451    22    1  

Riva delar av pipa i Leca?

 2,984     Vestlandet     0
Bolig på 2 etasjar med kaldloft.
Pipa i Lecaelement på om lag 7 meter.
Ingen bering i pipa, såvidt eg kan sjå. 
Pipa er montert på ein sokkel av betong i sokkeletasjen og går gjennom bjelkelag og mellom takstolar. 
Pipa står inntil berevegg av Leca i sokkeletasjen. 
Feieluka til pipa i sokkeletasjen. 
Pipa, og spesielt denne betongsokkelen/banketten, er i vegen i sokkeletasjen. 

Er det gjennomførbart å fjerna kun den delen av pipa som går gjennom sokkeletasjen? 

Pipa må då nødvendigvis kvila på bjelkelaget mellom sokkeletasje og hovudetasje. Bjelkelaget har eg tilgang til frå undersida og kan forsterkast. Bjelkelaget kviler på Lecamuren som pipa står inntil i sokkeletasjen. Eg anar ikkje kva 4,5 - 5,5 meter (1 1/2 etasje) lecapipa veg, men det er vel kanskje mogleg å oppretta kraftig nok bering til den? 
Feieluka kan monterast i same etasje som vedovn? 

Alternativet er å riva heile pipa og montera stålpipa, men det ser ut som det fort vert fleire titals tusen. 

Det er i all hovudsak denne sokkelen til pipa eg MÅ ha vekk. Men eg treng ikkje pipa i sokkeletasjen, så det hadde vore bra for plassutnyttinga å få den og vekk. Ein nabo foreslo å fjerna heile pipa i sokkeletasjen. 

Eg ser det er nokre tråder der fjerning av nedste del av tegsteinspipa er fråråda, mykje pga bering og vekt på pipa. 
Signatur

   #1
 6,402     Akershus     0
Kortversjonen av svaret her er *NEI*

Er en grunn til at pipa settes på støpt plate...


.Thag
  (trådstarter)
   #2
 2,984     Vestlandet     0
Har tenkt den tanken eg og. Men eg hadde jo eit håp om at ei lecapipa ikkje vor meir enn at det var mogleg å bera den med ein bjelkekonstruksjon i etasjeskillet.

Det var jo litt nedtur.

Då er alternativa igjen å få fjerna kun den støypte plata rundt pipa, eller riva heile og montera stålpipa. Eg kunne tenkt meg det siste, men er redd det hamnar på 20 000kr - 30 000kr i berre delar. Det har eg vanskeleg for å ta meg råd til.
Signatur
   #3
 50     vestlandet     0
Kan du ikkje berre rive resten av pipa også, og sette inn stålpipe frå omnen i hovudetasjen og vidare oppover?. Eg gjorde det motsette av deg og reiv øverste halvdel av ei lecapipe og erstatta den med stålpipe. Einaste tilpassinga eg måtte gjere var å lage ei litt større dekkplate i himlingen i stova, og litt tilpassing av taksteinen elles gjekk stålpipa rett opp gjennom det gamle holet.
  (trådstarter)
   #4
 2,984     Vestlandet     0
Jo, eg kunne sjølvsagt gjort det, men ei stålpipa er ganske dyrt. Det betyr at eg må prioritera vekk noko ana i huset.

Om det var mogleg å riva delar av pipa, kunne det sikkert vore gjort for eit par tusen, ikkje eit par titals tusen.
Siste redigering: Thursday, April 30, 2020 11:35:11 AM av Komlo
Signatur
   #5
 50     vestlandet     0
Ja, det er utan tvil ein frisk frisk meterpris på stålpipe, trur mi kom på rundt 20 laken for fire-fem meter pipe med takhatt og all anna moro. Fordelen er sjølvsagt at du får disponere kjellaren fritt, og kanskje får frigjort litt areal i stova, sidan omnen kanskje kan plasserast der pipa står i dag. For vår del vart det siste avgjerande, ettersom det opna opp stova og gjorde at vi fekk innsyn til peisen. Men no var det vel ikkje renovasjon av hovudetasjen som var tema for denne tråden. Lukke til med arbeidet.
  (trådstarter)
   #6
 2,984     Vestlandet     0
I hovudetasjen, der vedovnen står, vil det nok vera fint med ovn der pipa står i dag, men det vil utgjera liten forskjell. Det vert nok av plass rundt ovnen uansett.

I kjellaren må eg derimot absolutt få vekk betongfundamentet pipa står på. Då begynte eg å leika med ideen om å fjerna pipa og i kjellaren.

Stålpipa var første tanken, heilt til eg såg prisane. Eg hadde ikkje sett for meg 20 - 30 000kr for ei stålpipa over 1 1/2 etasje.
Signatur
jaf
   #7
 6,305     tromsø     0
Grav under senter av pipen. 20x20 tunell og fyll denne tunnelen med støp. (sand, sement og singel)(tørr blanding) Stamp betongen med en 2x4. Etterpå fjerner du alt på venstre side av fundament. Sett opp 3 bord i en enkel forskaling, støp. Så gjentar du prosessen på høyre side. Kostnad : 3 sekker sement, 7 sekker sand og noen bøtter singel. Støp gulv mot den nye slanke klossen. Hos meg så pipen sokkel ut som en vin glass før gulvstøping. Kostnad ca 500-1000 kroner. Om du vil det skal se ekstra stert ut, så kan den nye sokkelen være 25mm tykkere en pipe alle veier. Jeg brukte tre forskaling. De ser da veldig bra ut. Så støpes gulv mot den nye sokkelen. Frode på forumet har en tråd, der han plages med akkurt det samme. Alle som senker, kommer "plutselig" på  hva gjør en med pipen ? En murer med en litt erfaring burde kunne gjøre jobben for 10 000,- Hva med å legge ut jobben på finn. Mange polakker er flinke. Det burde styrkemessig gå å fjerne halve pipa i kjeller. Hvis den tar for mye plass. Jeg ville behold pipe i kjeller. Det er styrke i pipen og etter gulvstøp, vil nytt gulv, bli støpt mot pipe sokkel. I denne tråden er det flere bilder av understøpingo av pipe. Pipen i tråden, understøpes 85cm i høyden ? Det er 7 bilder av understøping pipe /ferdig ny pipe sokkel i tråden.  https://byggebolig.no/tilbygg-pabygg/olechrd-totalrenovering-av-hus-fra-1919/?all      Dette står også i tråden over -Støpt gulv i kjeller. Leide inn et firma til dette, og angrer ikke. Gulvstøpen var unnagjort på knappe 2 timer, og så kom de tilbake for å kjøre helikopter. Resultatet ble helproft, så nå vanner jeg i vei
Siste redigering: Friday, May 1, 2020 10:04:23 AM av jaf

  (trådstarter)
   #8
 2,984     Vestlandet     0
Det ser vel ut som eg må gi opp håpet, og la pipa stå. Eg får heller fjerna sokkelen på den.

Riva delar av pipa i Leca?  - DSC_1265.JPG - Komlo

Tankan er å ha soverom til jentungen inst her (ca 2,8x2,9m). Før det soverommet vert det knøttlite vaskerom/teknisk (ca 2x1,5m) rom mot grunnmuren til venstre. Pipa vert då høgreside av opning i liten gang. Denne gjennomgangen vert då om lag 2m lang og 1,4m brei. Ved pipa vert lysopninga då kun 0,8 - 0,9m brei for gjennomgang.

Utan pipa kunne eg ha utvida vaskerom/teknisk til 2x1,8 - 1,9m og fortsat hatt breiare opning.
Riva delar av pipa i Leca?  - DSC_1267.JPG - Komlo

Det grå feltet på pipa, der pussen er vekke, var karm på 90-dør.
Riva delar av pipa i Leca?  - DSC_1265.JPG - Komlo
Signatur
jaf
   #9
 6,305     tromsø     0
Det går fremover. Du kan uten videre kappe av halve veggen mellom pipe og dør opp til underkant lysåpning dør ?  Da blir lysåpning 1,3 meter ? Men ville gort det etter støpejobb er ferdig ? Så lenge pipe står, burde hele veggen mellom pipe og dør fjernes ? Ville hatt igjen en kant over dør. Den holder press mot pipe og yttervegg sideveis. Nede vil nytt betong gulv holde yttervegger ute.
  (trådstarter)
   #10
 2,984     Vestlandet     0
Den veggen mellom pipa og yttervegg tenkte eg å mura oppmed noko blokker oppå betongsåle. Den vert om lag 1,5m. Den er tenkt som sidevegs avstiving for grunnmur. Det er nok kanskje lurt å ha noko over opninga bort til pipa og. Då vert veggen akkurat som den var, berre utan dørkarm.

Signatur