7,305
3
1
Framgongsmåte på grunnarbeid til nytt hus
13
Sogn og Fjordane
1
Hei!
Eg skal bygge hus i eit bustadfelt og har lyst å gjere grunnarbeidet sjølv. Har gravemaskin og lastebil tilgjengeleg. Tomta er ikkje bratt, men består mest sannsynleg av leire under torva/lyngen.
Er det nokon som kan forklare meg den vanlegaste framgongsmåten med tanke på opparbeiding av tomta?
Slik eg tenker det vert det då i nærheita av dette:
1. Grave vekk torv og lyng der det er nødvendig, og køyre dette vekk, eller evt. sette det til sides til seinare.
2. Tilkomstveg - Grave seg litt ned på og lage ei lita grøft for grunnvatnet. Køyre til ca 40 cm pukk og deretter 15 cm grus.
3. Lage til plass for kum. Grave grøft opp til der huset skal stå.
4. Få målt ut kvar muren skal stå, og grave ut ca. 1 meter breiare enn den. Legge på fiberduk og presenning for å hindre at leiren/massa skal rase ned ved nedbør (der det er skråning).
5. Grave rundt der muren skal stå og legge ned to drensrør. Singel oppå.
6. Grave grøfta som skal til straum og fiber, og legge rør
7. Legge røra slik dei stikk innom muren - (klart til rørleggar)
8. Legge på pukk der muren skal stå ca. 40-50 cm?? Og deretter ein del singel - til slutt
komprimere.
9. Starte på muren - støype den ferdig
10. Lat støttemuren i bakkant (mot skråninga) få sette seg (tørke) i to veker, før eg fyller på med drenerande masse inn mot muren
11. Få tak i rørleggar som legg røra der dei skal, medan eg legg på singel og til slutt komprimerar. Kor mykje singel , og evt. kor lavt skal røra ligge?
12. Legge på isopor 20 cm, radon/fuktsperre, 5 cm isopor, avstandsstykker (overalt) og til slutt armeringsmatter. Då skal det vere klart til støyp? Ca 8 cm plate ?
Ser dette greit ut eller er det mykje forbetringspotensiale?
Kom med idear den som vil

13) Legge ut bilder på byggebolig.no etterhvert så vi kan se på framgang :D
Ser du at det er knauser eller berg som stikker opp som kan komme i konflikt med fremtidig garasje, boder, uteplass osv, få planert/sprengt bort dette nå. Ellers så er det bra du legger ut dette nå, mange lker å følge et slkt prosjekt fra A til Å