6,588    8    1  

Innebygd armatur

 455     0

Kona ønsker seg innebygd armatur på badet. Er det noen standard for hvordan dette kobles inni veggen? Det følger vel gjerne med et opplegg som bygges inn i veggen med koblinger osv for deretter å koble på det som blir synlig utenpå veggen?

   #6
 1,943     1
Eg fyller på i denne tråden...

Vi ønsker oss innebygd armatur på bada. Tok kontakt med selgar hos rørleggerfirma og spurde om dette ville medføre mykje mikkmakk og ekstra, og lurte på om ein kunne løyse lekasjeproblematikken med membran inne i kasse/vegg. Det sa han var ok, men nå har han funne ut at Tek10 krev eit vanntett skap per innebyggingsdel. Det er snakk om mellom 2000 og 3000 per del. Vi har tre vaskekranar, to termostatar for dusj, termostat og tut for badekar + dusjslange, og to takdusjar. Mykje pengar med andre ord, og noko vi trudde kunne løysast med membran i staden.

Når eg les Tec10 står det ingenting om at det MÅ vere skap. Det står derimot at veggen/kassen må sikrast mot lekasje, med eit vanntett skikt, og sjølvsagt åpning nede slik at eventuell lekasje renn ut på golvet.

Er det nokon som veit om det MÅ vere eit metallskap inne i veggen? 
   #7
 21     Sogn     0
Eg har ein Hansgrohe I-box innbygd i vegg, og har ikkje brukt noko boks. Flytta inn 2011.
Men, det er ein stett som vart bygd etter at rommet var tett - slik at eventuell lekasje vil då renne ned inni støtteveggen og ut hol i bunnen og ut på golvet og deretter ned i sluk.

Skaden vil då vera begrensa til den støtteveggen, mens resten av huset vil vera upåvirka.

Veldig fint og plassbesparande med innbygde armatur!

   #8
 1,943     0
Nettopp - jo, eg syns det ser fint ut å ha det rett ut av vegg - også fint i forhold til reinhold Smile

Så din rørleggar ønskte ikkje å ha dette inn i skap altså? Eg forstår jo at det er veldig praktisk og enkelt med skap, men for oss vil dette utgjere minst 12 000 kroner ekstra i forhold til membran. Om det er eit absolutt KRAV i forhold til tek 10, så kjem vi sjølvsagt ikkje utenom.

Forstår også at det er veldig viktig å ha lett tilkomst til røyropplegget inne i veggen. Rørleggar ønsker derfor at skapa blir satt slik at dei kan opnast i naborommet for inspeksjon. Det er berre mulig for eit av bada - og da får vi luka på veggen i stova. Må vi verkeleg det altså? Om det er lekasje i veggen, og vi ser at det dryp ut på golvet, så er vi sjølvsagt førebudd på å demontere kassen inne på badet.