(trådstarter)
   #32
 1,943     0
Det tuslar avgårde Smile Arkitekten vår har måtte jobbe for halv maskin ein periode nå. Ingen problem for oss; vi har ingen fristar vi skal rekke.

Nå er alt klart til nabovarsel og søknad om rammeløyve. Eg tar ein liten runde i helga til naboane. Tegningane er ikkje mykje endra i forhold til over, men eg kan jo legge ved situasjonsplan. Den ser slik ut:  

Huset er også dytta opp ein meter for å gjere vinkelen frå vegen og ned til garagen mindre bratt. Vi ligg likevel ein meter under tillate mønehøgde.
Kjersti: Vårt hus - vårt prosjekt - situasjonsplan_web.jpg - Solsikke
  (trådstarter)
   #33
 1,943     0
Hei! Eg har teikna inn kjøkenet på nytt, og tar gjerne imot forslag. Det er IKEA eller KVIK som er aktuelt. Her har eg brukt IKEA sitt program (og justert i Photoshop). Eg la ut teikningar på kjøkkenet for ei god stund sidan og fekk ein del fine innspel. Eg gjer det på nytt, men i "min" tråd Smile

Sjølve "strukturen" i kjøkkenet vil eg ikkje endre på mykje. Vinduer og døropningar er satt, dei ulike delene med høgskap på mellomveggen, oppvask og vask ved eine veggen og kjøkkenøya (som jo ikkje er ei øy) skal vere som den er. Nei, vi vil ikkje ha "øy" i ordets rette forstand, men vil påpeike at ein kan gå gjennom vinterhagen om ein vil. Eg trur vinterhagen vil kunne oppfattast som ein del av kjøkkenet.

Oppvask er til venstre for vasken. Til høgre for vasken er skuff for matavfall etc. Vinterhagen ligg langs med kjøkenet og eg trur det vil gi ein fin, grøn, gjennomsiktig kontakt til verda utanfor. Dei grøne skapa på motsatt side er fargejustert i photoshop; skal likne på IKEA sine glossy grøne skap. Resten blir high gloss kvite skap (trur vi). Anar ikkje kva benkeplate vi skal ha. Ventilator blir i benk; det er over 4 meter opp (toppen av mønet) over platetoppen.

1) Kor (nøyaktig) ville du hatt kjøleskap?
2) Kor (nøyaktig) ville du hatt ovn?
3) Ville du hatt den ekstra vasken i "kjøkkenøya"?
4) Golvet blir truleg kvitolja askeplank. Kva ville du da hatt på benkeplatene? Kunne ein hatt ulike benkeplater? Eg er redd for at industriell look (f.eks Corian) på ein så stor flate som kjøkkenøya er, blir for kaldt. (veit at KVIK har benkeplater i ask, men oh... så dyrt, skulle gjerne holdt meg til IKEA).
5) Ville du hatt den grunne benkeskap-raden under vinduet? Blir glasdører eit problem i denne høgda?
6) Er øyflaten for stor og dominerande? Burde eg vurdere grunnare skap i rekke to (altså dei som vender mot spisebordet).
7) ville du ha fjerna to benkeskap i øya for å lage ein liten sitteplass?


Kjersti: Vårt hus - vårt prosjekt - 1.jpg - Solsikke
Kjersti: Vårt hus - vårt prosjekt - 2.jpg - Solsikke
Kjersti: Vårt hus - vårt prosjekt - 3.jpg - Solsikke
Kjersti: Vårt hus - vårt prosjekt - 4.jpg - Solsikke
   #34
 194     Trondheim     0
Mitt innspill.

1) Kjøleskapet i første skapet i skaprekka.
2) Ovn der som den er plassert nå. Da er benken rett bak for å sette fra seg varme ting.
3) Hadde ikke ville hatt den ekstra vasken. Synes det ser rotete ut med "oppvaskting" på en øy, i tillegg stykker det opp den gode benkeplassen. Det er ikke altfor mye benkeplass på andre siden. Tror jeg hadde flyttet platetoppen et hakk lengere innover. Da er det plass til enrtask frokost på enden av øyen og god benkeplass på begge sidene.
4)Gloss  (hvit)benkeplate er jo sikkert tøft til grønt og hvitt, men ikke pent hvis det ikke konstant er polert! Grå benkeplate passer til grønt og hvitt, pluss gulvet.
Synes det er fint å avslutte endene, spesielt på en øy med at benkeplaten går nedover siden (som jeg ser de ofte gjør med corian)
5)Synes kjøkkenet ser oppstykket ut med de benkeskapene under vinduet. Det finnes masse forskjellige skap med den høyde men med føtter som jeg synes blir luftigere. To skap ved siden av hverandre med litt luft imellom er stlilig.
6)Synes den store øyen er bra! Da har du kanskje råd å gi slipp på et par av skapene på hjørnet for en liten frokostplass, som da er svaret på 7)
  (trådstarter)
   #35
 1,943     0
Takk skal du ha Nybuggerne.

Når det gjeld kjøleskap har eg tenkt å ha det i den rekka der ja; då blir veien til bordet kort. Eg har lurt litt på om eg skulle dytte kjøleskapet heilt bort mot bordet, men det blir vel litt upraktisk i forhold til kor platetoppen er... Dersom eg har kjøleskapet midt på ein plass får eg "interessekonflikt" med kva veg døra skal opne seg; mot platetoppen eller mot bordet...  ::)  Alt ein skal tenke på altså... Å ha det på hjørnet der du foreslår er kanskje det beste; sjølv om det kanskje ikkje er heilt naturlig i forhold til platetoppen er det vel best at døra er hengsla på høgre side. Ein vil nok ta ut av skapet og sette det på øya.

Eg syns også det er fint når bordplata knekk ned og dannar "foten" på kjøkkenøya Smile

Vasken i øya er berre tenkt for når ein lagar mat. Ein mat-vaske-plass. Er ikkje overbevist om den er meir i veien enn den er nyttig.

Hmmm.. grå benkeplate: ikkje tenkt på, men høyres fint ut.

  (trådstarter)
   #36
 1,943     0
Då har eg vore i kontakt med saksbehandlar i kommunen, og saka er behandla, brev er på veg ut. Vi har fått rammeløyve, og alt i tråd med slik vi søkte om.

Flott, men heilt som forventa. Vi er innafor alle krav i reguleringsplanen, og ingen merknader frå naboar.

Då skal arkitekten lage byggetegningar som grunnlag for anbudsrunde. Eg tippar hausten går til dette.

Parallelt skal nå vår gamle leilighet ut for salg; nokon som vil ha ein søt liten borettslagsleilighet i Bergen?  ;D
  (trådstarter)
   #37
 1,943     0
Ei lita oppdatering frå meg. Vi driv fortsatt i sneglefart, men trives i grunn med det.
Hustegningane er klare; det manglar nokre detaljtegningar av ein del viktige ting som må vere riktig ved eit lavenergihus. Vi har begynt å diskutere lyssetting, el, røyr og div. med arkitekten. Ho tegnar vidare på detaljar, og vi lagar forslag til el-punkt, sankar saman tilbud på trapper, ser om vi kan bestemme kva balansert ventilasjon vi skal ha, og deretter må vi sette oss inn i kva som finst av dører, vindu etc. og bestemme kva vi ønsker. Same gjeld materialvalg inne; kva type golv, kva fargar på vegger, etc.

Alt blir kjørt saman til ei blekke, som vi kan sende ut på anbud til våren. Til våren, til våren Grin

  (trådstarter)
   #38
 1,943     0
Har henta inn prøvar på golv; det var i grunn litt artig, for det er jammen meg ikkje mykje forskjell på dei ulike produsentane Grin Kikk på bloggen min for oppdatering og meir bilde. Eg legg eit inn her i posten.

Som de ser går vi for eit lyst golv. Vi har ikkje råd til golv frå Dinesen, men syns vi kjem eit godt stykke på veg med einstavs parkett i ask eller eik. Dessutan skal vi ha golvvarme, og kan ikkje ha heiltregolv.

(golv frå Bygg24 (1, 2), Gulvnett (3, 4) og Gulvspesialisten (5, 6)

1: 399,- (kampanjepris)  2: 399,- (kampanjepris)
3: 399,- (kampanjepris) 4: 469,-
5: 449,-    6: 449,-
Siste redigering: Friday, January 22, 2010 5:40:30 PM av Kjersti
Kjersti: Vårt hus - vårt prosjekt - golv2.jpg - Solsikke
   #40
 129     0
Jeg synes også lyse gulv er fint!

Ettersom gulvene er så like av utseende ville jeg veid kvalitet/egenskaper opp mot pris og tatt valget ut fra det.