43    0    0  

Balansert ventilasjon med integrert komfyravtrekk

 651     Sunnmøre     0
Er det nokon her som har erfaring med montering og evt. støy ved bruk av eksempelvis Flexit K2.1, Villavent/Systemair Save VTR 100B eller tilsvarande?

Vurderer ei slik løysing men det er trangt ift. dei eksisterande Ø125 kanalane som går rett ut. Her blir det berre 450 mm over benkeplate og ikkje mogleg med lydfelle til luft inn/ut. Er usikker på om eg i det heile får bøyd unna for "exhaust air" den kanalen som kjem opp rett under utkast røret. Blir i so fall ein god knekk med dertil fare for endå meir støy...

På skissa under er det på toppen av aggregat frå venstre utkast luft, avtrekk, tilluft og uteluft inn. Konflikt blir det mellom dei to første her. Kanalane for avtrekk og tilluft skal førast mot høgre.

Balansert ventilasjon med integrert komfyravtrekk -  - dreamcatcher