364
31
0
Dreneringsrøyr fordelarskap
3,013
Vestlandet
0
Kva type røyr og kva dimensjon skal brukast til dette?
Eg må leggja dette klart frå eit framtidig Fordelarskap til vaskerom før eg kler ein vegg.
Eg må leggja dette klart frå eit framtidig Fordelarskap til vaskerom før eg kler ein vegg.
Signatur
Eg las ein plass 32mm avløpsrøyr, og tinga det, men byrja å tvila.
Eg får snart nokon meter 25mm Sanipex røyr i røyr. Då kan eg kappa av ei lengd av varerøyret og nytta det?
Kunne ein lika greit ha nytta 25mm K-røyr for straum til dette?
Du skal bruke det som følger med fordelerskapet. Og også evt tilleggsutstyr som kan kjøpes med.
Hvilket system tenker du å bruke?
Las at det var idiotsikkert å kopla sjølv, så tenkte det var lurt. Ser no at det er grisedyrt. Dei tengene kostar jo ei nyra. Eg burde kanskje vald noko anna.
Har ikkje peiling kva delane som skal vera inni fordelarskapet heiter, så eg har sendt litt epost rundt for kjøpshjelp til komplette skap med fordelarar, men ikkje fått svar endå.
Utfordringa er at eg treng to fordelarskap på sikt. Då må eg leggja varerøyr mellom dei, samt drenering frå det eine skapet no medan veggane er opne.
Edit: Per no er det eit midlertidig røyropplegg med 20mm pex med hurtigkoplingar i taket og vvtank i garasjen. Kunne tenkt meg å fått dette vekk, men må fortsatt ha midlertidig opplegg til badet (eit varmt og eit kaldt).
Legg varerøret (til 16) fra der skapet skal være og ned til der dreneringen skal være. Du må ha en drenering pr skap. De kan ikke sammnkobles. Drenering fra Roth, sanipex, og uponer passer fint med varerøret i den størrelsen.
Så lar du bare dreneringsrøret (varerøret) gå ut av veggen nede og setter inn en siklemikk. Billig og riktg.
Så stemmer det at deler er litt dyre men teknologi er overlegen kan ikke skjønne at en kobling her skal kunne feile.
Skap 2 skal liggja i samme etasje (kjellar), i det som vert ei kjellarstove, men det er ei trapp mellom dette rommet og vaskerom/teknisk rom. Over skap 2 ligg det i dag toalettrom og bad. Dette skal renoverast og få nye røyr i framtida. I dag er det 2 stk 12,7mm koparrøyr som går gjennom etasjeskillet og er felles for bad og toalett.
Det eg trur eg må få til (i rekkjefølje).
1) Leggja 20mm Sanipex r-i-r mellom fordelarskapa. Legg dei bak vegg i trappa før eg kler den.
2) Leggja dreneringsrøyr for skap 2 i vegg bak trappa og fram til vaskerom/teknisk rom før eg kler den.
Dette MÅ eg få gjort no, så eg får kledd trapperommet, då me akkurat har bestilt trapp.
3) Kjøpa og montera dei to fordelarskapa med all innmat.
4) montera føringsrøyra mellom fordelarskapa.
5) montera midlertidig kopling frå skap 2 til 12,7mm koparrøyra til bad/toalett over, montera ny vvberedar (midlertidig i vask/teknisk rom og kopla den til skap 1. Samtidig kopla kjøkken til skap 1 permanent.
Då skal ting vera klart slik at eg kan fjerna midlertidig vvberedar og midlertidig røyropplegg i kjellarhimling. Eg kan då trekkja røyr til dei nye skapa etterkvart som eg renoverer bada. Før den tid skal eg fortsetja på 3 soverom, ventilasjon, gang, trapp osv.
Tenkjer eg riktig viss eg då legg klart 3 stk. 20mm sanipex r-i-r mellom plassering av fordelarskapa? 2 er for varmt og kaldt vatn mellom skapa og eit treng eg berre ytterrøyret på for drenering frå skap 2?
Ja men dreneringsrøret skal helst gå ut av vegg i rom med sluk. Det er en uting å legge det inn i ett annet skap. Både skap 1 og skap 2 skal ha drenering. Denne må komme ut lavere enn skapet og må komme ut i rom med sluk (eller i nøden kun rom med vannstoppventil)