642
11
2
Kva er rimeleg ved innkjøp på privat veg.
147
0
For eitt år sidan bygde eg ein veg på ca 100 meter til min nye bustadtomt. Vegen ligg over naboen sin eigedom, og vegrett er tinglyst. Vegen vart altså bygd og betalt av meg. Då vegen vart bygd såg det ikkje ut til at fleire tomtar skulle skiljast frå utanom min, då min tomt var den einaste innanfor bustadregulert område og resten ligg i LNF.
Men no har det seg slik at eg får ein ny nabo likevel, som har søkt og fått godkjend bygging i LNF-område.
Einaste mulighet den nye naboen har for veg til tomta, er over min veg. (eventuelt ved sida av min veg, men det er urimelig). Situasjonskart over ny eigedom er også teikna over min veg. Eg har skrive under på alle nabovarsel då eg ikkje har noko imot at det blir bygd hus der.
Men eg lurar på kva som er rimeleg med tanke på at nabo kjøper seg inn på min veg?
Eg har såpass stor tomt at eg lurar på å selja ein del av den ved seinare anledning, men det er ikkje bestemt.
Er det rimelig at ny nabo betaler halve summen av det eg bygde vegen for? Eller bør summen delast på 3, sidan eg har ein eventuell ekstra tomt?
Eg har ikkje tatt opp dette med nabo endo, men ynskjer å få innspel slik at ikkje eg kjem med eit urimelig forslag for så å øydeleggje naboskapet.
Håpar nokon her kan sei kva dei meiner er rimelig, då det ikkje finnes noko skriftleg på korleis det skal gjerast i dette tilfellet.

Dersom du skal bygge senere så kjøper du en andel til av veilaget, ergo betaler 1/6 av totalen til nabo. Foreslår at transaksjonen ikke gjøres nå, men at avtaler dette som en opsjon.
Så dersom me seier at vegen kosta 120 000kr og ny nabo bruker heile vegen, så betaler han 60 000 til meg som har bygd vegen. Dersom eg deler min tomt i to, og det totalt vil bli 3 enheter på samme vegen, så betaler sistemann 40 000 til meg, der 20 000 går tilbake til nabo nr 2? Vedlikehold av vegen i framtida vil då bli spleiselag mellom x-antall naboer? Når burde eventuelt transaksjonen finne stad?
Så dersom ny nabo betaler f.eks. 20 000kr for å koble seg til vegen, så blir dei pengane satt på egen konto som skal koste vedlikehold av vegen i framtida?
Kan nevne at ny nabo kobler seg til enden av min veg, for så å bygge veg eit stykke videre. Vegen kosta meg ca 120 000 kroner, så då har jo ny nabo i teorien "spart" 120 000kr ved at eg var først ute. Blir det ikkje då rimelig med "oddbjoh" sitt innspel?
Tenk også over situasjonen der flere vil kjøpe seg inn. Det ligger jo en opsjon på én ekstra tomt som du nevnte, men teoretisk kan det jo komme flere.
Skal felles vei gå helt frem til den nye tomten, eller skal dere eie sammen kun den delen av veien som brukes av begge?
Det er nokså tvilsomt at det kjem så mange fleire då kommunen ikkje ynskjer fleire hus i dette område enn det som er pga. dyrka mark. (Ny nabo kommer såvidt utanfor dyrka mark,) Men skulle det komma fleire, så kan ein jo berre fortsette oppdelinga av summen etter prosentvis kor mykje veg dei andre skulle ha bruk for.
Felles veg blir kun den delen eg har bygd. Min veg har ein sving inn på tomta mi etter ca 100meter. Derifrå må den nye naboen fortsette vegen rett fram. Så det er kun den delen begge kjem til å bruka vi kjem til å eiga ilag.
Vedlikehold deles på antall i veilaget, jo flere som bruker jo flere å dele på - og jo mere slitasje. Kanskje også lurt å tenke på måking?
Snømåking gjer eg sjølv, då eg uansett driv med det ellers. Der kan eg ev. rekna ut kva eg ville tatt for å brøyte ein slik veg normalt sett og så betaler ny nabo halvparten av det.
Veien som eg har bygd er bunnsolid. Steinmasser ned til fjell, og komprimert med vals. Har fått transportert rundt 100 lastebillass med stein til min egen tomt uten at det viser på vegen. Den er forøvrig ikkje gruslagt enda, men det kan me ev. spleisa på når grunnarbeid hos nabo er ferdig. Men i utgangspunktet er det jo greit med ein avtale på forhånd dersom noko skulle skje.