675
6
0
Greier eg å løfta huset mitt, eller skal eg greva meg ned?
2,987
Vestlandet
0
Eg lurer på nok ein ting eg ikkje har peiling på (som tittel viser).
Huset mitt frå 1970 har 225cm takhøgd i kjellaren. Eg kunne tenkt meg høgare takhøgd og samstundes plass til isolasjon i sålen. Derfor vurderer eg å meisla/grava meg ned.
Dette er dyrt og tar laaaangt meir tid enn eg eigentleg har.
Derfor lurer eg på om det er mogleg å løfta 1. etg. om lag 30 - 40cm i staden.
Huset:
Bygd i 1970
Sokkeletasje i mur (plasstøypt betong?(ser spor etter forskaling)), 1. etasje i 4" bindingsverk og kaldloft
Bjelkelag/etasjeskille mellom kjellar og 1. etasje ser ut til å vera 2"x8" cc60. (dette må sjølvsagt sjekkast)
Sjølvberande tak med Decra eller noko sånt på.
Ei pipa som må løsnast.
ca. 7,5m breitt x 13m langt
Langsgåande berevegg i kjellar i Leca.
Greier eg løfta det av grunnmur for så å bygga denne opp med 30 - 40 cm? Ja, korleis? Nei, kvifor ikkje?
P.S. Eg er litt sterk, men ikkje så sterk at eg skal løfta det sjølv.

Signatur
Å løfte hele huset vil være en enorm oppgave. Absolutt ikke noe man gjør selv.
Hvor mye av grunnmuren stikker opp over bakken?
Grave? Flytte masser? Komprimere? Støype? www.budsjettmaskiner.no Eidsvoll, Arendal. Noe du vil leie ut? Ta kontakt, vi har plass til flere.
Eg tenkte kanskje det var megleg å jakka opp litt av huset,legga nok mellom grunnmur og reisverk det kan kvile på,fortsette på neste punkt. Til slutt ville reisverket stå ein fot over grunnmur emmer nok slikt.då lunner ein forlenga grunnmur med Leca blokker.
De ville ha mer takhøyde
Ser at om omstendighetene er riktige, så kunne jeg også gjort noe sånt. Her er det støpt etasjeskille, så litt vanskeligere å bare jekke opp.
Grave? Flytte masser? Komprimere? Støype? www.budsjettmaskiner.no Eidsvoll, Arendal. Noe du vil leie ut? Ta kontakt, vi har plass til flere.
Eg har nesten 50% større grunnflata enn denne karen (ca 7x13m).
Så dersom eg får tak i heil røys 20t eller 30t jekkar på biltema. Sager ut spor i betongen i grunnmur og får plassert desse rundt huset, plasserer ein del langs bæreveggen, så kan jo dette gå?
Røyr skal flyttast uansett, så det trur eg går greit å ordna.
Elektrisk ned til kjellar er eg usikker på, men eg trur det skal gå greit. Inntakskabel er eg usikker på .
Varmepumpa er festa på grunnmur, så her må ein finna på noko lurt.
Så er det pipa. Der veit eg ikkje kva eg gjer. Innspel?
Men det hadde vore veldig kult å fått løfta huset 35cm. Då står eg igjen med 260cm takhøgd over beting i kjellar. Med 15cm isolasjon i såle, nytt golv og ny himling kan eg ha 240cm takhøgd igjen:)
Lecablokker mellom grunnmur og reisverk?
Grunnmuren er 20cm betong, med ca. 7cm plater med porøsbetong innanfor. Langsgåande berevegg er ca. 17cm Leca.
Karen på AVforum har omtrent lika breitt hus som meg, men mitt er nokre meter lenger. Han har brukt 8 jekkar på 10t- 20t. Kor mange bør eg evt. bruka? Kva bør dei løfta?
Må eg løfta under botnsvill, eller kan eg legga dragar under golvbjelkane og løfta den? Eg før eit stykke på over 5m eg ikkje får løfta under botnsvill pga vindu.
Eg har kika litt på røyr, elektrisk og varmepumpa, og det ser ut som det skal la seg ordna med litt riving, triksing osv...
Då er det pipa som gjenstår. på loftet er det kubba rundt pipa i etasjeskille og mot yttertak. Det ser ikkje ut til å vera feste i pipa. Mellom kjellar og 1. etg. veit eg ikkje. Brannmuren i 1. etg må evt rivast.
Er det vanleg at botnsvill er festa til grunnmur? I mon noverande bolig frå 1950 er det ingen botnsvill, men bjelkelaget kviler berre på grunnmur og berevegg.
Innspel/synspunkt?