(trådstarter)
   #41
 1,943     0
Har oppdatert tråden med prisar. Vi kjøper jo ikkje golvet nå, men kjem til å følge med på kampanjar framover.

  (trådstarter)
   #42
 1,943     0
Vel, eg tippar at dei fleste har gitt opp på oss  ;D  Men i dag har eg altså fått alle anbudsdokumenta i hende; alle arbeidstegningar er ferdige og printa ut, alle spesifikasjonar er klare, og nå er det klart for anbudsrunde. 

Heh... og prisen... den biten der lurer eg på.

Satsar på å få sendt ut anbud i neste veke, og med ca. 3-4 vekers frist. Deretter er det å søke igangsettingsløyve hos kommunen (blir vel midt i fellesferien det da), og så byggestart - til hausten får vi håpe?
  (trådstarter)
   #44
 1,943     0
Har ikkje sett at det var kommentert her eg :)

Nei, vi vil helst ha eit firma til å ta heile suppedeisen. Vi greier ikkje ta det sjølv - eller, vi vil prøver å gjere minst mulig sjølv. Då av hensyn til ungane og livet og kjærleiken og alt det der :D

Nå har eg faktisk oppdatert bloggen, med to innlegg til og med. Det første innlegget har dei siste og endelege planskissene, så om nokon vil kan dei ta ein kikk og kommentere enten her eller der.

Intet nytt frå dei som skal komme med anbud, men vi får stadig vekk telefonar frå diverse rørleggarar og gravemaskinmenner og slikt, som vil vite litt meir (dei har tydeligvis ikkje fått kopi av alle dokumenta vi har sendt). Dei er altså blitt kontakta av hovedentrepenør. Vi har totalt sendt ut anbudsdokument til 5 firma som kan ta heile pakken.
  (trådstarter)
   #45
 1,943     0
Då er første anbud komme inn. Det var dyrt; over 20 000 per kvm, men eg slapp i alle fall å sjå 5 millionar. Vi bør 500 000 ned i forhold til dette, men om det er realistisk får tiden vise. Blir spennande å sjå dei andre anbuda. Det som overraskar mest er at tømrararbeidet er dyrare enn murararbeidet. Nå høyrer det med at vindu utgjer 450 000 (!!) av prisen frå tømrar. Dette er vindu frå Nordan. Murarfirma tar 10% påslag hos dei andre leverandørane, slik at anbudet frå tømrar til murar er på nesten 1,6.

Postane er som følgjer (avrunda av meg):
Grunnarbeid            240 000
Mur og puss          1 250 000
El                            160 000
Røyr                        90 000
Tømrar                1 760 000
Stillas                        42 000
Container, avgift        26 000
Rigg, drift, transport    90 000

+ mva                900 000

totalt 4 500 000 (avrunda av meg)

Tar gjerne imot kommentarar medan vi ventar på fleire anbud Smile
  (trådstarter)
   #47
 1,943     0
Spesifisert frå rørleggar:
avløpsledingar i plast , 2 stk servantar i u-etasje, klosett, servant, sluk kjøkken 1. etg, samt 110 mm avløpslufting over tak - hette ikke medregnet - 17 000

Vannledning type Sanipex rør i rør fra fordelerskap plassert i teknisk rom til 3 stk. servanter, 2 stk. klosett, 1 stk kjøkken, 2 stk dusjer og 1 stk vaskemaskin 30 000


2 stk vegghengt klosett                        12 600
2 stk dusjbatteri                                    3 600
2 stk dusjgarnityr                                  1 800
1 stk kjøkkenbatteri med oppvaskm kran 2 300
1 stk kjøkkenavløp                                    650
3 stk veggservant med blandebatt            6 900
1 stk vaskemaskinkran og avløp              1 500

Rigg og drift: 2 500
Søknader, tegning, prosjektering: 3 000,-

   #48
 5,112     Troms     0
Det er i så fall en god pris, men har du sett hvordan armaturer ser ut og slikt? Ofte er jo slike ting veldig billige for å få tilbudet liksom... greit å sjekke.
Sjekk også at toalett er komplette med toalettsete. dette er ofte ikke med og må kjøpes separat. Hva med sisterner?. Kan si at mitt an bud var på 5 stk A4 ark sider med spesifikasjoner på alt som var med. Hvis hans tilbud er på ca 20 linjer, så tror jeg det er greit å spørre rørleggeren ja, så man unngår overraskelser... Wink
Signatur
  (trådstarter)
   #49
 1,943     0
Spesifikasjonen frå rørleggar er skreve av rørleggeren Smile Eg har altså fått kopi av papira som hovedentrepenør har fått. Mulig der finst meir da.. Det eg har er på 1,5 sider og verkar komplett. Eg har ikkje sjekka opp kva armatur dette gjeld, men eg fekk ein telefon for ei stund sidan frå ein rørleggar som skulle levere anbud til hovedentrepenør. Mulig det var han her - fekk det ikkje med meg i farten.

Vi blei enig om at han satte opp nokså standard greier, så fekk vi endre det seinare ved behov. Han har vel ++ prisar på slike endringar da vil eg tippe. Eg nevnte på at eg gjerne kjøpte alt sjølv, men han var ikkje så gira. Vask var greit å kjøpe sjølv, så det sa han at vi berre tok ut. Han la det likevel inn i anbudet slik at det i alle fall er der.

Men når du seier det - lurer på kor det blei av det vannbårne anlegget i dette anbudet  :-\