1,718    2    0  

Solfanger

 249     Nordmøre     0
Leste litt på sida til varmthus.no,http://www.varmthus.no/ventilasjon, ang solfanger. Der er det antydet att man får max 90`c ved -10 `c, er veldig fornøyd med det jeg vist man får det, men får man det?? Noen som har erfaringer med dette, vet du har på bassenget ditt, men 90 `c på vinteren..

   #2
 974     0
http://www.varmthus.no/ventilasjon  verkar med IE men ikkje med Firefox, ser det ut til.

Innstråla energi pr areal rett på sola er ikkje så mykje mindre om vinteren enn om sommaren. Det er litt meir atmosfære å gå gjennom (lågare solhøgt), men det gjer ikkje så mange prosent. Når det er -10 C kan det godt vere at lufta er klarare enn i juni.  Soltida er naturlegvis langt kortare i februar. Det verkar inn på energimengda, men ikkje så mykje på (maks) effekten og (maks) temperaturen.  Sirkulasjonsmengda er også viktig. Står det (nesten) stille, skal det ikkje så lang tid til for å få opp temperaturen.

Eg er litt meir i tvil om kapasiteten. Dei har eit panel-areal på 4,9 m2 totalt, men det kan neppe vere meir enn 4,6 effektivt areal. På dette får dei  4000 W med klar himmel. Solstrålinga er om lag 1 kW pr m2 rett på sola, så då har dei over 85% utnytting. Det kan vere rett, men då skal tilhøva vere heilt ideelle, og du må rette panelet rett mot sola (og flytte det slik at det alltid er rett mot sola). Står det fastmontert, får du denne effekten nokre dagar i året. Her kunne det nok stå "maks".

Konklusjon: Opplysningane er truverdige. Spørsmålet er om dei er noko særleg interessante. Det er vel først og fremst energimengda som er interessant. Temperaturen får du alltids - men kor mykje?