16    1    0  

Kjellerdrenering - knotteplast og pukk eller Thermodren

 1     0
Hei, skal drenere kjellar frå 1960-tallet. Det er støpt golv, vegg og tak med relativt låg takhøgde  (under 2,1 m). Me har difor ikkje planar om å nytte kjellaren til anna enn lager og teknisk etc. Det er likevel eitt rom med steingolv der det kan bli aktuelt å få meir takhøgde og nytte til trening etc. 

Graveentreprenør tilrådde å drenere berre med knotteplast, rør og tilbakefylle med pukk sidan det ikkje skal innreiast.

Eg funderer likevel endel på om det er lurt å isolere når det fyrst vert drenert, gravar plar nytte Thermodren ved isolering av kjeller. 

Grunnen til å samtidig isolere kan slik eg tenkjer vere (og det er forsåvidt spørsmålet) at kjellar vert enda tørrare ved isolering, mellom anna fordi det bli tørrare mur og mindre kondens i kjellar? Eventuelt om ein billigare isoleringsløysing kan vere passande i eit tilfelle som dette. 

Erfaringar og råd vert sett stor pris på. 

Husk dette under oppussing: Lagre kvitteringer, bilder og avtaler i Boligmappa. Logg inn her

   #1
 39,488     Lillestrøm kommune     0
Isolere, isolasjon på innsiden av knotteplast