3,339    1    0  

Veranda skal få varmt hobbyrom under

 60     Vest-Agder     0
Ein veranda på 3x4m med tak over skal utvidast 1m for å gi rom til greitt varmt hobbyrom/snekkarbod på 4x4m under. Der er no utebod. Verandaen er no tetta med takpapp og det ligg lemmer oppå. Det er ikkje fall. Tilbyggget vil ikkje få tak over. Hadde håpt å få bruke bjelkelaget (solid, impregnert) i alle fall og berre utvide og lage ein konstuksjon med tekking og isolasjon som ikkje bygger for mykje. Verandaen bør vere i plan med resten av verandaen som ligg inntil, altså ikkje bygge for mykje opp frå bjelkelaget. Og det bør ikkje bygge for mykje under bjelkelaget for at takhøgda under ikkje skal bli for lita. Har gravd ut under for å kunne isolere golvet og få ca 2,30m takhøgde. Men vil helst ikkje komme for langt ned på ringmuren og under bakkenivå/støypt platting. Greitt å ikkje ha for høgt trinn ned ved døra/porten.
Isolasjon kan sjølvsagt ikkje bli allverdens med slike begrensningar, men det kan eg leve med.
Kva er tynnaste og beste løysing for tak/verandagolv i mitt tilfelle?  Bør helst ha ein plan før eg gjer klart til støyping.
Siste redigering: Sunday, August 26, 2012 9:05:31 PM av audiy

  (trådstarter)
   #1
 60     Vest-Agder     0
Bladd litt og forstått at lufting kan vere problematisk når det er flatt. Har tenkt at lufting kan gå opp i den kalde veggen i utbygget (sjå foto) og ut oppe på veggen. (Bjelkane i verandaen ligg på tvers av møneretninga). Det vil vel hjelpe litt på sirkulasjon? Dersom det er lufting å 50mm blir det plass til 15cm isolasjon. Det vil vere til å leve med i denne boda/verkstaden. Finnest det isolasjon som er meir effektiv enn vanleg? Tenkjer på at brannkrav kanskje ikkje er så strenge i eit slikt rom og at det kan vere aktuelt med isopor?
Kanskje trengst det ikkje fall i den gamle delen under tak, berre i den nye som vil stikke 1m ut forbi taket. Evt kan det gamle golvet tiltast litt uten å rive og bygge nytt. Takrenna vil bli under den opne verandaen. Er det aktuelt å bygge vidare på den pappen som er eller trengst det betre membram/tekking? Må i alle fall bli betre avslutning mot vegg enn det som er no. Oppå blir det lemmar med lekter som er skråskorne for å nulle ut fall.