22,215    29    1  

Frå utebod til studio/musikkrom/kontor

 60     Stathelle     0
Har stor glede av og finn mykje inspirasjon i å lesa om andre medlemer sine prosjekt. Eg dokumenterer sjølv mitt eige prosjekt med bilda, og vil dele det her.

Eg flytta med familien frå Oslo til Grenland i mai, og har funne draumehuset vårt etter fleire års leiting. Eit av måla med å flytte var å få seg meir boltreplass, og eg ville ha eit eige rom der eg kan driva med mine ting "i fred" og slik at resten av familien kan få fred frå mine ting. Eller det som vi gjerne kallar "furtebu" ;)

Eg har framleis jobb i Oslo og jobbar heimefrå tre dagar i veka, så eg treng også heimekontor vekk frå det som skjer ellers i huset.

Ellers vil eg bruka rommet til heimestudio, musikkrom og generell leikeplass for vaksne menn.

Huset vårt er sprengt inn i fjellet i ei skråning, slik at garasje er på eit plan, så er det trapp opp til neste plan der sokkeletasjen er, og så er det ein etasje til.

Over garasjen har forrige eigar bygd eit anneks på 12 kvm som han brukte til vinterlagring av motorsyklar. Dette såg eg meg tidleg ut som kandidat for mine krav, og etter litt forhandling med adm.dir. fekk eg lov til å annektere dette til eige formål.  8)

Utvendig er det same type kledning som på huset.

Innvendig er det lagt sistesortering granpanel på veggar og tak, og isolert med 10cm steinull i veggane. Golvet er berre rein betong som ei såle som samstundes utgjer taket i garasjen. Annekset har også eit kaldloft der det er bra isolert ned mot rommet.
Det er eitt lite vindu.

Veggane er reist på 15cm høg lecastein som er murt fast til betongsålen.

For å kunne bruka dette til eit heilårs opphaldsrom må eg:

1) Leggja og isolere golv
2) Skaffe oppvarming
3) Bytte dør
4) Male bort "furuhælvete" :D

Eg har dessverre alt for lita tid til rådighet, så arbeidet går mykje seinare enn det burde, men det går no litt framover veke for veke. Når ein jobbar heile dagen, så hentar ungar i skule/barnehage, et middag, og så legg ungar, så er det berre avgrensa med tid i vekedagane til rådighet, og helgene går fort!

Håpar på gode råd og innspel undervegs. Eg er glad amatør med god teknisk innsikt og normalt antall tommeltottar, men liten erfaring med store oppussingsprosjekt.

Her er utangspunktet:
Frå utebod til studio/musikkrom/kontor - 003.jpg - HolgerL
Frå utebod til studio/musikkrom/kontor - 001.jpg - HolgerL
Frå utebod til studio/musikkrom/kontor - 002.jpg - HolgerL

  (trådstarter)
   #1
 60     Stathelle     0
Eg har no malt veggar og tak med Infra sperregrunn, og slemma lecaen som reisverket er bygd på for å tette.

"Industri"-armatura i taket er fjerna. Dei kan eg bruka på loftet i huset.

Ny godt isolert ytterdør med FG-godkjent lås og låskasse  er bestilt og skal hentast på mandag.
Frå utebod til studio/musikkrom/kontor - 004.jpg - HolgerL
  (trådstarter)
   #2
 60     Stathelle     0
Ikkje noko å seia på utsikta frå det vesle vinduet! Smile
(Eg har budd i 10 år i rekkehus i Oslo med utsikt rett i veggen på eit anna rekkehus, så eg er ikkje vant med å ha utsikt enda Smile
Frå utebod til studio/musikkrom/kontor - 005.jpg - HolgerL
  (trådstarter)
   #4
 60     Stathelle     1
Neste punkt på programmet er å montere den nye døra, og leggja tilfarergolv.
Eg er usikker på rekkefølga, men dei skal oppførast rimeleg atskilt frå kvarandre, så det blir vel hipp som happ?

Golvet:
1) 0.2mm fuktsperre i botn
2) 48 eller 68mm lekter med glava mellom.
3) 22mm gulvspon
4) 6mm isolasjonsplate
5) Ebeco varmefolie
6) Plast/ullpapp
7) Laminat (For slitestyrke)

Døra må løftast i høgde med golvet. Tenkjer å løfte ho med ein impregnert stokk i botn, og så klossar/kiler for å lodde døra. Eg må også fjerne kledning og panel over eksisterande dør for å kunne heva den nye.
  (trådstarter)
   #5
 60     Stathelle     0

Mener du fortjener ett større vindu der!!

Hehe, ja, eg vurderte eit større vindu, men eg kom fram til at sidan dette også skal brukast til lydstudio ynskjer eg ikkje store glassflater. Eg har også enda betre utsikt frå stua/kjøkken/soverom, så eg får mitt "fix" av fjorden før eg går inn i hula mi. ;)

Det kostar også ein del, og eg legg pengane i andre delar av konstruksjonen foreløpig. Om eg vil ha større vindu er det jo relativt lett å fikse det på eit seinare tidspunkt! Smile
  (trådstarter)
   #6
 60     Stathelle     0
Det går vel ikkje akkurat kjapt framover, men no har eg i det minste kome eit stykke vidare.
Minsta har byrja i barnehage, og det tyder at sambo har litt meir overskot til å passe ungane i helgene. Wink

Ny ytterdør er montert og eg er godt i gang med tilfarargolvet.
Det hadde nok gått meir enn dobbelt så fort å vore to når ein legg dette... For å kunne skru lektene frå utsida av konstruksjonen måtte eg jo vippe den opp og støtte opp.
Eg har altså vald å leggja plast nederst, og brukar 68x36mm lekter. Håpar å bli ferdig med tilfararane i kveld, og kanskje lagt isolasjon, så kan eg forrhåpentlegvis byrja med sponplatene i morgon. Smile
Frå utebod til studio/musikkrom/kontor - IMAG0845.jpg - HolgerL
Frå utebod til studio/musikkrom/kontor - IMAG0842.jpg - HolgerL
Ebe
   #7
 4,452     Vestlandet     0
Kanskje litt seint nå, men du kunne lagt plast og så EPS (isopor) flytende og deretter kaminat rett oppå det. :)


Edit: ser du skal ha varmefolie, da vet jeg ikke hvordan det ville blitt mtp brannfaren... Ermm
Signatur

  (trådstarter)
   #8
 60     Stathelle     0

Kanskje litt seint nå, men du kunne lagt plast og så EPS (isopor) flytende og deretter kaminat rett oppå det. :)
Edit: ser du skal ha varmefolie, da vet jeg ikke hvordan det ville blitt mtp brannfaren... :-/


Takk for svar! EPS blei vurdert, men då måtte eg nok ha avretta betonggolvet og det ville også blitt relativt dyrt. Eg kom fram til at det var enklast og billigst å leggja tilfarergolv med Rockwool som isolasjon.
  (trådstarter)
   #9
 60     Stathelle     0
Som klaga på før: Det går ikkje akkurat unna dette her... Men etter kvart kom no spingolvet på plass, og all vegg- og takmaling blei også ferdig.
Deretter har eg montert klossar i lecaen som er basis for reisverket slik at eg har noko å feste golvlistene i i nedkant. Bak lista kjem eg til å isolere med glava dyttestrimmel.
Frå utebod til studio/musikkrom/kontor - 2012-10-22 21.00.10.jpg - HolgerL
Frå utebod til studio/musikkrom/kontor - 2012-10-18 21.55.41.jpg - HolgerL
  (trådstarter)
   #10
 60     Stathelle     0
Så har eg lagt varmefolie frå Ebeco på golvet. Etter avtale med elektriker fekk eg leggja folien sjølv, så kontrollerer elektriker og koplar til termostat og nett. Må også montere jordfeilbrytar på kursen.
Håpar at elektriker blir ferdig denne veka, slik at golvet kan koma på til helga!  Grin
Frå utebod til studio/musikkrom/kontor - 2012-10-28 15.32.42.jpg - HolgerL