot hverandre. Kanskje stilig, men innmari upraktisk, ikke minst vanskelig å tenne opp.
Signatur
  (trådstarter)
   #4
 54     Rogaland     0
Som KjellTS skriv står spesifikasjonane på nettet nå ja. Men det gjorde dei ikkje då eg skreiv innlegget i september.

Me fekk vår Q-20 for ei veke sidan. Er veldig fornøgd med den. Var litt redd at det var meir design enn varme i den, men den varmer veldig bra.

30 cm er max vedlengde, men det går. Legg dette inn i ovnen. Har ikkje prøvd veden ståande slik som på bildene på nettet. Sotar ein del før den blir skikkeleg varm, men mulig dette er fyringsteknikk i tillegg til at eg føler veden er litt rå.

Ein ting som ikkje gjekk fram av bildene på nett, er at du opnar ovnen på sida.
Rais Q-20 vedovn - CIMG0932.jpg - rolfmagne
Rais Q-20 vedovn - CIMG0933.jpg - rolfmagne
ocf
   #5
 21     0
Vi vurderer denne ovnen sjølve. Har ikkje sett den anna en i kataloger, så er litt usikker på om den er slik i virkligheita. Men virker som dere er veldig fornøgde med den iallfall! Noe meir erfaring med sotingen? Kan du ta eit bilde av ovnen med åpen dør også? Kva betalte dere for denne ovnen?
  (trådstarter)
   #6
 54     Rogaland     0
Er svært fornøgde med den ja. Sotinga er fyringsteknikk. Byrjar å få draget på det nå. Må ha døra litt på klem i starten så går det veldig bra. Brenn ganske reint, men litt sot i venstre kant og øvre venstre hjørne som du ser på bildet.

I prislistene til Rais står det 29900 på ovnen. Me har bygd nytt hus og kjøpt mykje hos denne forhandlaren og fekk ein noko betre pris.

Var litt uheldige under oppfyring fyrste gong. Kom i skade for å ta på topplata noko som satte fingermerker på den pga lakken herder under fyrste oppvarming. Måtte pusse ned plata og lakke på nytt. Men dei hadde original maling og blei heilt bra etterpå. Men fruen i huset vart jo litt stressa...  :-\
Rais Q-20 vedovn - CIMG0944.jpg - rolfmagne
Rais Q-20 vedovn - CIMG0946.jpg - rolfmagne
ocf
   #7
 21     0
Takker for god informasjon og nye bilder! Ikkje for å mase formykje, men må man spesifisere hvilken side døren skal stå ved bestilling, eller er det dør på begge sidene? Har du Air-system på ovnen din, dvs rør inn i ventilert pipe?. Ser dette er "option" Vi har veldig lyst på ein slik ovn, men får se ka priser vi får først... og kanskje finne ein forhandler som har den i butikk slik vi kan se den

  (trådstarter)
   #8
 54     Rogaland     1
Det er bare å spørra! Det er det dette forumet er til! Har sjølv hatt stort utbytte av forumet i vår byggeprosess!

Du får kun døra på høgre side.

Air-system kjenner eg ikkje til. Vil det seie frisklufttilførsel? Me har ikkje det då selgar meinte det ikkje var nødvendig i vår bolig (ikkje styrt ventilasjon). Stod noko om Airsystem i bruksanv, men det trur eg ikkje eg las så grundig...  :)

Veit ikkje kor du held til, men Varmefag i Stavanger hadde i alle fall ein utstilt for nokre veker sidan.

Edit:
Fann bruksanv. Står lite der om Airsystem anna enn på delelista. Men det er hol i botn og botn bak på ovnen for tilkobling av røyr for friskluft.