(trådstarter)
   #173
 1,943     0
Lenge sidan eg la ut meir  bilde her i tråden ser eg.... Framgangen har gått trått den siste månaden, skuldast ein murar med litt for mange jern i ilden. Det hjelper med litt masing da, så ser ut til at golva endelig skal bli summa denne veka.

Det betyr at parketten kan leggast - den kom for to veker sidan frå England. Trur den blir veldig bra! Baderomsmøbler frå Kvik er komne - fann endeleg nokre fine vaskar som ikkje hadde hol til kran. Vi ønskte heildekkande vaskar over møbelet, ikkje sånn laus skål. Og det fekk vi til Smile Rørlegga driv og monterer innebyggingsarmatur på bada i dag, og  da kan desse to siste romma gipsast igjen. Fliser er kjøpt inn og ligg klare. I dag kjem dei fire høgskapa frå Norema. Resten av kjøkkenet kjem i begynnelsen av neste månad. Trappa er klar  til å produserast, vi treng berre eksakt mål frå golv til golv etter summing. Terrassegolvet blir lagt denne veka.

Desse bilda er faktisk ikkje heilt ferske, men ferskare enn bilda i forrige post i alle fall. No er det f.eks komme eit strøk maling på veggane. 









   #174
 13     Haugesund/Tysvær     0
Kjekt å følge med! Det ser ut til at dere skal få et skikkelig fint hus Smile kjøpte for noen måneder siden en tomt ved sjøen, og bruker mye tid på å lese og tegne. Heldigvis må ikke tomten bebygges før om 5 år. Trenger nok minst den tid til å spare og planlegge!

Hvor stort er husets BYA?

Gleder meg til å se resultatet. Lykke til videre Smile
   #175
 11     Sør-Trøndelag     0
Hei Kjersti!
Gratulerer med nydelig hus, har fulgt deg lenge. Vi driver også husbygging i "slow-motion". Men snart er det byggestart fornoss også. Det er mulig du har lagt ut informasjon om det tidligere, men hvilke grå fasadeplater har dere? Kunne tenkt oss slke selv

Mvh Kristin
  (trådstarter)
   #176
 1,943     0
Det er Cembrit true -plater i fargen Etna:
http://www.cembrit.no/Produkter-26171.aspx?ProductID=PROD306

Eg er veldig, veldig fornøgd med dei. Dvs. vi har jo ikkje sett korleis dei blir over tid, men i følge produsenten skal dei tåle all verden. Det eg nå i første omgang er fornøgd med er korleis dei ser ut. Dei er matte, men har ei slags sjattering som eg syns er vakker. Trur dei var greie å sette opp også.
  (trådstarter)
   #177
 1,943     0
Litt nyare bilde:
Badet er plata ferdig, endelig. Innebyggingsarmatur er kjøpt inn (Hansgrohe). Dette dillet blei dyrare enn tenkt, men eg gler meg til kranar ut av veggen Smile Fliser er kjøpt inn - 60x30 kvite til vegg (til 40 per kvm hos Megaflis) og glasmosaikk til  kassen på bildet.


Vinterhagen har fått "hatten" på (kanten rundt oppe). Bildet er tatt før terrassen blei påbegynt.


Malaren har vore i sving. Det blir meir maling i veka som kjem.


Teknisk...


Terrassen er i ferd med å komme på plass. Det er komposittbord - og eg er veldig fornøgd med fargen. Det blir bygd ein lang blomsterkasse ved enden som med litt beplantning vil skjerme litt for innsyn. Bildet er tatt gjennom vinterhagen.


Testa og godkjent.


Kjøkken inn mot stova. Jentungen står der dei fire høgskapa skal komme. Så har vi ei praktisk støvhylle på toppen der... Hadde vel tenkt å la kassen gå heilt opp, men da var allereie vindua på plass  :P


Det lange vinduet på kjøkkenet. Ute er ikkje rekkverket komme enda. Det blir lange glasfelt som er boltefesta langs kanten.


På bad nede gjenstår ein del enda, men veggen med innebyggingsarmatur er i alle fall plata igjen. Vindua fekk vi satt inn i siste liten - for å få inn litt dagslys.


TV-stove nede - murar har fått pussa rundt vindusveggen og trappeholet.


   #178
 5,725     0
Steike flott hus!
Eg lei av å jobba med oppussing, ser fristande ut å jamna driten med jorda og bygga nytt!
Når får me luftfoto?
  (trådstarter)
   #179
 1,943     0
Luftfoto?  ;D

Ja, vi er veldig godt fornøgd. Det er eit uvant hus på desse trakter, men dei fleste som bur her klør seg i skjegget og konkluderer med at det er kjekt med noko annleis også, så lenge det ikkje blir altfor merkeleg. Og det er det no ikkje. Det er eit jevnt tilsig av folk som skal berre kikke litt, og muraren kunne kanskje starta med betalte omvisningar? :D

Det vi er aller mest fornøgd med er at alle som har vore på bygget har gjort ein god jobb. Det har vore litt masing om å få dei til å komme - enkelte har hatt litt for mange prosjekt gåande samtidig. Men arbeidet er godt, ut frå kva vi kan bedømme, og ut frå kva folk med litt meir peil enn oss har sagt.
   #180
 5,725     0
Luftfoto ja. Eit slikt hus må me få skikkelige bilder av,  men dei kjem vel på døra hos deko om nokre år og.
Her fotografer dei kvart 5-10 år fra fly, og kjem på døra vinteren etter.

Alle flinke håndverkarar har for mykje å gjera, har dei god tid er det eit faresignal...