360    5    2  

Spørsmål angåande finvern

 84     0
Hei, folkens!

Eg driv og lurar litt på dette med finvern for elektrisk utstyr. Så langt eg forstår så er grovvern/mellomvern det som ein har i sikringsskåpet, og så er finvern det som ein har i stikkontakten ved utstyret som skal beskyttast.

Per i dag så er det berre to finvern som er godkjende av FG: Pronic SuperPro og SuperPro10. Eg brukar per i dag sjølv to stykk SuperPro10, ein til fjernsyn og tilhøyrande utstyr, og ein til PC og tilhøyrande utstyr.

No skal me snart restaurere huset, og i den samanheng skal alt av elektrisk skiftast. Då lurar eg på om der finst andre løysingar i høve til vern mot overspenning.

NEK 400 seier fylgjande:

823.537.06 Hjemmekino/TV/musikkanlegg

Der hvor det er planlagt plass for hjemmekino og/eller TV og/eller musikkanlegg, skal det være minimum seks uttak, hvorav maksimalt to uttak kan være beregnet til tilkobling kun av europlugger. Disse uttakene kommer i tillegg til de som kreves i samsvar med 823.537.02, 823.537.03, 823.537.04 og 823.537.05.


Dette gjev i grunnen god meining. Utfordringa er viss ein ynskjer finvern på dette og skal bruke ei av dei to løysingane nemnt ovanfor. Viss ein går for SuperPro (som har eitt uttak) så må i alle fall stikkontaktane plasserast med temmeleg god avstand for å få plass, og dette vert ei knotete og lite elegant løysing. Viss ein brukar SuperPro10 så er problemet i utgangspunktet løyst sidan denne har fleire uttak, men går ikkje dette heilt på tvers av alle tankar om at ein nettopp ikkje skal bruke slike greinuttak som ei permanent løysing, og ikkje minst på tvers av logikken i NEK 400? Eg synest nesten det er rart at SuperPro10 er FG-godkjend i det heile teke i så måte...?

Uansett, eg kunne mykje heller tenkt meg ei innebygd løysing der ein har kritisk utstyr. Eg har gjort eit kjapt søk på Google og funne desse:

https://www.elektroimportoren.no/overspenningsvern-finvern-sef-440f-montering-i-boks-kanal/1661494/Product.html?Event=pathlist

https://www.ahlsell.no/33/elektro/gr.-11---25-installasjonsmateriell/16-sikringsmateriell/schneider/overspenningsvern-1/1635098/

Der er sikkert mange andre variantar òg, men dette var dei eg fann i farten. Dette ville gjeve ei mykje meir skjult og (etter mitt syn) elegant løysing enn eit laust/frittståande finvern, men er det slik at sidan desse ikkje er FG-godkjende så vil dei ikkje fungere i eit norsk straumnett, og/eller gje problem i høve til forsikringsutbetaling viss ein skulle vere uheldig?

Flott viss nokon her som har litt meir kunnskap enn meg på området kunne bidra med nokon innspel! Smile

   #1
 911     1
Jeg har løsningen med finvernet fra Scandinavian Electric på kontoret som jeg rehabiliterte i fjor. Jeg har én trippel kombinasjonsramme med finvern + trippel schuko-stikk og én trippel kombinasjonsramme med dobbel nettverk + trippel schuko-stikk bak kontorpulten. Mellomvern i sikringsskap. Jeg ville gått for samme løsning bak TV.

Jeg tolker markedet for FG-godkjente overspenningsvern dithen at produsentene ikke er interessert i å betale masse penger for testingen så lenge forbrukerne uansett ikke etterspør dette. Dessuten er FG-godkjenning en sær-norsk ordning, og internasjonale merkevarer ser ikke på Norge som et viktig marked. Jeg blir overrasket om vernet fra Scandinavian Electric ikke er tilpasset norske forhold og er godt nok i kombinasjon med finvern i sikringsskap.

Det er for øvrig ingen FG-godkjenning for fastmonterte overspenningsvern. Dette er kun for pluggbare vern. Så begge de produktene du lenker til vil falle utenfor godkjenninsordningen. Se http://www.fgsikring.no/siteassets/regler/overspenningsvern/fg-800_1-fg-regler-for-pluggbare-overspenningsvern.pdf
  (trådstarter)
   #2
 84     0
Takk for kjapt svar, hakostra! Ut frå dette høyrast det ut som om Scandinavian Electric-vernet kan vere vegen å gå. Eg har søkt litt til på dette og funne litt meir informasjon, og det høyrast veldig greitt ut kontra pluggbare vern.

Det spørs om det lyt verte ei tilsvarande løysing av det du har bak fjernsynsbenken og på heimekontoret, ja! Smile

Når det gjeld internett- og fjernsynssignalet så har eg dette via fiber, så då skal ein vel ikkje trengje noko ekstra overspenningsvern der? Det var vel meir naudsynt i tida med modem/ISDN/ADSL og koparkablar?
  (trådstarter)
   #4
 84     0
Ja, det der ser veldig greitt ut! Det spørs om ikkje det vert ei slik løysing på oss! Smile