11,790
28
0
Innsatspeis med vannkappe. Seriøst alternativ til vedkjel?
268
Ja
0
Skal ha vannbåren varme, men slit fælt med å bestemme meg for oppvarmingskilde i mitt planlagte hus. Har vore mykje inne på tanken om vedkjel, men i det siste har eg grubla meir og meir på innsatspeis med vannkappe. Desse kjem jo i variantar med temmelig høg effekt (opp til 24-30kw), altso i samme kaliber som vedkjelar frå eks Atmos. Når eg byrja å gruble på vannkappe var første tanke vanlig vedovn med vannkappe, men fant fort ut at dei fleste av desse gav for lite effekt til vatnet og for mykje til luft. Dette problemet er i følge reklamen ikkje so stort på innsatspeisane, då dei vistnok skal klare å avgje opp til 90% av varmen til vatn med ekstra isolasjon og dobbelt glas i front. Det vil mao sei at eg med ein 20kw innsastpeis kan få so lite som 2kw varme avgitt til lufta rundt, og det skal gå bra då eg har forholdsvis stor stove (66kvm)+ open løysing opp til 2 etg.
Men dette er på papiret. Vil stova mi bli reine steikeovnen med ein slik peis?
Økonomien i dette treng vel ikkje nødvendigvis bli so dårleg heller. Ein burde vel kanskje få få peis, akkumulatortank, røropplegg og styring (eks gulvrør og fordeling/styring av desse) for 50-70000? Peis eller ovn ville eg hatt uansett, og ein slik kostar fort 15-20000 so desse pengane er jo på ein måte "spart" ved å velge denne løysinga.
Er takknemmelig for alle tips
Men dette er på papiret. Vil stova mi bli reine steikeovnen med ein slik peis?
Økonomien i dette treng vel ikkje nødvendigvis bli so dårleg heller. Ein burde vel kanskje få få peis, akkumulatortank, røropplegg og styring (eks gulvrør og fordeling/styring av desse) for 50-70000? Peis eller ovn ville eg hatt uansett, og ein slik kostar fort 15-20000 so desse pengane er jo på ein måte "spart" ved å velge denne løysinga.
Er takknemmelig for alle tips
2 KW over litt tid gjør det nok "litt lunt" i stua, men med åpen løsning opp burde det fungere i praksis også.
Kva størrelse på innsatspeisen tenker du på då?
Har ikke bestemt meg, men ser de fleste er ca 20 kw. Tanken er på 1500 liter.
Gidder overhode ikke og sitte i kjelleren som en fyrbøter, kommer til og fyre når jeg føler for det, resten tar el-kolben seg av, skal lage to vednisjer (skjulte) som rommer ca 10m3.
Eg ser det på same måten som deg, fyr når ein gidder. Men lurer litt på dette med seriekopling av ein stor og ein liten tank. Med elkolbe i kun den minste (evt liten kolbe som frostsikring i den store). I mitt perspektiv er det ugunstig å måtte holde tempen oppe på fleire tusen liter vatn når ein ikkje fyrer med ved.
Det blir nok peisinsats med vannkappe i stua til vinterbruk, samt "peiskos" som kona krever.;-)
Tenker så på å få luft-vann varmepumpe som kan ta seg av å holde det jevnt varmt når det ikkje fyres.
Lurer så på å sette opp eit par solfangere som sommerstid kan ta seg av varmtvatnet.
Kordan vil dette fungere egentlig. Kan ein risikere at varmepumpa som jobber jevnt, vil holde det så varmt at tanken ikkje tar unna varmen fra vedfyringa? Eller justerer ein varmepumpe/elkolbe slik at det er god plass for meir varme når ein fyrer i peisen?
Ein treng kanskje ekstra stor akumulatortank da, for at ein skal ha rikelig med varmtvatn tilgjengelig, men og kapasitet for å hente varme fra vedyfring og sol sommerstid?