620    9    0  

Defekt reduksjonsventil på kompressor?

 1 387     Tromsø     0
Eg stiller trykk ut på f.eks 6 bar, og etter ei stund er det blitt  8 Sad.
Betyr det at eg må skifte reduksjonsventilen? Kompressoren er vel 1 år gammal og ikkje mykje brukt. Stanley, kjøpt på Jula. Kan det vere garanti på slikt? 

  (trådstarter)
   #2
 1 387     Tromsø     0
Fekk ny reduksjonsventil av Jula, men dei ville ikkje skifte den sidan dei ikkje har verksted her. Eg skifta den sjølv og det ser ut til å vere tett og fungere.


Men plundrete å demontere ventilen. Den er plassert slik at det røde plastrattet kolliderer med tanken når det skal skruast ut. Eg kunne skrudd av hovedbrytaren, men han sat pinnfast, og eg ville helst ikkje ta den laus. Så eg skrudde ut manometra og benda opp den røde plastknappen. Måtte også fjerne plastknappen på den nye ventilen. Så blei alt montert i hop igjen med gjengetape i samanføyningane. Og utan den røde knappen. Må bruke tang eller sage spor i skruen under. Eller kanskje lime den med epoxy?

Trykket både i tanken og i uttak er stabilt, så det ser ut som alt er tett, og den nye reduksjonsventilen gir stabilt trykk ut.
  (trådstarter)
   #3
 1 387     Tromsø     0
Presentasjon av eit problem nedanfor.

Eg blei ikkje fornøgd med løsninga ovanfor, for det er ei mekanisme under det røde rattet som skal halde trykket stabilt, og den fekk eg ikkje montert. Nå får eg ny reduksjonsventil og for å kunne montere den vil eg sette inn mellomstykke der den røde pila viser.
Defekt reduksjonsventil på kompressor? - 20171006_171207_LI.jpg - ariens

Viss eg får reduksjonsventilen ca 10 cm ut frå trykkbrytaren, kan eg skru ventilen på utan å ta av rattet.

Spørsmålet er kva metode som er best.
Alternativ 1:
To 1/4" mellomstykke som kan skruast saman med mutter. Då kjem eg ca 10 cm lenger ut. Desse gir ei grei samanføyning, men som bildet viser, er opningen berre ca 5 mm.

Defekt reduksjonsventil på kompressor? - 20171006_182840.jpg - ariens
Dei to komponentane til venstre er like og blir kobla med mutteren til høgre. Liten opning i dei som bildet viser.

Alternativ 2:
Biltema-niplar 1/4 x 3/8. Dei koblar eg saman med koparrør 12mm og klemkobling, som på vannrør. Eg valde 12 mm for det er vel litt meir solid enn 10 mm.

Defekt reduksjonsventil på kompressor? - 20171006_182902 (1).jpg - ariens

Desse niplane har større innvendig opning, spørsmålet er:

Er klemringkobling sterkt nok for 10 bar trykk?
Eg har ikkje erfaring med røropplegg for trykkluft, så eg veit ikkje om lufttrykket er større enn vanntrykket i kranen. Nokon som veit?


   #4
 4 111     Akershus (Follo)     0
Endel av de koblingene jeg har kjøpt er merket med maks trykk. Nå husker jeg ikke akkurat hva det var, men ialfall over 10bar. Prøv å snu og vende på innpakningen og se om du finner noe. Jeg tror dog at det var de jeg kjøpte på Megafis.
Signatur
  (trådstarter)
   #5
 1 387     Tromsø     0
Nå ventar eg på ny reduksjonsventil, og underveis spekulerer eg på om klemringskobling for vannrør er sterkt nok. Både min bror rørleggaren og Einar_S seier at dei skal halde minst 10 bar, så det burde vere sterkt nok. Forutsett at det er sterkt nok, gir det ei meir fleksibel kobling, og først og fremst større innvendig diameter.
Brukte kompressoren til å spikre opp ein vegg og skifte hjul, og det går bra når eg sjekkar trykket av og til. Men irriterande at eg ikkje kan stole på at trykket er stabilt. Det blir feil både når det er for mykje og for lite.
  (trådstarter)
   #6
 1 387     Tromsø     0
Då er ny reduksjonsventil på plass, eg brukte eit 12 mm rør for å få komplekset med ventilen ut frå trykkbrytaren. Når det kobla med pipefix, treng eg ikkje rotere den store kladasen ved montering, og då unngår eg problemet som var i utgangspunktet. 
Eg har merka koparrøret med svart tusj inntil mutteren så eg kan sjå om koblinga gir etter. I begynnelsen kjem eg nok til å snu kompressoren slik at reduksjonsventilen ikkje gjer skade om koblinga skulle glippe. Eg kan vel også sette ein streng rundt trykkbrytar og reduksjonsventil som ekstra sikkerheit.

I utgangspunktet synest eg Stanley kunne ha gjort det enklare å skifte reduksjonsventil. Eg måtte skrudd ut heile trykkbrytaren med feste skulle eg fått montert det på same måte som før utan å ødelegge reduksjonsventilen. 


Defekt reduksjonsventil på kompressor? - 20171025_135852.jpg - ariens
Siste redigering: 25. oktober 2017 22:11:55 av ariens
  (trådstarter)
   #7
 1 387     Tromsø     0
Etter at alt var ferdig blei eg nysgjerrig og skrudde toppstykket av den defekte reduksjonsventilen for å sjå korleis han ser ut inni. Der var ingen kompliserte deler. Kanskje er meininga å skru toppen av når ventilen skal monterast, så unngår ein at den kolliderer med tanken. Ergerleg at eg ikkje tenkte på det før, men trykkluftverkty er eit nytt område for meg. Sjekka også litt om pressure regulator på nettet, utan å bli så mykje klokare.

Det dårlege bildet viser toppen avskrudd. Ingen lause deler som kan monterast feil.
Men ventilen bør vere nedskrudd til 0.

Æsj, at eg ikkje visste det før Sad

Defekt reduksjonsventil på kompressor? - WIN_20171026_08_28_52_Pro.jpg - ariens

  (trådstarter)
   #8
 1 387     Tromsø     0
Eg blei aldri trygg på løsninga ovanfor, så eg demonterte alt, skrudde toppen avreduksjonsventilen og fekk montert den slikk det var frå begynnelsen. Poenget er altså at reduksjonsventilen må demonterast slik at det er mulig å skru den på plass. Nå fungerer det som det skal.