156    6    0  

Hjelp med planlegging av røyr

 2,984     Vestlandet     0
Eg er i gang med å renovera sokkeletasjen min no. Seinare skal første etasje renoverast. Eg treng derfor hjelp til å planleggja korleis eg best skal leggja opp røyr. Eg skal om ikkje alt for lenge støypa ny såle i sokkeletasjen, så eg bør ha klar røyrplassering etterkvart.

Her er planteikning over tenkt ferdig sokkeletasje.
I bod/teknisk tenkjer eg å setja vvtank og plassera fordelarskap for vatn, vaskemaskin samt fordelarskap for vbv. 
Badet til venstre skal ha toalett, dusj/badekar og servant. 
Gjennom garasjen heilt til venstre tenkte eg å trekkja røyr for varmt og kaldt vatn til utekran. 
Hjelp med planlegging av røyr - Kjellar ferdig.PNG - Komlo





Her er tenkt hovudetasje når den er ferdig. Bad til venstre (over bad i sokkeletasje) skal ha toalett, dusj på flis og servant. 
Kjøkken til høgre (som vert rett over sov 2) treng varmt og kaldt vatn til vask og avløp frå vask. 
Eg lurte på å plassera fordelarskap for vbv i denne etasjen i ein av veggane i gang. 
Hjelp med planlegging av røyr - Hovedetg. ferdig.PNG - Komlo

Eg renoverer og endrar romløysing i sokkeletasje først, deretter i hovudetasje. Eg må altså leggja ein del av røyra klart til korleis det skal vera i hovudetasjen seinare medan eg fikser sokkeletasjen. T.d. bad og toalett i hovudetasje ligg i dag der det er tenkt Entre seinare. 

Korleis får eg dette til? Kvar bør ting plasserast? Kva dimensjonar treng eg? osv. 

Det eg ser som størst utfordring i første omgang er at det einaste badet og toalettet i dag ligg i hovudetasjen, over det som seinare er tenkt som garderobe. vatn og avløp går derfor opp og ned der. Eg treng jo eit toalett i huset fram til eg får bygd badet i sokkeletasjen. Eg skal først byggja bad under eit komande bad, så røyra må vera klare for å unnga å opna veggar igjen. Vatn og avløp til kjøkken, som ligg over sov 2, trur eg skal gå litt greiare å få til. 




Slik ser hovudetasjen ut i dag.
Hjelp med planlegging av røyr - Hovedetg. per 30.03.20.PNG - Komlo


Slik ser sokkeletasjen ut per i dag
Hjelp med planlegging av røyr - Kjellar per 30.03.2020.PNG - Komlo


Signatur

TSt
   #1
 14,509     0
Du kan legge kveiler med RiR f.eks. over isolasjon til hovedetasjen. Men da må du åpne gulv helt overifra for å hente opp dette etterpå. Avløp kan avsluttes på samme måte med ters i røret (propp) der en trenger avløp i fremtiden. De skjøter en på dette fra dette punktet.
  (trådstarter)
   #2
 2,984     Vestlandet     0
Du kan legge kveiler med RiR f.eks. over isolasjon til hovedetasjen. Men da må du åpne gulv helt overifra for å hente opp dette etterpå. Avløp kan avsluttes på samme måte med ters i røret (propp) der en trenger avløp i fremtiden. De skjøter en på dette fra dette punktet.

Den er god. Då legg eg klart vatn fram til bad og kjøkken i bjelkelaget. Golvet må uansett opnast heilt når eg fikser hovudetasjen.

Avløp frå kjøkken og bad i hovudetasjen kan eg leggja opp i etasjeskille og setja på lokk, for så å kle inn i veggen i kjellar, slik at det er klart til seinare?
Signatur
  (trådstarter)
   #3
 2,984     Vestlandet     0
Korleis skal eg løysa utfordringa med røyra som er i bruk no, men som ikkje skal vera i bruk seinare?
Signatur
  (trådstarter)
   #4
 2,984     Vestlandet     0
Korleis skal eg løysa utfordringa med røyra som er i bruk no, men som ikkje skal vera i bruk seinare?

Dei kan stå, og så kappar eg dei og set lokk på før eg legg golv, i følje røyrleggjar.

Kva dimensjon treng eg på RIR til dusj, servant og toalett?

Bør eg leggja dette i separate røyr frå fordelarskap i teknisk rom gjennom kjellar og opp til framtidig bad, eller bør eg ha eit fordelarskap i etasjen over?
Signatur
TSt
   #5
 14,509     0
Avhenger jo en del av avstander og en del av hvilken mulighet du har til å føre frem en mengde rør.
Jeg har vært med å sette opp to mindre fordelerskap et sted i tillegg til en på vaskerom hvor alt kom i fra. Da får en varmt vann raskere hvis uttak benyttes etter hverandre. Men kan kanskje få mere reguleringsproblem på dusj ved samtidig bruk annet sted.
  (trådstarter)
   #6
 2,984     Vestlandet     0
Eg vil kun ha vad og kjøkken i kvar sin ende av hodudetasjen som skal ha vatn.
Bad i sokkeletasjen ertt under badet i hovedetasjen.
Utekran med varmt og kaldt vatn.

Eg lurer på om eg skal gå For Sanipex. Det er dei eg treng den verktøykofferten, og som er enkel/"idiotsikker" å kopla?
Signatur