11,395    101    11  

ariens: renovere bad

 1,387     Tromsø     0
Leigebuarane er ute og eg kan ta fatt på sommarens prosjekt, å renovere badet i kjellaren. Sist sommar renoverte eg eine hybelen, 
http://www.byggebolig.no/oppgraderinger-oppussing/ariens-renovere-hybel, nå er det på tide å ta badet etter over 20 års bruk. 
ariens: renovere bad  - DSC_2815.JPG - ariens

Rommet er 184 x 129, 2,37 kvm og eg håpar å kunne strekke det nokre cm begge veier. Største problemet er at sluken ligg midt under dusjkabinettet og det er ikkje plass å dra det fram. Sluken skal flyttast så eg må slå opp golvet og forandre avløpet. 

ariens: renovere bad  - DSC_2816.JPG - ariens

Badet er enkelt men har dei nødvendige funksjonar. Eg har tenkt å strippe rommet og ta det frå grunnen av. Så får eg sjå om eg kan gjere det betre enn for 20 år sidan. 
Med tanke på dokumentasjon har eg fått låne ei skikkeleg vidvinkellinse, Nikon 14-24 1:2,8 for den interesserte.

   #1
 65     Trekkfull by nordpå...     0
Følger!
Signatur
   #3
 2,984     Vestlandet     0
Føljer med på denne tråden din og:-)
Pøs gjerne pp med bilete, så lærer me grønskollingar.
Signatur
  (trådstarter)
   #4
 1,387     Tromsø     0
Hyggeleg at de vil følgje med Smile
Det blei ei lita økt i dag med å demontere dusjkabinett, toalett og servant. Dusjen skal brukast vidare, det andre skal skiftast.

ariens: renovere bad  - DSC_2820.JPG - ariens

Fortsette å rive kassen rundt rørsystemet. Eine sida på denne kassen var skrudd på, slik at eg har kunna inspisere utan å ødelegge noko. Så mangla eg berre ei skarve støttehylse for å kunne kutte og plugge røra, det må til før eg kjem vidare.

ariens: renovere bad  - DSC_2818.JPG - ariens

Så skal eg strippe heile rommet. Mi erfaring er at det er best å rive mest mulig for å kunne jobbe effektivt og få godt resultat. Så eg håpar å få vekk mest mulig dei neste dagane.

   #5
 895     0
Har ventet på at du skulle komme i gang med dette prosjektet, gleder meg til å følge med!
  (trådstarter)
   #6
 1,387     Tromsø     0
I dag begynte eg med å plugge røra så eg fekk rommet fritt. Veggene blei strippa, og golvbelegget fjerna. Tok også vekk veggen mot gangen. 
ariens: renovere bad  - 1-DSC_2830.JPG - ariens
Dette verktyet brukte eg

variens: renovere bad  - 1-DSC_2831.JPG - ariens
Slik såg det ut inne etterpå. Veggen til venstre er ein berevegg av betongblokker som grensar til vår del av kjellaren. Den var kledd med ca 5 cm glava. Vindusveggen var kledd med 7,5 cm glava. Veggen til høgre grensar til kjøkken. Det er ein opprinneleg vegg av 2"4. Den har eg ikkje tenkt å gjere noko med. Eller finst det ein enkel måte å redusere stenderverket ned til ca 7 cm? Det er ikkje berevegg.
ariens: renovere bad  - 2-DSC_2833.JPG - ariens
Og slik var det i hagen før eg fekk kjørt det på dynga.

Så var det tid for å slå vekk skjellsandmuren som er innanfor grunnmuren, som består av betongblokker. Skjellsandmuren bygger 15-17 cm inn i rommet, og eg ser ikkje at eg har noka nytte av den.
ariens: renovere bad  - 3-DSC_2835.JPG - ariens
Tid for å finne fram anna verkty. Muren blei slått ned med kombihammar og manuell slegge. Meiselhammaren får eg bruk for på golvet. Desse to billeghamrane frå Biltema har eg hatt stor nytte av dei siste åra. Dei er sjølvsagt ikkje Hilti, men til mitt bruk har dei vore gode nok.

ariens: renovere bad  - 4-DSC_2838.JPG - ariens
Eg får ein del pusk med røra i hjørnet. Det endar vel med ei innkassing, slik som før.
ariens: renovere bad  - 5-DSC_2840.JPG - ariens
Bereveggen til venstre trudde eg var av skjellsandstein, og eg hadde tenkt å slå han ned frå yttervegg og fram til døra, ca 3 m, og erstatte han med ein 48 x 98 for å spare plass. (For ordens skuld, eg ville stemple av før eg slo ned muren.) Då eg såg at han er i betongstein blei eg betenkt. Har mest lyst å la han stå, men då blir rommet like smalt  som før.
Hovedproblemet har vore plasseringa av sluken, den skal flyttast fram på golvet for å komme til utan å demontere dusjkabinettet. Dessutan bør det vere mulig å trekke fram kabinettet for å gjere reint på baksida. Det nye klosettet er litt smalare enn det gamle, og eg skal plassere det så langt til sida som forsvarleg. Eg vurderer også å plassere servanten på veggen mot gangen.  Slik det nå ser ut, kan eg få rommet ca 20 cm lengre, dvs ca 2 m.
   #7
 372     Hedmark      0
Følger med her.
Skal i gang med lite bad selv snart, så trenger tips til gode løsninger Smile

   #8
 6,009     Finnmark     0
Bygging er ofte en lek...... Det vanskeligste er ofte å rive det gamle riktig....... 😀
.... Også alt søppelet som må kjøres vekk,  og betales for da😂
Signatur
  (trådstarter)
   #9
 1,387     Tromsø     0
Sant nok finnmark, rivinga er ein viktig del av prosessen. Her i byen får vi kvart år eit digitalt klippekort med 6 klipp. I sommarhalvåret kan vi fylle bil og hengar for 1 klipp. Av ein eller annan grunn får kona eit ekstra kort, og det er veldig kjekt for meg. Eg er ein hund etter slike klipp.
I går fylte eg hengaren m kapell med skjellsandstein og plater så eg blei kvitt det aller meste i eitt lass. Fint å ha fleire klipp til gode.
  (trådstarter)
   #10
 1,387     Tromsø     0
Nå har eg sett inn inventaret for å vurdere plassen.
Eg har så godt som slått frå meg å slå ned veggen til venstre. Men kanskje prøver eg å skjere ned reisverksveggen til høgre til 6-7 cm, så vinn eg 3-4 cm i breddda.
ariens: renovere bad  -  - ariens
Eg har sett inn ein standardservant med skap, men eg kan om nødvendig kjøpe ein mindre servant.

ariens: renovere bad  -  - ariens
Her er skisse med ca mål, sluken plasserer eg framfor kabinettet. Midt på golvet ville han ligge slik at alle trør på han heile tida.

Spørsmål 1:
Kor mykje isolasjon trengst på murveggen til venstre? Før hadde eg svart papp og inntil 5 cm glava, plate og våtromstapet. Veggen er ujamn så eg retta den opp med stenderane.
Denne veggen går mot uoppvarma kjellarrom. Eg vil rette han opp med stenderar og plater. Treng han glava i det heile, eller kan eg gå ned i 3-4 cm glava? 
Eller kan eg berre tapetsere rett på muren? 
Eller finst det andre muligheiter?

Spørsmål 2:
Isolasjon av yttervegg. Den består nå av 15 cm massive betongblokker. Terrenget går 30-40 cm over golv til venstre og hallar nedover. Drenert på utsida.
Veggen eg reiv hadde svart papp, 7 cm glava, plast, plater og vårtromstapet. Alt var heilt tørt og fint. Ingen spor etter fukt.
Det enklaste nå vil vere å legge vindsperre, 7 cm glava, plast osv. Eg ser at det ikkje blir anbefalt organisk materiale i ein slik vegg. Men dette ligg altså for det meste over terrenget og det var heilt tørt.

Nå skal eg gå løs på golvet. Trur det blir best å legge avløpet på nytt og få skifta varmekabel etter 20 år.
Eg vil også rive den gamle himlinga, fuge mot yttervegg og fylle med glava.