(trådstarter)
   #11
 2,984     Vestlandet     0
Når taket er ferdig, med membran, vil jo denne vindsperreduken og fungera som eit undertak mellom isolasjon og luftesjikt. Eg tenkte ikkje ei gong på at det fins andre alternativ, som kanskje er betre. Uansett skal jo taket mitt vera tett, så om eg ikkje gjer noko riktig galt, vil det ikkje vera noko fare for vanninntrenging.

Det som kan vera eit problem om det skulle koma mykje regn før taket er tetta, er jo at den er "for vanntett". IOM at den er montert heilt horisontalt vil ikkje vatn renna av. Det vil vel då kunna vrta såpas store dammar oppå, at det er fare for at duken slit. Eg får heller punktera den nokre stader, for så å teipa den igjen seinare, om det skulle koma regn.
Signatur