7,887
9
0
Utforing av vindu i Thermomur.
47
Sunnmøre
0
Hei!
Vurderar å bordkle thermomuren min i stadenfor å pusse. Har ei formeining om at det er mindre og "lettare å få fint" arbeid.
Men; eg greier ikkje å finne ei god løysing på utforing av vindu. Desse er montert i ytterkant av betongkjerna, og det er såleis ca 10 cm frå vindu og ut til ytterkant thermomur. Utanpå thermomuren kjem gipsplate-lekt-bordkledning. Dvs at foringa må vere rundt 15-16 cm djup.
Eg har tenkt at det kanskje kan finnast beslag som ordnar dette, men har ikkje funne noko om dette. Alternativet er vel å bygge ei foring og feste den på eit eller anna vis, men ser ikkje heilt føre meg korleis denne kan festast.
Legg ved eit bilete av vinduage, diverre av litt dårleg kvalitet.
Nokon som har vore borti denne problemstillinga før? Evt nokon som har ein god idè?

Jauda eg kom meg vidare. Har stussa mange timar i dette, og om det vart ei fullgod løysing til slutt får vel tida vise....
Det enda med heilt vanlege 6" impregnerte bord som foringar. Festa desse med CT-1 i glaskarmen, og skrudde dei i lekter ut med bordkledning. Foringa er bygd opp som ei rame som er skrudd saman før montering, så det ser ut til at det sit greit fast.
For å få eit sålebenkebeslag som ikkja laga "hul-lyd", er dette montert med fiberpuss. Det vart rimeleg bra, og trur det skal fungere bra.
Det er heldigvis slik at ein thermomur tålar både vatn og fukt, så om noko skulle vere riv ruskande gale og byrje å råtne, så er det berre å byte glas og foring...
Hvordan løste du det i underkant av vindu? Kun fiberpuss?
Brukar sålebenkbeslag med oppretta kant både bak og på sidene.
Der er eit punkt som er særs viktig, og det er dei to hjørna nede. Her kan vatnet fylgje "kanten" bortover, og "trekke" innover. Bruk difor godt med fugemasse i desse punkta.
Har diverre ikkje gode bilete av dette. Hadde for lite fokus på fotografering då eg gjor dette.