5,591    8    0  

Isolering av betonggolv over kald garasje

 60     Stathelle     0
Har kjøpt nytt hus og med huset fulgte det garasje bygd i betong, med betongtak. Over garasjen er det så bygd eit 16kvm anneks/utebod som forrige eigar brukte til vinterlagring av motorsyklane sine. Annekset er i tre, og isolert godt i veggane, men det er ingen isolasjon i golv, og pr i dag er det berre betonggolv.

Eg har planar om å bruka dette rommet til kontor/musikkrom og vil difor leggja eit golv, helst med varmekablar (folie). Det er imidlertid ikkje plass til å heve golvet meir enn ca 70-80mm. Eg ser for meg fylgjande over betongen:

- Papp/fuktsperre(?)
- 36x48mm lekter med 50mm isolasjon i mellom.
- 22mm sponplater
- 6mm Ebisolplater
- Varmefolie (f.eks http://www.megaflis.no//Varmefolie/Foil_kit_12-14_m2_65w_m2.html)
- Parkett/laminat.

Dette vil etter mi beregning bli berre litt over 80mm og dermed vera greit i forhold til minking av takhøgde. Det som er spørsmålet er om det er nokre farmemoment med tanke på kondens og generelt varmetap nedover til den kalde garasjen?
Burde eg i tillegg isolere i himlinga i garasjen? Kor mykje, i så fall? (Eg veit - standardsvaret er så mykje som mogleg :)

Kva har eg ellers ikkje tenkt på?

På førehand takk for råd! Smile

   #1
 769     Tromsø     0
Hvorfor limer du heller ikke xps og varmekabel samt avretter?
Signatur
   #2
 8,022     Bærum     0
Hvis betongen det er snakk om er slett er det vel ikke noe poeng å rote med avretting. Med folieløsning kan mer av høyden brukes til isolasjon, dessuten hvis ts skal ha tregulv over er det mer hensiktsmessig med svakere w/m2 som i folie.

Syns ts sin løsning virker bra. Legg strimler med svillepapp under tilfarerne. Over varmefolien skal det ligge plast, ullpapp og så parkett/laminat.
   #3
 769     Tromsø     0
Tror du ikke 50mm xps isolerer mer enn 50mm glava?
Signatur
   #4
 8,022     Bærum     0
Forskjellen i isolasjonseffekt på 50mm xps og 50mm glava  er neglisjerbar. Men man kan jo argumentere med at dersom det støpes oppå xps får man ikke kuldebroer i tilfarerne. Men hvis en ikke skal måtte opp i selvbærende tykkelse på avretting, så må underlaget være meget plant og xps'en må hellimes til underlaget. Kan bli litt hasslete.
  (trådstarter)
   #5
 60     Stathelle     0
Tusen takk for svar, begge to.
Sidan dette er eit rom som kan få andre bruksmåtar seinare, så vil eg går for ei løysing som er relativt enkelt å rive opp og koma ned til betongen og full høgde dersom det skulle bli aktuelt. Eg trur difor eg går for opprinneleg plan.
Men held det med svillepapp under tilfararar? Må eg ikkje ha plast mellom isolasjon og betong?
   #6
 4,452     Vestlandet     0
Vi la EPS rett på betongen, så plast og så laminat.

Men det beste for din del er vel å isolere på undersiden av betongen, da holder betongen høyere temperatur, og du klarer deg med mindre isolasjon på oversiden.
Signatur
  (trådstarter)
   #7
 60     Stathelle     0
Er det kurant å lime eps rett på betongtaket i garasjen? Eg kan nok bygge ned i alle fall 70mm. Kanskje 10.

Eirik: Sidan eg skal ha golvvarme kan eg vel ikkje leggja golv rett på isoporen?

  (trådstarter)
   #8
 60     Stathelle     0
Ei utfordring i dette bygget:
reisverket er bygd oppå 15cm høge og 10cm tjukke lecablokker som er støpt oppå betonggolvet. Desse blokkene er ikkje pussa/slemma. Berre malt på utsida.
Det er ikkje meir enn 20mm plass til isolasjon på både utsida og innsida. Kva bør/kan eg gjera her?
Eg må vel først slemme for å tette sprekkene mellom blokkene og tette porene i lecaen. Men kan eg slemme/pusse på utsida der det er malt?

Problemet her er jo at eg ikkje kan heve golvet dei fulle 15cm pga takhøgde - og faktisk pga at døra ikkje kan hevast meir enn 8cm. Eg kan altså isolere rimeleg bra dei første 7cm, men det er dei øverste 8 cm som er problemet. Resten av veggen og taket er isolert med 10cm glava. Finst det ca 20mm tjukke isolasjonsplater som kan funke her? Eg har vurdert eps, men dei smalaste eg har funne er 30mm. Veit nokon om det er mogleg å oppdrive 20mm, og er eps mitt beste alternativ?
Isolering av betonggolv over kald garasje - IMAG0660.jpg - HolgerL
Isolering av betonggolv over kald garasje - IMAG0659.jpg - HolgerL
Isolering av betonggolv over kald garasje - IMAG0658.jpg - HolgerL