(trådstarter)
   #51
 1,387     Tromsø     0
takk for tipset, dette ser greit ut. Jeg hengte den i stropper i første omgang. Det funker inntil videre i hvert fall.
Slik det ble i garasjen, passet det godt å legge boksen på siden, slik du også har gjort.

  (trådstarter)
   #52
 1,387     Tromsø     0
Eg tek opp den gamle garasjetråden, i år må eg gjere noko med nedkjørselen.

1. Det er spor i veien så eg må fylle på masse og legge all steinen på nytt. (Håpar å unngå steinleggarbandane som luskar rundt)
2. Eg vil fjerne mest mulig av fjellet under muren, skal bruke fjellkilane som er omtalt lenger oppe.
3. Få eit meir stabilt og ryddigare fundament under naboens mur

I dag begynte eg med pkt 2, leigde borhammar TE-80 http://www.hilti.com/holcom/page/module/product/prca_rangedetail.jsf?&nodeId=-8961&selProdOid=16247 og 25 mm bor.

Eg fekk eit bor eg aldri har sett før, med påkobling for støvsugar og 4 innvendige kanalar som støvet går gjennom.
http://www.hilti.com/holcom/page/module/product/prca_rangedetail.jsf?&nodeId=-515841&selProdOid=1261959
Det var ein drøm å bruke dette boret, alt støvet gjekk direkte i støvsugaren, og det blei både fortare og enklare å bore. Men, hald boret langt unna vatn. Boret kom ned i  vatn, og tetta seg omgåande med vått boreslam. Ein liten jobb å stake det opp att, (brukte ein tynn streng og støvsugar og banka) og etterpå tørka eg overflata på fjellet med varmepistol der eg skulle bore.
Fekk bora 2 rekkjer med hol idag, og sprengde ut første rekkja med kombinasjon av fjellkilar og meisling med borhammaren.
Rydde og oppgradere garasjen - Legge steinen på nytt.JPG - ariens
Rydde og oppgradere garasjen - fjerne mest mulig av fjellet.JPG - ariens
Rydde og oppgradere garasjen - naboens mur.JPG - ariens
Rydde og oppgradere garasjen - hammar og støvsugar.JPG - ariens
Rydde og oppgradere garasjen - flott bor.JPG - ariens
Rydde og oppgradere garasjen - første rekke er fjerna.JPG - ariens
Rydde og oppgradere garasjen - slutt for dagen.JPG - ariens
  (trådstarter)
   #53
 1,387     Tromsø     0
Det går relativt lett å bore fjell med denne borhammaren og ikkje minst er det komfortabelt å sleppe støvet når eg borar. Men fjellet er hardt, og det er meir krevande å ta ut frå massivt fjell enn å kløyve ein stein.

I dag har eg teke ut alt som skal vekk inni kroken, og fremste rekkje i bakken. Resten må eg ta i ein eller to omgangar. Mange hol å bore, og hittil har eg fylt 4 støvsugarposar. Eg brukar kvar pose i alle fall 2 gonger. Fjellet er veldig hardt, så fjellkilane får mykje bank. Eg må også bruke meisel for å få dei laus når fjellet er sprengt.
ariens: Rydde og oppgradere garasjen - Innvendig hjørne1.JPG - ariens
ariens: Rydde og oppgradere garasjen - Innvendig hjørne2.JPG - ariens
ariens: Rydde og oppgradere garasjen - ANB_7865.JPG - ariens
ariens: Rydde og oppgradere garasjen - ANB_7866.JPG - ariens
  (trådstarter)
   #54
 1,387     Tromsø     0
Nå har eg fått vekk det meste av fjellet. Eg tok det ikkje heilt inn til muren sidan den kviler på det. Det blir spor etter boret, og ei ujamn overflate, men skråninga under muren er borte.  Eg kjem vel helst til å la bruddflata vere som ho er. Men høyrer gjerne om nokon har alternative forslag.
Sidan det kjem ein del vatn over dette berget, skal eg ha ei renne inntil så det ikkje kjem ut i oppkjørselen

Strukturen i berget går omtrent 45 grader i forhold til den bruddlinja eg ville ha, så det blei ekstra krevande å bryte. Eg laga mange hol, og valde å bruke 3 kilar i dei første hola frå enden. Braut det ut, og tok så dei neste 3 hola. (Bilde 1 og 2). Brukte 3 kilar for å ha ein i reserve, men eg fekk ikkje bruk for den i dag. Det var ei bruddflate som vatnet har sprengt ut passeleg langt under vegnivået på ein del av fjellet, det hjelpte.

Då er første del av prosjektet unnagjort, så får resten komme etter kvart.
ariens: Rydde og oppgradere garasjen - ANB_7868.JPG - ariens
ariens: Rydde og oppgradere garasjen - ANB_7867.JPG - ariens
ariens: Rydde og oppgradere garasjen - ANB_7870.JPG - ariens
ariens: Rydde og oppgradere garasjen - ANB_7871.JPG - ariens
ariens: Rydde og oppgradere garasjen - ANB_7873.JPG - ariens
  (trådstarter)
   #56
 1,387     Tromsø     0
Eg kjøpte mine her:
http://www.finn.no/finn/torget/annonse?finnkode=22859114, men du finn fleire om du søkjer på fjellkiler.
Eg har 4 sett på 24-25 mm, og har bestilt to til, det kan vere greit å ha i bakhand, dei lever jo eit hardt liv.
Boret skal ha same diameter som kilen.
Boret eg har brukt er 40 cm, og eg bora omtrent alle hol heilt ned, det er ein fordel når fjellet skal brytast. Hola svekkar fjellet, og styrer kor bruddet kjem.

Det skjedde 2-3 gonger at kanalane i boret tetta seg. Då blir det støv med ein gong, og boret går varmt. Eg banka lett på boret med ein vanleg hammar, då rann støvet ut. Dette boret med støvavsug gjer arbeidet meir komfortabelt, og ein slepp å løfte boret heile tida.

Eg synest ikkje det var så vanskeleg å lære seg teknikken. Men det kan vere lurt å prøve seg på eit mindre prosjekt for å sjå korleis utstyret oppfører seg.
Eg har brukt slegge til å slå på sjølve fjellet når kilane set det i spenn, viss det ikkje vil bryte på annan måte. Så har eg brukt borhammaren til å meisle, det har stundom vore nødvendig for å å kilane laus. Når eg har hørt godlyden når fjellet brest, må det ofte brytast meir for å få ut biten, i alle fall her som eg skulle ta ut bitar i eit skrånande berg. Å dele ein stein er atskilleg meir oversiktleg.

Fleire av mine erfaringar står på s.2 i tråden, eg hadde eit større prosjekt inne i garasjen i si tid.

  (trådstarter)
   #58
 1,387     Tromsø     0
Berre ein fornøyelse  :)

Med mitt prosjekt har det gått seint ei stund. Det er ein kjedeleg og plundrete jobb å gjere det penare under naboens mur. Nederste del er antakeleg frå 50-talet lagt på pukk. Hadde dei dengong grave 15-20 cm lenger ned, hadde dei nådd berget. Oppå er ein ny og solid mur som har stått støtt sjølv om fundamentet ser dårleg ut. Men eg prøver å gjere det litt penare under. Grev vekk molda ned til berget og fyller i med tørr mørtelblanding, med provisoriske forskalingar.  Blir absolutt ikkje profesjonelt, men eg håpar det er stabilt nok til at ikkje telen øydelegg det. Skal ta bilde når eg er ferdig.

I berget eg sprengde ut står hola igjen i halve djupna, og brotet er slik at eg ikkje kan bruke kilane, sideblekket får ikkje plass på baksida. Difor har eg fylt dei med trollkraft. Men så langt har fjellet halde stand. Eg vurderer om eg må bore ei ny rekkje med hol så eg kan sprenge meir med kilane. Eg skulle gjerne fjerna litt meir av fjellet.
ariens: Rydde og oppgradere garasjen - ANB_7882.JPG - ariens
ariens: Rydde og oppgradere garasjen - ANB_7886.JPG - ariens
ariens: Rydde og oppgradere garasjen - ANB_7890.JPG - ariens
ariens: Rydde og oppgradere garasjen - ANB_7923.JPG - ariens
  (trådstarter)
   #59
 1,387     Tromsø     0
I dag har eg tatt eit skippertak og bora og sprengt resten av fjellet. Trollkrafta greidde ikkje å få det ut.
Leigde igjen ein Hilti TE 80-ATC med 25x 400 Hilti TE-YD bor. Same som sist. (Ser at lenken ovanfor som skulle vise til desse ikkje funkar lenger, men begge er nok kjøpte på Motek.)

Eg bora tett med hol litt framfor rekka nærmast berget (bilde 3). Bora hola så djupe som boret rakk. Sprengde ut med fjellkilane, men dei greidde ikkje sprenge så veldig langt ned, så eg måtte meisle dei fleste laus.

På impuls kjøpte eg ein Biltema meiselhammer http://www.biltema.no/no/Verktoy/Elverktoy/Borhammer/Meiselhammer-DH-1700-17385/
2300 kr er rimeleg så framt han held ei stund, men det er sjølvsagt ikkje proffverkty. Han har gjort god nytte for seg dei siste dagane.

Når eg hadde sprengt ut den fremste/nederste rekkja viste det seg at trollkrafta har verka likevel. Eg kunne meisle vekk det meste som var bakom hola eg laga idag, og dermed fekk eg ei jamnare bruddflate på heile berget (bilde 4 og 5). 

Nå skal eg få tilkjørt meir sand og må ha ei hoppetusse. Så skal eg fylle opp litt og legge steinen på nytt. Bilda viser at det renn ein del vatn på berget, og difor skal eg ha ei renne framfor kanten. Ho blir kobla ihop med  renna i garasjefronten.
ariens: Rydde og oppgradere garasjen - ANB_8226 trollkraft.JPG - ariens
ariens: Rydde og oppgradere garasjen - ANB_8238 godt bor.JPG - ariens
ariens: Rydde og oppgradere garasjen - ANB_8241 mange hol.JPG - ariens
ariens: Rydde og oppgradere garasjen - ANB_8243 ferdig.JPG - ariens
ariens: Rydde og oppgradere garasjen - ANB_8244.JPG - ariens
  (trådstarter)
   #60
 1,387     Tromsø     0
Endeleg litt oppbygging i alt rotet. La ned drensrenne og støypte den fast mot berget. Skal legge litt mørtel og jern på framsida, men gjer det ferdig når steinen er lagt på nytt, så kan eg legge mørtelen inn mot den.
ariens: Rydde og oppgradere garasjen - ANB_8245.JPG - ariens
ariens: Rydde og oppgradere garasjen - ANB_8247.JPG - ariens