789    0    0  

Brannsikring av KUB i utebod

 88     Tørvå City     0
Hei!

Eg har bygd kjeller i KUB, og har i same slengen laga til eit bodareal under altanen. Arealet vert delt i 2, der den inste delen vert arbeidskjellar og lagringsplass verkty mm, medan den yste delen vert det sykkelgarasje, spyling av skitne ungar, krabbekoking osv. I den inste delen skal eg fore ut og isolere med 5 cm steinull og kle med OSB-plater eller rupanel.

Eg er derimot veldig usikker kva eg gjer i den yste delen. Det er lagt ut vatn og støypt fall mot sluk i golvet, so noko slabbing med vatn må påreknast. Korleis bør eg brannsikre/kle veggane i denne delen? Utgangspunktet er å pusse desse, men sidan det ikkje er gjort på 1-2-3, tolar dårleg slag og kakk og egnar seg dårleg til å henge opp hyller osv, kunne eg tenkt meg ei anna løysing som gjev meg desse moglegheitene. Det vert marginalt med elektrisk installasjon i denne delen, so arbeid med evt skjult installasjon treng ikkje medreknast i vurderinga. Derimot er arbeidstid og pris noko eg må ta med i vurderinga.

Har tenkt at kanskje det fins gode gips-alternativ som kanskje kan kleast med feks OSB og målast i våtromsmåling (kanskje golvbelegg nedste delen av veggen?) for god brannsikring og bereemne..? Håper nokon her inne har gode idear og dele!