3,110    3    0  

Isolere eit rom i garasje - forslag til løysing av ulike delar?

 3     0
Eg har tenkt å skille av eit eige rom lengst inn i garasjen, og isolere dette. I dag er garasjen ikkje isolert, og eg har halvparten av ein dobbelgarasje. Det blir eit relativt lite rom, og formålet er å halde rommet frostsikkert og tørt med tanke på oppbevaringar av utstyr, verktøy, maling og kjemikaliar, og i tillegg kunne varme det opp litt ekstra ved behov. Dvs at eg vil prøve å avgrense tjukkleiken på isolasjonen for å få meir innvendig plass, litt varmetap kan eg tole.

Bakvegg er betong som ligg mot grunn, usikkert om det er isolasjpn på utside, i så fall truleg max 50 mm.
Ein sidevegg er yttervegg, denne har gips pga brannsikring og bordkledning på utsida av 48x98 stender, ingen plater på innside.
Den andre sideveggen er i midten av garasjen mot naboen, dette er ein lettvegg med 48x48 og OSB-plater på begge sider.
Den siste veggen blir ny lettvegg inn mot uisolert garasje der bilen står.
I taket er det W-takstolar. Her tenkte eg å isolere mellom undergurt og legge plater oppå isolasjon for å kunne bruke dette som lagringsplass.

Eg vil ikkje rive bordkledning på utside av garasje, men kan rive OSB-plater på mi side av lettvegg i midten av garasjen.

Tenker i utgangspunktet å bruke OSB-plater eller rupanel på innside av veggar

Det eg ser for meg er at bakvegg anten blir ståande som den er, evt utlekting og isolasjon utan fuktsperre.
Dei tre andre veggene tenker eg frå innsida blir: plater/panel - fuktsperre - isolasjon (100 mm) - vindsperre (der det er mogleg, evt mellom stender) - kledning
Trengs det/bør det vere vindsperre på dei innvendige lettveggane mot resten av garasjen?
Taket frå innside: MDF-takplater - fuktsperre - isolasjon 100 mm - vindsperre (nødvendig?) - golvspon.

   #1
 279     0
hej lite ideder jag er lte svensk norsk så derför lite div uttryck .på mur kan du lima litex eller liknande då får du inge muggproblem veggar kan du isolere mest muli med isolering o bruk ikke plastfolie I ett bygg uten constant varme. på taker bör du fore opp till ca 25 cm 10 cm er ingenting stopper kulda I ca 15 minuter o bruk vindsperre ute og inne så fokten kan vandre bruk ikke plastic job med naturloven Denn bestemmer uansett
Signatur
  (trådstarter)
   #2
 3     0
Det vil alltid vere litt varme på, slik at det er minimum 5-10 grader, og tidvis varmare ved behov. Om sommaren så vil det nok ikkje vere varma opp, slik at det er varmare ute enn inne.
   #3
 279     0
bruk diffbrems ikke plastfolie og hygroskopsisk isolasjon som jobber med naturloven
Signatur