2,950    1    1  

Digiheat8 (Glen Dimplex) - hack av radioprotokoll

 9     0
Er det nokon som har erfaring med overstyring av Digiheat8 sentral for Dimplex panelovnar ? Dvs, interfacing til RF protokoll (868MHz) for å styre radiomottakarane i ovnane frå PC/PLS istadenfor Digiheat8 sentral. Styring av komfort/nattsenking frå sentralenhet fungerar forsåvidt fint, men aktuell målt temperatur for kvar enkelt panelovn kjem frå temperaturfølar i underkant av ovn. Ved montasje av panelovn under vindu (og evt med lite isolasjon i yttervegg (70 tal standard)) blir det eit problem med kaldras frå vindu, spesielt ved lufting vinterstid, som gir feil temperatur ved temperaturfølar. Resultatet blir at termostat ikkje klarer å regulere temperaturen i rommet.
(Digiheat8 sentralenhet kan også brukast som romfølar men dette gjeld jo kun for det rommet der den er fysisk plassert sjølvsagt.)
Eit rom har eg byggt om med ELTAKO trådlaus veggfølar med setpunkt justering/nattsenking og ELTAKO aktuator plassert i på-vegg boks ved panelovn (og fjerna Dimplex radiomodul frå panelovn). Det fungerar strålande sidan ein då får målt temperaturen på eigna plass i rommet men har då altså ikkje lenger ur styring frå Digiheat8.
Idellt sett ville eg heller sette opp romfølarar i kvart rom, hente desse inn til ei sentral styring og så styre kvar enkelt panelovn/sone frå sentralstyringa (altså kaste ut Digiheat8 kontrolleren) via Dimplex sin radio protokoll.
Så, det som trengst er altså kunnskap om Dimplex sin RF protokoll, eit radiointerface og dertil eigna styring. Frekvens er 868MHz og dataformat, modulering, etc er antakelegvis ikkje så forskjellig frå andre "typiske" 868MHz system.
Så tilbake til det opprinnelege spørsmålet; Er det nokon som har ein ide om Dimplex sin RF protokoll ?
Signatur