(trådstarter)
   #31
 1,387     Tromsø     0
Litt rolegare tempo i dag, har lagt opp vindsperreduk (Filtex) og begynt å tenkje på stenderverk. Noko av den gamle deleveggen med ekte 2"4 (ikkje pinglete 48*98) har eg tenkt å bruke om att. Topp- og botnsvill derifrå er lange og dei legg eg på nytt. Den eine var litt krøkt, men med ein krittstrek og dykksaga fekk eg retta opp eine sida. Litt hardt arbeid for dykksaga, eg skal ikkje bruke henne mykje på denne måten. Eg legg stenderane 1-2 cm ut frå muren. Og brukar 48*98 der eg må. Forskjellen mellom 48*98 og 2"4 betyr ikkje noko her, eg berre legg rett kant inn mot rommet.

ariens: renovere hybel -  - ariens

  (trådstarter)
   #32
 1,387     Tromsø     0
Ferdig med innvendig reisverk, eg fekk brukt mykje av dei gamle 2"4 plankane (det mørke treverket på bilda). Treet var friskt og med tette årringar. Så supplerte eg med 48*98 etter behov. Den nye deleveggen mot gangen bygde eg med 48*68, så sparte eg ca 3 cm i forhold til den gamle veggen.
I morgon kjem elektrikar og legg rør og boksar.

ariens: renovere hybel -  - ariens
Det har vore endå meir rotete.

ariens: renovere hybel -  - ariens
I kroken ved pipa skal det komme skap igjen. Før hadde eg panel på veggene, nå blir det plater, så eg treng berre stenderar. Det blir sponplater, eg vil ikkje bruke gips i eit utleigerom.

ariens: renovere hybel -  - ariens

Til ære for #cheffen som tidlegare spurte om Gjerdesaga (første bilde i tråden) hadde eg tenkt å ta den fram og ta eit nytt bilde av same motivet. Men eg ser at kapp- og gjærsaga i dag er hendigare å bruke, og til det lille som er av kløyving, brukar eg bordsaga DeWalt 745. Men Gjerdesaga står i garasjen i påvente av større prosjekt.
ariens: renovere hybel -  - ariens
  (trådstarter)
   #34
 1,387     Tromsø     0
Nokon som har godt forslag til å feste vinsperra mot vinduet? Litt krøkkete i forhold til vanleg konstruksjon. Eg vil sperre mot trekk i vindusopninga. Det betyr at vindsperra og plasten vil møtast på omtrent same punkt mot vinduskarmen. Det er ingen bein og fin kant på muren. Eg tenkjer fugeskum eller fugemasse for vindsperra, og tape for plasten. Og at det ikkje finst noka elegant løsning her.

ariens: renovere hybel -  - ariens
   #35
 25,058     Akershus     0
Du bør først pusse vindussmyget før vinduet settes inn. I ytterkant fuging mellom karm og puss med dekklist over. Med en slik konstruksjon får du lufttettet Lecaen og det er enkelt å bytte vindu uten å rote med ny pussing. Lecaen bør også slemmes innvendig for tetting.
Signatur
   #36
 2,435     Hordaland     0
Ut i fra bildet/skissen du har lagt ut Ariens, så tenker jeg at dette kanskje kan være en ugunstig løsning? Eventuelt trekk mellom vindu/grunnmur vil trekke inn på baksiden av plasten. Du vil da kunne få en kald side på baksiden av plasten, og en varm side på den siden som vender inn mot rommet. Slikt blir det kondens ut av...
Signatur
  (trådstarter)
   #37
 1,387     Tromsø     0
Eg er einig i at det ikkje er optimal løysing, og veit ikkje om eg får det til heller.
Har tenkt på følgjande: Eg limer vindsperra til bjelkelaget (rød strek nedanfor) og tettar mellom mur og vindsperre med fugeskum. Viss eg får det til, legg eg ei ekstra remse med vindsperre mellom bjelkelaget og muren, i tillegg til skummet. Eg vil jo helst ha eit isolert skikt mellom plasten og vindsperra.
ariens: renovere hybel -  - ariens

Elles har eg lagt glava, plast og dei første veggplatene idag. Før eg legg glava, merkar eg på stenderane kvar røra går gjennom. Så tar eg masse bilde for å kunne sjå tilbake. For meg er det heil umulig å hugse kvar røra går så snart dei er skjulte.

ariens: renovere hybel -  - ariens

Dykksaga er suveren til å dele plater.

ariens: renovere hybel -  - ariens
Så er dei første platene på plass

  (trådstarter)
   #38
 1,387     Tromsø     0
Eg er einig i at det ikkje er optimal løysing, og veit ikkje om eg får det til heller.
Har tenkt på følgjande: Eg limer vindsperra til bjelkelaget (rød strek nedanfor) og tettar mellom mur og vindsperre med fugeskum. Viss eg får det til, legg eg ei ekstra remse med vindsperre mellom bjelkelaget og muren, i tillegg til skummet. Eg vil jo helst ha eit isolert skikt mellom plasten og vindsperra.
ariens: renovere hybel -  - ariens

Elles har eg lagt glava, plast og dei første veggplatene idag. Før eg legg glava, merkar eg på stenderane kvar røra går gjennom. Så tar eg masse bilde for å kunne sjå tilbake. For meg er det heil umulig å hugse kvar røra går så snart dei er skjulte.

ariens: renovere hybel -  - ariens

Dykksaga er suveren til å dele plater.

ariens: renovere hybel -  - ariens
Så er dei første platene på plass
ariens: renovere hybel -  - ariens
  (trådstarter)
   #40
 1,387     Tromsø     0
Eg trudde kjellaren kanskje var meir trua av fukt. I si tid fekk eg anbefalt å bruke fuktbeskytta plater i kjøkken og bad i same kjellaren. Så eg kjøpte det berre utan å tenkje nærmare over det.
Når det gjeld spon/gips synest eg det er betre å bruke spon i eit utleigerom. Større risiko for skader i ei gipsplate når diverse hybelbuarar skal henge opp bilde etc.