(trådstarter)
   #71
 2,984     Vestlandet     0
Komlo: utvide sokkeletg. med garasje og terasse - DSC_0398.JPG - Komlo
Plate er støypt!

Eg håpar på å starta med å pisla på veggane neste veka.

Tak me nesten verta ttrebjelkelag pp noko vis, då eg har mange meter 2x8 i hagen.

Kan ein kombinasjon av innfelt bjelkelag og stålbjelkar underst fungera? At trebjelkar ligg 15cm inni HEB200 og 5cm over. Då er vel lufting i orden, samstundes som stålbjelke kun stikk 5cm ned under tak.
Signatur

  (trådstarter)
   #72
 2,984     Vestlandet     0
Har fått sat opp ei rad med Kub element. Lenger kom eg ikkje i dag.
Signatur
  (trådstarter)
   #73
 2,984     Vestlandet     0
Her har eg forsømt meg med oppdatering.

Sålen vert bygd opp slik:
Avretta singel
10cm xps300
10cm armert betong
Yterste 35cm av sålen var utan isolasjon, slik at eg fekk ein 35cm brei og 10cm høg bankett. Denne fekk ekstra armering.

Eg ser i ettertid at dette var ein litt dum måte å gjera det på, då eg har laga meg ei kuldebru under bankett. Eg prøvde å bøta litt på dette med å leggja 5cm xps i ei rad rundt sålen. Dette skulle eg nok ha gjort anleis.

Veggane vart stabla KUB element oppå såle, lagt i horisontale armeringsjern etter monteringsanvising, samt vertikale armeringsjern frå såle og 50 - 150cm opp i vegg. Restane eg hadde av armeringsjern vart lagt vertikalt i den veggen med mest tilbakefylling. Etterpå festa deg det vetle som trengs av 48x198 som trengs for forskaling (horisontalt oppe og nede og vertikalt ca anakvar meter.

Der elementa møtte grunnmur bora eg inn ein del korte armeringsjern horisontalt, som eg festa med ankermasse i frunnmur på huset.

Pumpebil kom, så fylte eg i elementa med betong. Det var første gong for pumpebilføraren og meg sjølv, men me fekk det greit til. Det heile tok 2 - 3 timar. Den korte bakken opp til huset har eigentleg litt for bratt knekk til å greia å koma opp med betongbil, så me la ned nokre våte 48x98 på asfalten i knekken. Betongbilen køyrde seg i possisjon og gav gass det den var god for i revers og fekk såleis "sklidd" bakpartiet over 48x98 og kom seg opp. Det var ganske imponerande.

Når betongen hadde herda, fjerna det vetle som var av forskaling.

Fiks ferdige veggar klare til å setja inn vindauge og garasjeport.

Eg er absolutt nøgd med Brødrene Sunde og Sundolitt KUB systemet. God service og hjelp, god monteringsanvising og lett å byggja med for ein amatør. Prismessig kom det og betre ut for meg enn konkurrerande system. Har eg liknande prosjekt i framtida, vil eg nytta same løysing.

Skal oppdatera dette garasjeprosjektet mitt meir med bilete av korleis det vart.

Signatur
   #74
 29     0
Spennende prosjekt.

Et spørsmål - Hvorfor ville de ikke selge deg Koljern-terrasseelement, når du først hadde fått oppgitt pris og frakt eksl mva?

Jeg synes Koljern virker meget interessant - rart at dette ikke er mer utbredt mtp fordelene med lav byggehøyde, god isolasjon, bæreevne etc.

Hva landet du på i forhold til takkonstruksjon?