#71
 911     Hordaland     0
På denne veggen har eg ikkje klemt vindsperra nede, då den skal teipast saman med vindsperra på eit flatt tak.


Kan det tenkjast at du heller bør bruke musebånd til å feste vindsperrene saman, slik at du også unngår at mus kjem inn bak denne veggen?

  (trådstarter)
   #72
 2,987     Vestlandet     0
Musebånd er kjøpt inn, og skal monterast rundt huset.

Eg forstod det slik at båndet skulle monterast bak den horisontale vindsperrelekta. Har eg tatt feil?
Signatur
   #73
 911     Hordaland     0
Reknar ikkje med du har tatt feil.
Hjå meg brukte eg musebånd istadenfor horisontal vindsperrelekt, slik at vindsperreduken vart kilt fast bak musebåndet. Musebåndet vart festa meir enn godt nok i bunnsvilla bak asfaltplata.
Men sjå ikkje bort frå at eg har misforstått noko av samanhengen i det du skriv.