152    2    0  

Takløft og reglar

 13     0
Har i dag einebustad med ubrukeleg og usiolert kjellar (208 cm takhøgd), hovudetasje og loft med saltak (ca 130 cm på det høgste punktet på loftet).

Bustaden står i skrått terreng. I tilknyting til kjellar er det ein integrert garasje. Frå bakkeplan ved garasje til veranda med utgang frå hovudetasje er det 300 cm høgde. Frå verandagolv til gesims er det 240 cm.

Som de kan sjå av teikning vil dette seie 540 cm frå lågaste punkt til gesimshøgde.

I reguleringsplan for området vårt (sist oppdatert i 2006) står det følgjande: 
2.3.2 Gesimshøgde vert her rekna som avstanden frå ferdig planert terreng til krysningspunktet mellom ytre takflate og ytre veggflate, målt der avstanden er størst. Følgjande gesimshøgder er tillatne: 
Bustadområde: 6,5 meter for hovedbygningane. 


Når eg les på dibk.no står det at "...gesimshøyden måles i forhold til ferdig planert terrengs gjennomsnittsnivå rundt bygningen." Vidare "(3) Høyde som beskrevet i plan- og bygningsloven § 29-4 annet ledd, er gjennomsnittlig gesimshøyde for fasaden mot tilliggende nabogrense."

Her frå plan- og bygningsloven § 29-4 annet ledd:
Byggverkets plassering, herunder høydeplassering, og byggverkets høyde skal godkjennes av kommunen. Kommunen skal påse at veglovas bestemmelser om byggegrense og frisikt blir fulgt. Bygning med gesimshøyde over 8 meter og mønehøyde over 9 meter kan bare føres opp hvor det har hjemmel i plan etter kapittel 11 eller 12.

Er det håp om å kunne løfte taket? Skal ha synfaring av entreprenør til veka.


Takløft og reglar - skisse.png - Anonym

   #1
 6,403     Akershus     0
Du sier ikke noe om hvor mye; tenker du å bygge på en hel etasje?

Sier til deg som jeg sier til alle andre med de samme spørsmålene: ta med tegninger til kommunen for en forhåndskonferanse med P&B.


.Thag
  (trådstarter)
   #2
 13     0
Ja, det er ønskjeleg med ein heil etasje over. Pulttak kunne kanskje vore eit alternativ for å redusere høgd. Har saltak i dag.
Ebe
   #3
 4,452     Vestlandet     0
Det er reguleringsplanen som gjelder for deg. De generelle reglene i pbl gjelder bare om planen ikke har egne regler.
Signatur