512    18    2  

ariens: Fjerne sandfyling i etasjeskille

 1 351     Tromsø     0
I alle år har eg vore misfornøgd med ei tung sandfylling i etasjeskillet mot loftet. På det største rommet kjenner eg tydeleg resonans viss eg trampar i golvet. Skjellsanden er effektiv lydisolasjon, men eg likar ikkje tanken på ei så tung last over stua.
Etter nesten 30 år har eg nå tatt meg på tak og sett i gang med å ta opp golvet. Eg håpar eg kan bruke golvborda opp att, så eg prøver å ta dei forsiktig. Sjølvsagt tek det meir tid. 
ariens: Fjerne sandfyling i etasjeskille - P1040427.JPG - ariens
Eg hadde tenkt å avrette golvet sidan det er litt søkk i midten. Eg sjekka med golvlaser og ser at heile golvet hallar litt inn mot alle innerveggene. Ikkje så mykje at eg merkar det, så eg lar det vere. Men eg vil gjerne ha bort resonansen når eg trampar i det.
ariens: Fjerne sandfyling i etasjeskille - P1040429.JPG - ariens
Eg nummererte alle golvborda og fekk tatt opp knapt ein fjerdedel idag. 
ariens: Fjerne sandfyling i etasjeskille - P1040428.JPG - ariens
Eg må sage over spikrane, så det tek litt tid. Løfter kanten litt med ein pinne. 
ariens: Fjerne sandfyling i etasjeskille - P1040430.JPG - ariens
Multikuttaren er uunnværleg. Eg begynte litt innpå golvet og saga over fjøra, så drog eg opp spikrane med spikertrekkar og kunne bende første bordet opp.
Ein del pirkearbeid å få opp særleg det første bordet.

På slutten av dagen bar eg ut mange bøtter med skjellsand, det ligg minst 5 cm over eit stubbloft. Så eg må vel fjerne det også. Bortsett frå at metodane er utdaterte, er det godt og grundig handverk i huset vårt frå 1951. 

HSt
   #1
 16 772     Sørum     0
Lyd isolasjon kan gå rett vest, dvs bli ikke eksisterende. Jeg har en gang beskrevet det som elefanter som går i 2.etg.

Men er ingen ekspert så hvor godt det gamle lydisolerte vet jeg ikke

Resonanser skal de bli mindre med mindre vekt ?

Stivere, skru på Lundab bjelker legge trinnlyd natter mm.  Det gamle gulvet er da trolig container vare
  (trådstarter)
   #2
 1 351     Tromsø     0
Eg må begrense renoveringa til dette rommet, dvs at det er begrensa kor omfattande eg kan legge det opp. Det viktigaste er å få ut sanden og fylle heile rommet med mineralull. Truleg fjernar eg stubbloftet og lar isolasjonen ligge på himlinga under. Må sjå nærmare når rivinga er kommen lenger.
Sikkert ein god ide å forsterke ein eller fleire bjelkar. Skal ha det i bakhodet.

Den gamle lydisoleringa er heilt perfekt, men med stue under og vårt eige soverom over kan vi leve med at den blir dårlegare.
  (trådstarter)
   #3
 1 351     Tromsø     0
Fortsette riving i dag. Fjerna fleire golvbord, sand, og stubbloftet.
ariens: Fjerne sandfyling i etasjeskille - P1040436.JPG - ariens
Når stubbloftet er fjerna, er det 18-19 cm rom mellom golv og himling. Eg begynte å legge 10 + 7 cm Glava, men det er litt for lite, så eg vurderer å legge 20 cm på resten.
ariens: Fjerne sandfyling i etasjeskille - P1040437.JPG - ariens
Ytterst ligg eit stykke Glava på høgkant. Fuga i alle overgangar.
ariens: Fjerne sandfyling i etasjeskille - P1040432.JPG - ariens
Emballasje for nostalgiske produkt.
ariens: Fjerne sandfyling i etasjeskille - P1040433.JPG - ariens
Endå meir nostalgi.
ariens: Fjerne sandfyling i etasjeskille - P1040438.JPG - ariens
På slutten av dagen har eg isolert og 10 bord montert igjen. Eg skrudde dei og det gjekk greit å få dei ihop att. Neste økt blir meir riving. Men nå veit eg korleis det er bygt opp.
  (trådstarter)
   #5
 1 351     Tromsø     0
Takk for det cheffen. Det er mange slags utfordringar med gamle hus, og nokre med nye også. Men erfaringa frå diverse prosjekt og utfordringar kjem gjerne til nytte på neste prosjekt.
  (trådstarter)
   #6
 1 351     Tromsø     0
Det er ubehageleg arbeidsstilling å jobbe på og under golvet heile tida, og det bidreg til at alt tek lenger tid. I dag har eg tatt laus golvbord, rydda vekk sand og stubbloft og isolert ei ny bredde og montert golvborda over.
Golvåsane er 7 tommar høge, dvs ca 18 cm, og eg fann ut at eg må ha 20 cm glava for å fylle rommet skikkeleg.
ariens: Fjerne sandfyling i etasjeskille - P1040440.JPG - ariens
Det er mykje lettare å sage over spikrane når eg legg ein kile som lettar bordet litt. Best Tools saga er ikkje noko å vise fram, men ho gjer denne jobben heilt greit, og eg har hatt henne i mange år nå. Hadde borda lege med fjæra fremst, ville det vore enklast å ta ut spikrane med spikertrekkaren som ligg attmed kubeinet.
ariens: Fjerne sandfyling i etasjeskille -  - ariens
Slik ser det ut ved enden av dagen. Eg har fått lagt 2 bredder med glava og golvborda over er på plass igjen. Eg skruar dei i golvåsane, for det kjem laminat over så skruane viser ikkje.
Nå er det klart for å fjerne meir sand og stubbloft og gjere ferdig ei ny bredde.
   #7
 6 309     Akershus     0
Jeg trodde først du skulle beholde tregulvet, men nå skjønner jeg at det ikke er tilfelle. Du slipper jo ganske mye avfall ved på gjøre det på denne måten, samt at du ikke trenger å ta kostnaden ved å kjøpe inn nytt undergulv.
Signatur

  (trådstarter)
   #8
 1 351     Tromsø     0
Golvet var slik:

Pløygde golvbord, 28 mm oppå bjelkane. Under bjelkane var rupanel og under den er seinare lagt pernillepanel, det er himlingen i rommet under. I nedkant av bjelken var spikra ei lekte som stubbloftet/ stubbgolvet (alt ettersom) kvilte på. Over stubbloftet låg svart papp, sydde matter Rockwool, og ca 5 cm skjellsand. Luftrom under stubbloftet og over sanden. På bildet har eg bretta svartpappen innover der sanden og mattene låg. Så viser det korleis stubbloftsborda kviler på ei lekte i kvar bjelke.
Nå blir rommet mellom golvbord og underpanel fylt med 20 cm Glava. Golvborda legg eg på igjen og så vil det komme laminatgolv oppå der igjen.
Eg vurderte å legge 22 mm golvplater, men då blei det problem i overgangen til gammalt golv. Og golbjelkane har cc ca 50 cm, så det ville bli veldig mykje kubbing. Alt i alt vurderte eg som beste løsning å gjenbruke golvborda.


ariens: Fjerne sandfyling i etasjeskille -  - ariens
  (trådstarter)
   #9
 1 351     Tromsø     0
I dag fekk eg ut resten av sanden.
Så kjørte eg ein hengar full av gammalt laminatgolv, sydde rockwoolmatter, stubbloftsbord og rusk og rask på fyllinga.ariens: Fjerne sandfyling i etasjeskille -  - ariens
Merka at hengaren var godt lasta.
ariens: Fjerne sandfyling i etasjeskille -  - ariens
Eg har rekna litt på vekt, og antar at eg har fjerna ca 1000 kg sand, sydde matter og stubbloft frå golvflata. Det merkast når eg nå trampar i golvet at det er mykje mindre masse i bevegelse. Nå er det som eit normalt tregolv. Eg er veldig fornøgd med det resultatet, som var hovudmotivasjon for heile prosjektet. Lydgjennomgang har eg ikkje skikkeleg inntrykk av ennå, men eg trur ikkje det er så ille.
ariens: Fjerne sandfyling i etasjeskille -  - ariens
Eg har fått ei god mengde sand som eg må plassere. Anslagsvis 0,7 m3
ariens: Fjerne sandfyling i etasjeskille -  - ariens
Slik ser det ut på slutten av dagen. Eg har skrudd ca halve golvet ferdig, resten av golborda ligg lause. Skal legge glava i siste kroken, og skru dei gamle golvborda på plass igjen. Eg måtte akutt hjelpe til med våronna i hagen, så golvet blei ikkje ferdig idag.
Rommet mellom bjelkane fortset til rommet bak veggen. Der skal eg skifte golvbelegg snart, og kanskje tek eg ut sanden der også. Behovet er ikkje like stort der for spennet er mindre så golvet dissar ikkje like mykje. Eg håpar eg har golvet på plass igjen i morgon.
TSt
   #10
 3 128     0
Du får først se hvordan det blir med lyd mellom etasjene. Om det er bedre eller dårligere enn det var. Mulig en skulle brukt tyngre isolasjon men vet ikke om det hjelper i enkle konstruksjoner som dette.