#21
 974     0
hektar meg på denne -- medan temaet er varmt
Vi tenkjer på å legge sementstein i innkøyrsla mot ein traffikert grusveg, og kanskje på ein biloppstillingsplass langs vegkanten.

Trafikken vil inkludere bossbilen, kommunale brøytetraktorar (ganske store) og kanskje ein og annan veghøvel - og alle desse kan tenkjast å gjere ein sving innom kantsteinen.

Kor mykje betong må det vere under (og til sides for) kantsteinen, for at det ikkje skal verte steinrøys?  Bør det også vere betong under dei ytterste steinane (innafor kantsteinen)?
Armering?