Tips ønskast for "serieproduksjon" av spilar og stolpar til veranda
534
Møre og Romsdal
0
Hei,
Eg skal snart til å produsere opp stolpar og spilar til verandaen vår. Treng i den forbindelse litt kreative forslag på korleis det kan gjerast for å oppnå mest mulig likt resultat. Viss ein skulle laga 160 spilar av 2x4" kunved å merke av kvar enkelt med tommestokk, så er faren stor for at dei ville variert litt på lengda.
Spilane først, her skal eg lage ca. 160 stk av 2x4". Spilane skal stå mellom topp- og bunnlekt(på 2x2"). Spilane skal ha ei gitt høgd på ca. 92 cm. Desse er vel forsåvidt greie å få til. Her tenkte eg å spenne fast kapp- og gjærsaga i verktøybenken(har sagbord, men ser for meg verktøybenken er meir stabil), og så spenner eg fast eit mothold lengre borte på benken, slik at eg berre fører emnet inntil motholdet, og sagar. Dette burde gi god nøyaktigheit.
Vidare så skal spilane skråsagast med 45 grader i topp og bunn. Spilane er av 2x4", medan topp og bunnlekt er 2x2", slik at skråsaginga skal gjer at spilane blir 2". Her bør ein vel også berre lage seg eit mothold på kapp- og gjærsaga, slik at det blir mest mulig likt.
Det er grublar mest på, er stolpane. Eg har lagt ved eit bilde som illustrerer korleis dei skal bli. Stolpane er altså samansatt av to stk 2x4", og i kvar stolpe skal det sagast/fresast ut "spor" slik at topp- og bunnlekt kan gå igjennom her. Det vil seie at i kvar 2x4" så må det lagast eit spor på 1x2". Har vore inne på tanken om å sage start og slutt for kvart spor, og så bruke handoverfres for resten. Trur ikkje dette er ei spesielt effektiv løysing. Ei anna løysing er å bruke huggjern, men dette vil gi dårlig/stygt resultat.
Her ønskar eg altså tips. Korleis kan dette gjerast med verktøy som menigmann har? Har kapp- og gjærsag, dykksag, bordsag osv.

Signatur
Tekniker med verktøy.......Festool, Makita, Paslode
(gassverktøy med lav vekt), Millvaukee ....og litt til
Einebolig frå 1950 under oppussing
Her er en god metode for utsparringene: https://www.youtube.com/watch?v=KNX9Y2cyRhk
Lag en jigg som du legger på stolpen. Jiggen bør være slik at den tar utgangspunkt i enden på stolpen, så slipper du å måle noe som helst.
Der var ein guide ja, eg tenkte litt på den metoden der(dog ved hjelp av bordsag(handoverfres. Burde vel gå det også Takker for tips! 72 slike kutt, har noko arbeid i vente då.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Lengdestopen på mitt GTA3800 er ihvertfall nøyaktig på millimeteren så lenge jeg bruker noenlunde samme kraft når jeg plasserer emnet.