(trådstarter)
   #11
 39     Stryn     2
Beklager at eg formulerte meg litt klønete, HSt oppsummerte utfordringa så fint i sitt første svar. Så enkelt Smile

Eg har logga meg inn i Elhub og sett på timesverdiane, basert på forbruket dei timane VVB ikkje brukar strøm sammenligna med dei 7 høgaste timeverdiane (dette blir jo ikkje 100%, for eg veit jo ikkje når innanfor timen varmeelementet er inne, evt. om det er fordelt over to klokketimar, men det gir en god peikepinn) så har eg eit meirforbruk til varmtvann på 3.9kWh. Trekker eg frå varmetapet som er oppgitt til 57W så er netto avgitt effekt 2.5kWh. Dette er då kvar einaste dag eg ikkje er heime og dei er det mange av i eit år sidan eg reiser mykje i jobb.

Utfordringane blir jo då ganske mange:
1. Eg brukar 1:1 varme til romoppvarming i staden for billig varme frå sameiget.
2. Eg veit ikkje om energimålaren støttar å kalkulere dersom returvatnet blir varmare enn turvatnet (det kan inntreffe dersom alle golvvarmekretsane er av.
3. Det skal vere ei viss utetemperaturkompensering her, det vil fungere dårlegare når forbruket av varmt tappevatn er med å påvirka temperaturen i golva.

Det er heilt sprett nytt detta, og iflg. andre eg har spurt om det er lunt når det er kaldt ute så er den største utfordringa å få det kaldt nok.

Eg tenker at dette kan eg ikkje sei er greitt å få levert når prisen er såpass stiv, hadde forventa at det var bedre gjennomtenkt. Hadde såklart vore noko heilt anna om det var eit høgtemperatur fjernvarmeanlegg, då hadde det ikkje hatt noko betydning, men her er det tross alt om å gjere å nytte seg av den rimelegaste kilda til oppvarming. Foreløbig er vi jo velsigna med relativt rimeleg strøm, men når dei får bygd ein ny kabel over sognefjorden vert vel straummarkedet øydelagt her og.

Energimålaren er nok ikkje så begeistra for dette:
Lavtemperatur fjernvarme og vvbereder med coil - 5f45b98f51b54efc8041e68a6a52b8cf.png - TurboJens

  (trådstarter)
   #12
 39     Stryn     2
Ved å måle energiforbruket på varmekolben i perioder uten vv tapping får en et inntrykk av hvor mye energi en ev fyrer inn elektrisk og som smitter over til fjernvarmesystemet.

TS nevner ingen ingenting om shunt mellom fjernvarme og egne gulv. En kan lure på om vvb her ikke bare varmer egne gulv, men deltar i ytre krets og varmer hele nabolaget sammen med alle andre vvb-er?

Det er ingen shunt nokon plass, det er 3stk Panasonic 15kW luft-vatn varmepumper som visstnok skal ha ei viss utetemperaturkompensering (virka ikkje som om nokon veit, men er sagt 10grader forskjell). Alle leilighetene er bygd i løpet av dei 4-5 siste åra og er såleis likt bygd mtp. varmetap og oppvarmingsbehov.

Usikker på kvifor det ikkje er valgt bergvarme, men det ville kanskje kosta frykteleg mykje pengar med ei såpass stor pumpe.
  (trådstarter)
   #13
 39     Stryn     0
Fasiten er her, etter å ha vore på reise i 10døgn med avslått golvvarme (ingen sirkulasjon i VVB) så viser forbruket til VVB eksakt 2kWh/døgn. Det betyr at varmetapet er noko høgare enn det som står i databladet, men det er nok ekstra tap i koparrøra for tur/retur i toppen, til coilen og så er det to blindpluggar i "varm" sone som ikkje er isolert.

Så.. dette burde vore litt meir gjennomtenkt.
HSt
   #14
 36,582     Lillestrøm kommune     0
Men kanskje er varmetapet mye større når naboene faktisk henter ut mer varme ?
   #15
 50     vestlandet     0
Logga forbruket på ein varmtvasstank i fjor. 200 liters Osotank plassert i grovkjellar i hus med gråsteinsmur. Her låg energiforbruket på 3-4 kwh i døgnet dei periodene det ikkje vart tappa vatn. Fann ut at det var greitt med tanke på å halde rommet over frysepunktet gjennom vinteren
  (trådstarter)
   #16
 39     Stryn     0
Men kanskje er varmetapet mye større når naboene faktisk henter ut mer varme ?

Ja, det kan godt vere det drar seg til til vinteren igjen..

Logga forbruket på ein varmtvasstank i fjor. 200 liters Osotank plassert i grovkjellar i hus med gråsteinsmur. Her låg energiforbruket på 3-4 kwh i døgnet dei periodene det ikkje vart tappa vatn. Fann ut at det var greitt med tanke på å halde rommet over frysepunktet gjennom vinteren

Her står VVB i teknisk rom som står midt i leiligheta (ingen yttervegg) og her inne blir det varmt nok uansett så har ikkje behov for noko ekstra spillvarme.