109    1    3  

Oppdatering av solfangerkontroller i 2023 - integrasjon mot smarthusprotokollar?

 1     Lørenskog     2
Først litt bakgrunnsinformasjon:

Borettslaget vårt blei etablert i 2017, byggeperioden gjekk frå 2015 til slutten av 2016. Vi har 72 rekkehus fordelt på rekker av ulik størrelse og orientering.

Husa våre blei levert med solfangeranlegg, akkumulatortank og vannbåren varme i golv. Dei aller fleste husa har sørvendte solfangarar, men nokre har to solfanger-collectorar i øst-vest-konfigurasjon.
Det blei i tillegg lagt opp rør for peis med vannkappe, som man kunne få installert under bygging som tilvalg. Dette blei sørgelig undersolgt av utbygger, noko som medførte at det kun var eit par-tre stykker som valgte dette. Men røropplegget er altså på plass og klart for ettermontering, noko ein (eg) andelseigar har fått utført i ettertid. 

Anlegget er trykksatt, og det er styrt av ein SR1568-kontroller, og det er påkopla ein 400-liters akkumulatortank frå Høiax med termosjikt. I tanken er det ein coil for solfangeranlegget, ein coil for golvvarmen, eit 5kWh element og eit 1,4kWh spisslast-element. 1,4kWh-elementet kan tidsstyres gjennom SR1568-kontrolleren, medan 5kWh-elementet går utanom. 

Golvvarmen har i tillegg ein el-kassett ("Gekko") for å sørge for golvvarme i tilfelle kritisk feil på solfanger/akkumulator-tank. 

SR1568-kontrolleren, som vi kun finn igjen på kinabutikkar som aliexpress og så vidare, var opprinnelig tilkobla nettet via ein RS485-WiFi-modbus. Men då den kun kommuniserte med ei lukka skyteneste var det lite fornuftig å få ut av den. Vi har heller ikkje klart å tappe ut data-pakkar frå denne. Det har vore eit par av desse som har måtte byttes ut, og med dei siste års utfordringar med leveransar frå Kina så er det eit ønske å gå vekk frå denne.

Det er Wilo pumper på både solfangersløyfe og på golvvarmesløyfe, samt på vannkappepeisen si sløyfe. Såvidt eg kjenner til så er det Grundfos Flow VFS-flowmåler. 

Status:

Vi har litt delte erfaringar, borettslaget kan meir eller mindre deles i tre grupper. Den store gruppa i midten lar anlegget surre og gå og bryr seg eigentleg ikkje så mykje om det, anna enn at det er varmt vatn i springen og varme i golvet. Den andre gruppa er dei engasjerte, "teknofile", som følger med på produksjon, innstillingar og effekt, og som gjerne tar ein diskusjon om temaet.  Den tredje gruppa er dei som gjerne ser anlegget røska ut med rør, styring, rubbel og bit, for å brenne det på bålet i lag med alle andre nymotens heksekunstar og trolldom. 

I det store og heile så har anlegga fungert tilfredsstillande for dei aller fleste. Nokre har hatt veldig god effekt, gjerne då dei som har tilpassa forbruket sitt av varmtvatn, medan andre ikkje opplever at dei har så mykje effekt men som har det likevel ved at straumrekninga blir lågare. Nokre få har hatt til dels store problemer med anlegget eller veldig liten effekt. 

Problem:

Hovedproblema har vore trykkfall, knuste rør og ødelagte festebrakettar som følge av snøfall/is, manglande produksjonstall pga feil på flowmåler og/eller kontroller, i tillegg til ein og anna ødelagt sensor. Men vi har også hatt eit par anlegg der det har vore feilmontering, der sensorar har vore på feil side, etc. 

I dag:

Vi står no i starten av ein prosess der vi vil ta golvvarmen vår inn i 2023, og gjere det mogleg å integrere det i nyare smarthus-protokollar. Og i den samanhengen så ser vi på om det er mogleg å gjere det samme med solfanger-anlegget. Dessverre erfarer vi at det er vanskelig å finne fagfolk med tilstrekkelig kompetanse og kapasitet til å bistå oss. Dei som har kompetansen har gjerne ikkje kapasiteten til å ta eit heilt borettslag på 72 hus, eller så er dei meir retta mot det kommersielle stormarkedet og jobbar med svære anlegg. Så vi blir anten for store for dei vanlige rørleggerbedriftene som har kunnskapen, eller for små for dei store.

Råd og tips vi treng:

Det vi i hovedsak er på jakt etter er alternativer til SR1568, som kan kontrollere minimum 2 solfanger-collectorar og 1 vannkappepeis, og som fortrinnvis kan byttes like for like inn i eksisterande anlegg med lite ombygging. Moglegheit for å visualisere effekt/produksjon i til dømes Home Assistant eller andre smarthus-dashboards er absolutt eit pluss, då eit av hovedproblema våre er manglande synligheit av effekten.
 
Vi har sett på mellom anna Sorel og Resol i Tyskland, i tillegg til Regulus i Tsjekkia.

Vi ser at det som truleg er produsenten av SR1568 har komme med ein oppgradert modell, SR208C WiFi, men som sagt, det er eit ønske å bevege seg vekk frå å måtte bestille på aliexpress og så vidare.

Vi har også merka oss LK150 Smartsol frå Sverige, og ser at Ahlsell har LK-produkter i sortimentet, utan at dei har spesifisert denne. Men då er i alle fall leverandørkjeda oppretta.  Er det nokon som har erfaring med denne?

For oss ser dei Sorel, Resol og LK150 Smartsol mest attraktive ut, men det er veldig lite konkret informasjon å finne om dette i Norge, så derfor leitar vi med lys og lykte etter tips og råd her! Smile