#11
 2 255     I huset mitt     0
Ofte så festes beslaget med oppkant inn imot vindsperre og klemmes fast med lekt/spikerslag for kledningen.
En streng silikon mellom/oppå for bra tetting slik at vann/kondens som ev driver inn bak kledning kan renne ned og ut på beslaget.

(Ideelt sett så skal oppkant på beslag inn bak vindsperra, men inntil med silikon er ofte brukt og oftest greit nok)

5mm avstand mellom kledning og ned imot vannbord synes jeg er bra/ser bra ut, selv om Sintef og andre sikkert sier 10+mm for lufting.Wink

  (trådstarter)
   #12
 2 310     Vestlandet     0
Alstå beslag på før luftelekter? Eg trur eg må ha 30 eller 36mm luftelekter. Vindauge vert montert flukt med kledning. Korleis får eg då beslag bak lekter mtp at vannbrett og beslag kjem eit stykke over vindauge?

På einaste vindauge/dør eg har montert til no har eg gjort det slik:

1) Montert flukt med kledning (44mm ut ift. reisverk)
2) skumma rundt
3) Montert asfaltplater
4) lagt på vindsperreduk
5) teipa vindsperreduk fast rundt dør
6) montert 48x23mm luftelekter rundt dør
7) montert kledning
8 ) Ingenting under terassedøra, då det her vil koma eit beslag langs heile veggen.

Her skulle det vel vore botnfyllingslist og silikon rundt dør?

Her vert det som eg skreiv tidlegare kun montert vannbord til pynt (for likskap med dei andre vindauga) utanpå kledning. Vannbord er godt innunder tak og om lag 20cm taket.

Korleis bør eg gjera dei på dei resterande vindauga, som faktisk treng vannbord? Eg lyt ha 30 eller 36mm luftelekter på desse veggane.

Edit: slik skal det sjå ut til slutt seier arkitekten
Vannbord utanpå kledning over vindauge?  - 26771881_10214923407667871_910247253_o.png - Komlo
Signatur
   #13
 2 255     I huset mitt     0
Alstå beslag på før luftelekter?

Ja, ideelt sett. Smile
Ev vann som driver inn bak kledning og inn på vindsperra skal jo kunne renne ned og så utpå beslag og ut fra veggen. Hvis ikke beslag inntil vindsperra, da vil jo ev vann som renner ned kunne renne bak beslaget og så treffe oppå vindu og så inn i veggen=lekkasje inn i vegg=råte over tid.....

Merk her at er det tak, etc rett over vindu, etc så blir jo krav til beslag/vannbord mindre (borte).
Blir en vurdering på hvor mye vann/kondens som kal oppstå og renne ned.

Edit: Ved liggende kledning så er det vel mindre sannsynlig at vann driver inn bak kledning som dermed betyr mindre krav til funksjon på beslag.Wink
   #14
 8 026     Bærum     0
MEN så les eg at vannbord kan til og med sløyfast over vindauge, om det er høgt nok oppunder takutstikk. Detter vert 30cm under takutstikk på 1,5 meter, så det vert vel kun av estetiske grunnar.

Berre å køyra på?


Jeg har droppet vannbord over balkongdør og vinduer som er oppunder takutstikk.
  (trådstarter)
   #15
 2 310     Vestlandet     0
Det er snakk om liggande kledning ja.

Dør og vindauge er av PVS, så det er ikkje fare for råte på sjølve døra.

Eg ser for meg at fukt/vatn mot vindsperreduk renn ned på dør, ned langs døra, over på vindsperreduk igjen, og ut under kledning. Verkar dette logisk, eller alt for optimistisk?

Kva dimensjon bør eit vannbord og beslag då ha, om det skal inn på vindsperra og luftelektene er 36mm?

Aøøe dører og vindauger kjem faktisk ganske langt oppunder takutstikk på huset. Men sidan sjefsarkitekten ønskjer same utsjånas som på biletet over, kan eg ikkje droppa vannbord over nokon av dei.
Signatur
  (trådstarter)
   #16
 2 310     Vestlandet     0
Innspel?
Signatur
HSt
   #17
 21 867     Sørum     0
For beslag og montasje

Link : Beslag

Vanbrett 75 eller 90mm dypt, monteres mot vindsperre, dvs ikke på utlektingen.

Link: Vannbrett

Tilpass dimensjon til bredde på lufting og kledningstype.

Du får standard beslag til disse og beslaglinken over viser oppbrett i enden.  Kurset i å brette er klart hvis du maser.

Alt kommer fra Google "Vannbrett"   (legg merke til at mange treff er fra Byggebolig :-)  )





  (trådstarter)
   #18
 2 310     Vestlandet     0
Takker for hjelpa, Hst.

Eg har sjekka litt, og eg må nok opp i 36mm luftelekter. Med kledning, endar eg 55mm ut frå vindsperra. Med omramming rundt vindauge hamnar eg vel på rundt 75mm. Ser ut som eg bør ha 90/95mm djupt vannbrett då.

Takker for tebod om brettekurs:) Lokale materialhandelen hadde ikkje beslag. Men lokal blikkenslagar lagar desse til ikkje alt for galen pris til meg, Kanskje eg då ikkje treng bretta sjølv.

Ytterst vil det vera kun vindsperreduk, ikkje asfaltplater. Desse skal få stå, så dei hamnar midt i veggen. Som vist på biletet i tråden er vannbrettet tenkt montert eit godt stykke over karm, med 98mm eller lignende omramming under. Eg får derfor ikkje noko bak vannbrettet å festa vannbrettet mot. Lektene rundt vindauge vil liggja under vannbrettet.

Er beste løysing fpr å få festa vannbrettet då å leggja inn 120mm lekter eller noo slikt over vindauge?

Eg trur eg forstår prinsippet kring dette no, men er usikker på korleis eg skal få festa vannbrettet.
Signatur
  (trådstarter)
   #19
 2 310     Vestlandet     0
Eg satsar på å starta på ny vegg, og skifte av 2 vindauge om ei veke. Eg må jo då vera klar med vannbrett, beslag og omramming.

1) vannbrett under kledning: Vurderer å nytta 22x98mm impregnert som eg kappar skråkant på. Men sidan vindauga (etter klar kommando frå fru arkitekt) skal monterast flukt med kledning, må vindauga kvila også på 36mm luftelekta. Karmen er kun 73mm djup. Eg er skeptisk til å la det kvila på kun 18mm inst. Skal eg då berre montera vannbrett mot luftelekt under vindauge og montera beslag på vannbrett?

2) vannbrett over vindauge: Dette vert 10 - 15cm under takutstikk. Vurderer å leggja vannbord utanpå kledning. Kan ikkje førestilla meg at det kan driva vatn inn bak der. Er og ganske usikker på korleis eg skal få det best til mot vindsperra iom at fruen ønskjer ganske brei omramming, som gjer at vannbord må monterast litt over losholt.

Har kjøpt PVC vindauge i Litauen. Det blir berre kål med montering av desse. Er heller ikkje mogleg å skru i karmen for å montera dei.
Signatur
  (trådstarter)
   #20
 2 310     Vestlandet     0
Skal eg prøva ,eg på å gjera det slik på denne veggen (frå start til slutt)?

Det ser ut som desse vindaugene på 170x210cm vert montert flukt med kledning, med 22x148mm omramming.

1 Riva kledning og 12mm luftelekter inn til asfaltplater.
2 fjerna vindauge 170x160cm, Laga større lysopning 170x210cm.
3 Lekta ut med 48x98mm
4 100mm isolasjon
5 vindsperreduk på heile veggen.
6 36mm luftelekter
7 kutta hol i vindsperreduk til nye vindauge
8 montera vindauge
9 Korleis fiksa overgang vinsperreduk vindaige?
10 montera 22x98 impregnert kappa 15grader vannbrettbord mot luftelekter over og under vindauge. Kan sikkert monterast innanfor vindsperreduk over vindauge, viss losholt er høgt nok oppe. Kuttar eg då berre opning i vindsperreduk?
11 monterer vannbrettbeslag
12 monterer kledning (tilpassa/kutta til vannbrett)
13 monterer omramming
Signatur