19,231    20    0  

ariens byggjer leikestue nr 3

 1,387     Tromsø     0
Nå skal eg bygge leikestue til resten av borneborna. Har bygt to tidlegare, type Saga frå Obs bygg http://www.jabo.se/no/produkter/barn-lek/lekestue-saga-4,1/.

Nå ville byggherrane ha denne: http://www.jabo.se/no/produkter/barn-lek/lekestue-ina-3,3/ som er litt mindre og med ferdige veggseksjonar.

Det var lang vei å køyre hit og eg hadde nødstopp på Brødrene Øyo fabrikkutsalg og Geilo verktøy på Geilo og fekk meg litt meir verkty.

Vi begynte midt på dagen med å legge ut knotteplast og blokker oppå. Skrudde saman ramma og vatra den opp. Så spikra vi golv og reiste veggene. Veggene blei avstiva med skråstivarar nede. Ein grei nabo hadde planke til overs og kapp- og gjærsag til låns. Byggherrane har inspisert bygget og vi fekk spikra på taktroet i løpet av første dagen.

Nå gjenstår å gjere taket ferdig og tekke med shingel. Så skal dør, veranda og vindu monterast. Det er eit enkelt bygg, det står bra skjerma for vind og på desse kantar er vanlegvis lite snø.

ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9352 brødrene Øyo.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9351 Geilo verkty.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9348 Start.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9389.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9393.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9398 inspeksjon.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9423 taktro.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9432 dagens resultat.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9433 finstua.JPG - ariens

  (trådstarter)
   #1
 1,387     Tromsø     0
Det har gått tregt pga alt regnet dei siste dagane. Men i går fekk vi lagt shingel på taket, i dag mønekam og to vannbord.
Naboen har kassert eit impregnert verandarekkverk og eg har laga takfotbord og verandagolv av det. Stor fordel med impregnert på verandaen.
Nå gjenstår vindu, dør, verandarekkverk, hjørnebord og innredning.

Eg fann ut at det er umulig å bygge noko utan å ha kapp- og gjærsag tilgjengeleg. Så det blei ei DeWalt 777. Kom ein dag for seint til eit tilbod på Makita ca 1000 billegare  >:(
Men DW gjer jobben. Eg likar denne mykje betre enn forrige modell.

Rettelse: det er leikestue Poppe http://www.jabo.se/no/produkter/barn-lek/lekestue-poppe-3,5/, ikkje Ina som eg sa ovanfor. Golv og takkonstruksjon er som i eit tynnlaftbygg. Men veggene her er ferdige seksjonar. Går fort og greit å montere, men veggene måtte avstivast, jfr ovanfor, dei er altfor lealause frå produsent.
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9545.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9602.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9425 avstivning i alle hjørne.JPG - ariens
  (trådstarter)
   #2
 1,387     Tromsø     0
Ved sida av diverse andre prosjekt i nyinnflytta hus har det blitt litt på leikestua i dag også.
Så snart vindu var montert troppa husets kvinner opp for å ta mål av gardiner, og prinsessegardiner og -duk er allereide ferdig. Ikeabord i høveleg størrelse er også innkjøpt
Eg har laga ein sittebenk på innerste langvegg, den får puter, med prinsessemønster? På begge sider av inngangsdøra laga eg to hyller til slike ting som prinsessene stiller ut.

Eg skal skifte tverrsvillene under verandaen med impregnerte (gammal handlist) slik at nesten heile verandaen blir impregnert. Elles står nokre småting igjen, før det skal malast. Men det blir nok ikkje rosa  ;D.

Kapp- og gjærsaga har vore uunværleg og i mangel av bordsag har eg hjelpt meg med  handsirkelsag. Elektroverktyet er uvurderleg.
ariens byggjer leikestue nr 3 - 1 så langt kom vi idag.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - 2. prinsessegardin.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - 3. prinsesseduk.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - 4. sittebenk innerst.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9612.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9614 hyller ved døra.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9615.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9619.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9621.JPG - ariens
   #3
 948     0
Fint Fint, bra utstyr er viktig ja:)

det henger ei fin håndsag inni der å (bra til hjelp den å tenker jeg;)
  (trådstarter)
   #4
 1,387     Tromsø     0

Fint Fint, bra utstyr er viktig ja:)

det henger ei fin håndsag inni der å (bra til hjelp den å tenker jeg;)


Handsaga er fin ja, men nå har eg brukt elektriske sager så lenge at eg har mista noko av tålmodigheita og handlaget med å bruke den. Men før eg fekk kapp- og gjærsag, måtte eg pent bruke handsag, høvel og bandpussar for å få skikkelege samanføyningar.
Det er relativt små prosjekt eg har her, men arbeidet går vesentleg fortare unna når eg har kapp- og gjærsag.
  (trådstarter)
   #7
 1,387     Tromsø     0
Godt med ein finversdag etter alt regnet. Her på sørvestlandet verkar det fuktigare enn i Nord-Norge der eg bur. Synest det er meir grønske på husa her. Men det er litt varmare også.

Nå er leikestua ferdig frå mi side. I dag reiv eg verandaen, laga nye sviller av naboens kasserte handlist og la dekket på igjen. Så laga eg rekkverk av impregnert materiale i staden for det som følgde med byggesettet. Dermed er nesten alt på verandaen impregnert. Laga ei lita sidestøtte på rekkverket, det var altfor lealaust utan.

Hengslene som følgde med byggesettet hadde ein krøll som eg ikkje forstår, så eg kjøpte vanlege hengsler og døra blei montert på vanleg måte utan problem.

Dei to største prinsessene skal etter planen overta bygget i morgon. Den minste må vel vente enn så lenge.

Kanskje blir det bilde når dei har begynt å plassere tinga sine....
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9626 flittig brukt.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9627 impregnerte sviller.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9628 nytt rekkverk.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9631 nytt liv for gammal handlist.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9632 ubrukelege hengsler.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9634 perfekt tilpasning.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9633.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9635 gjenbrukt ventilkappe.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9639 betydeleg ikeaprodukt.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9647 prinsesserommet.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9648.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9650.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9651 rydda.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9657 kommande brukar.JPG - ariens

  (trådstarter)
   #8
 1,387     Tromsø     0
I dag sette eg inn ei betre dørklinke slik at døra kan opnast frå begge sider. Betryggande at små born ikkje kan bli stengde inne.
I mangel av høveleg trebor måtte eg sette eit SDS-bor i drillen for å få stort nok hol til klinka. Ikkje så elegant, men det funka i det minste.
Så har eg grunna bygget. Det var som å male trekkpapir, brukte vel 3 l på den.
Byggherrane var ikkje i feststemning på denne fredagsettermiddagen, så eg frå sjå om dei innredar med tinga sine i morgon.
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9666.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9665 ny dørklinke.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9667.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9668 nødløsning.JPG - ariens
ariens byggjer leikestue nr 3 - ANB_9671 ferdig grunna.JPG - ariens
   #9
 1,818     Skogsvåg på Sotra     0
Byggherrane var ikkje i feststemning på denne fredagsettermiddagen, så eg frå sjå om dei innredar med tinga sine i morgon.


Been there, done that  ;D

Ser bra ut dette  Smile
Signatur
  (trådstarter)
   #10
 1,387     Tromsø     0

Byggherrane var ikkje i feststemning på denne fredagsettermiddagen, så eg frå sjå om dei innredar med tinga sine i morgon.


Been there, done that  ;D


He he, ja dei køyrer sitt eige løp  Grin