128    0    0  

Alternativ til fliser på betongterrasse?

 2     0
For 10 år sidan bygde vi eit tilbygg til kjellaretasjen: Sportsbod der taket bli brukt til terrasse med utgang frå stove. Tilbygget er i betong. Det har ikkje blitt behandla - utanom membran over beslag som ligg inn mot treverk på huset + feste av rekkverk. Har vurdert å legge membran og flisar, men ser at mange får trøbbel med lause flisar pga frost. Pressbetong/trykkbetong har også blitt diskutert, men fruen er ikkje så begeistra for utsjånaden. Epoxymaling kan vere eit alternativ, men litt i tvil om det vil halde seg fint. Ser for meg at det fort blir misfarga "plastiklook". Det er mykje nedbør/sjøluft/barnåler og løv frå naboen, så utfordringane med å halde grønske unna er store. Utfordringar med grønske vil også vere der om eg legg flisar. Nokon som har forslag til korleis betong kan behandlast - på ein måte som er lett å halde reint og som gir tett golv?Alternativ til fliser på betongterrasse? - IMG_7075.jpg - Vestlending07Alternativ til fliser på betongterrasse? - IMG_7076.jpg - Vestlending07