1,471    0    0  

Kärcher støvsug ristefunksjon

 60     Vest-Agder     0
Vakte allmenn latter då eg fortalde kva eg hadde betalt for denne, dyr, NT 35/1 Eco Te. Har fungert greitt til det blei problem med ristefunksjon filter. Sto og slamra heile tida og det blei dårleg sugekraft. Har hatt kontakt med merkeverkstad som seier at det er berre å strekke fjøra som står mot overbelastningsventil. Blei litt betre, men ikkje fullgodt. Ser der er ein elektromagnet på overbelasningsventilen. Reknar med at magneten har med denne ristefunksjonen å gjere. Har ein mistanke om at det er her problemet er og ikkje i fjøra. Litt rart om fjøra har blitt så sammenklemt etter såpass lite bruk. Kan vel ikkje strekke den ut allverdens heller. No kan eg heller ikkje registrere at det er forskjell mellom å ha ristefunksjonen innkobla eller ikkje (eigen brytar). Nokon som har vore borti dette?
Siste redigering: Thursday, August 16, 2012 12:53:59 PM av audiy