425    11    0  

Mista peilepinnen ned i kompressoren

 1,387     Tromsø     0
Eg overtok ein gammal og yrkesbrukt Biltema kompressor, men han fungerer framleis fint. 3 hk 24 l. Men så brakk peilepinnen og eg trur han må ligge i bunnpanna. Det ser ut som endelokket på bunnpanna er festa med dei 4 stjerneskruane på bildet. Er det nokon risiko med å ta det laust, må eg evt skifte pakning? Og er det nokon som veit kor mykje olje som skal fyllast på?
På blokka står Lot 012095  Mod 73A0066

Mista peilepinnen ned i kompressoren -  - ariens

  (trådstarter)
   #1
 1,387     Tromsø     0
Etter litt grubling tappa eg ut oljen, ca 2 dl og opna lokket.

Mista peilepinnen ned i kompressoren - c2a86fbdd7b14fc0938c429bde145f7a.png - ariens

Nederste del av peilepinnen låg i botnen, men ein del av plasten er brekt og forsvunnen. Enten most inne i bunnpanna eller mista ein plass utan at eg var klar over det. Målestaven kan ikkje festast til toppen, og eg veit jo ikkje kor lang han skal vere.
Tørka ut bunnfallet, fylte vel 2 dl ny kompressorolje og peila oljehøgda med ein pinne. Ca 2 cm. Så starta eg kompressoren og fylte han eit par gonger. Alt fungerte fint, ingen lekkasje å sjå.

Nokon som veit om oljemengde og -nivå høyrest rimeleg ut?

  (trådstarter)
   #3
 1,387     Tromsø     0
Og pinnen lar seg ikkje reparere. Eg veit ikkje kor lang han skal vere.
Mista peilepinnen ned i kompressoren - 1f29f1ad20e343cd9b162df78b564c6d.png - ariens
   #4
 3,041     Akershus     0
Har Biltema tilsvarende modell i dag? Da kunne du målt på en utstillingsmodell, og, om du er heldig, fører de den som reservedel.

Evt. se om du finner manualen på Biltemas nettside. Mener de har noe gammelt også liggende om den er gått ut av sortimentet. Er det bom så forsøk å kontakt dem for en kopi av manualen. Long shot, men koster ikke mange kaloriene å fyre av en mail.
  (trådstarter)
   #5
 1,387     Tromsø     0
Takk for tips, eg har sendt ein mail til BT kundeservice, så får vi sjå.
   #6
 547     0
Ligner veldig på min kompressor:
Mista peilepinnen ned i kompressoren - 15998500015518799642063926727923.jpg - aklla
Signatur

  (trådstarter)
   #8
 1,387     Tromsø     0
Tusen takk for bilde og info. Nummera er litt forskjellige ser eg, men det liknar veldig. Akkurat nå er eg på hytta så eg får ikkje sjekka ordentleg. Viss din er 3 hk og 24 liter er det sannsylegvis same modell.
Eg ventar på eit svar frå Biltema kundeservice, men eg var også innom BT heime i Tromsø. Han eg snakka med meinte eg hadde fått ein god peikepinn ved å måle kor mykje olje eg tappa ut. Etterpå peila eg oljenivået med ein pinne som når i botnen. Mannen på butikken meinte at 2 dl er i rette området. Eg ser at nivået med 2 dl tilsvarar omtrent det som er på ein Stanley kompressor med v-blokk, der er vindu som viser oljenivået.
   #9
 547     0
Fant dette bilde av en med samme modellnummer( https://www.villhadet.se/for-hemmet/verktyg/kompresor_i2534 ):

Mista peilepinnen ned i kompressoren - 000001061625_3.jpg - ariens
Fant ikke denne lappen på min, men hadde det smått travelt og ikke mulighet til å sjekke nå jeg heller Smile
Relativt sikker på at det er 24 liter også

Vil tippe det bare er forskjellige revisjoner/versjoner av samme motor og at forskjellene, om det er noen, er ubetydelige.
Signatur
  (trådstarter)
   #10
 1,387     Tromsø     0
Den i linken må vere tvillingbroren bortsett frå større tank. Motoren er den same, 2,2 kW/3 hk og S3/25 betyr at motoren skal tole å gå ca 1/4-1/3 av tida, altså ikkje kontinuerleg. Han kompisen som brukte den i yrket sa han har kjørt den atskilleg meir enn det i fleire år, og den går som berre det fortsatt. Nå er min bruk meir begrensa, det må seiast.
Konklusjonen må vel vere at dette er ein veldig bra kompressor bortsett frå dårleg konstruert peilepinne Smile

Viss/når eg får svar frå Biltema skal eg legge det ut her.