(trådstarter)
   #41
 1,387     Tromsø     0
Ein dag for støvmaske og hørselvern, det blir mykje støv av å sage og tilpasse sponplater. ariens: renovere hybel -  - ariens
Hole finder settet til Biltema er ikkje like påliteleg på vegg som under himling, der magneten styrte seg presist inn på sentrum. Nokre gonger måtte eg sage hol for å finne senter.
ariens: renovere hybel -  - ariens
Magneten som blir sett i boksen har senterhol, og når eg finn det, styrer det holsaga rimeleg presist.

ariens: renovere hybel -  - ariens
Denne drillen er utruleg kraftig, han dreg alt av skruar og holsager. 500 w og lågt turtal, så det blir kraftig moment. Multikuttaren kjem veldig ofte til nytte.
ariens: renovere hybel -  - ariens
Etter kvart får eg vondt i hendene av å tvihalde på doren når eg skal dykke spiker, så eg sparer hendene med denne stiftepistolen.
ariens: renovere hybel -  - ariens
Då er eg snart ferdig å kle veggene
ariens: renovere hybel -  - ariens
så må eg fore og liste rundt om

ariens: renovere hybel -  - ariens
Gangen passar best for slanke folk.

  (trådstarter)
   #44
 1,387     Tromsø     0
Takk for det, Amatør. I tillegg til å få ein større og finare hybel [sub]som eg kan ta høgare husleige for, [/sub]har eg fått lagt ut rør til datanettverket, og kan få skilt ut utleigedelen med eit eige aksesspunkt. Har bestilt ein managed switch etter anbefaling frå rho ovanfor. Så får eg sjå om eg greier å koble opp alt sjølv.

cheffen, pga av upåliteleg husk skreiv eg på kompressoren at han skal kvile 7,5 min når han har gått 2,5 min. Slikt er fort gjort å gløyme, synest eg. Og eg sit ikkje med stoppeklokka uansett. Denne vesle kompressoren greier likevel å drive stiftepistolen. Men stiftepistolen som er heilt ny begynte å leke luft idag. Så eg får høyre kva dei seier i butikken.

Eg blei ferdig å platekle veggene idag, og tok ei skikkeleg opprydding etterpå. Det er jo så høveleg at verktybua mi ligg rett over gangen. Eg har litt restar av platene, dei skal eg bruke når eg lagar nytt skap. Neste steg blir vel å gjere ferdig rundt vindua.
  (trådstarter)
   #46
 1,387     Tromsø     0
Hehe, ja alle slike dingsar burde vore sjølvforklarande, så vi slapp alle bruksanvisningane. Forresten, så fekk eg utan vidare ny stiftepistol i dag. Bravo.
  (trådstarter)
   #47
 1,387     Tromsø     0
I dag skifte eg eit utslite blandebatteri på hybelbadet, satsar på Oras. Så kjøpte eg 2 hobbyplankar til foring. Trong berre ei plate til kvart vindu, det blei billegast.ariens: renovere hybel -  - ariens
Fint å stå ute i hagen og sage. Kappe med ei sag og kløyve og lage fals med den andre.
ariens: renovere hybel -  - ariens
Får vise litt av kona sin flotte hage i same slengen.
ariens: renovere hybel -  - ariens
Eg har vel ikkje gjort det etter boka, men forstår heller ikkje at det er mulig her. Som bildet viser bretta eg vindsperra inn mot rommet, limte med fugemasse til stenderen.
Fugeskum mellom vindsperre og yttermur så det skal vere trekktett.
Når foringane var på plass la eg også ei stripe med skum bak dei før listene kom på. Plasten festa eg mellom foring og list.
ariens: renovere hybel -  - ariens
Det er ofte plundrete å få foringa i veggplanet. Eg merkar med syl for å få nøyaktig.

ariens: renovere hybel -  - ariens
Dykksaga er heilt fantastisk til å få fin framkant på foringa når det berre er nøyaktig merka, og det er enkelt å justere vidare så alle foringane blir heilt rette. Har aldri vore så fornøgd med foringane mine som denne gongen.
ariens: renovere hybel -  - ariens
Det tradisjonelle verktyet blir visst ikkje utdatert
ariens: renovere hybel -  - ariens
Og vips var det ferdig

ariens: renovere hybel -  - ariens
Eg begynte også å pusse utvendig, men blei ikkje ferdig. Eg plar pusse vinduet inn, sjølv om det blir meir arbeid når det skal skiftast. Eg lagar ei lita ramme som forskaling, eller får eg det ikkje til. Ramma blir festa med nokre få små spiker som eg slår inn på skrå og så kort som mulig frå vindussida. Når pussen er tørka kan eg dra dei forsiktig ut og fjerne forskalinga.



  (trådstarter)
   #48
 1,387     Tromsø     0
4 veker sidan eg begynte, og nå går det på innredning og gradvis over på malingsarbeid. Bortsett frå golv- og taklister håpar eg å bli ferdig med snekringa i morgon.
I dag har eg laga skapet nesten ferdig, grunna veggene og hatt ei økt med pliktløpet, dvs pusse rundt vindua.
ariens: renovere hybel -  - ariens
La ein Vaflexpapp på golvet og bygde sokkel av diverse restar eg fann i garasjen. Hobbyplank i front og (ferdigmalte) vindusomrammingar elles.

ariens: renovere hybel -  - ariens
Eg kjøpte ei melaminplate til dørk, og bygde ramma for skapet på den

ariens: renovere hybel -  - ariens
Dørken frå det gamle skapet blei hylle som kviler på korgstativa og på ståande lekter på venstre side. Nå gjenstår å bestemme døropningar og kle med sponplater.
  (trådstarter)
   #49
 1,387     Tromsø     0
Nå minkar det med snekringa
ariens: renovere hybel -  - ariens
Her er stenderane i skapfronten plasserte, dei må plasserast i forhold til dørene
ariens: renovere hybel -  - ariens
Så er platene på plass.
ariens: renovere hybel -  - ariens
Døra er på plass igjen. Dottera mi foreslo å bygge ei bokhylle i kroken mellom skapet og døra. God ide, ikkje så mykje ekstra arbeid med den.
ariens: renovere hybel -  - ariens
Og avslutta rundt ytterdøra

Det står igjen golv- og taklist og lister rundt døra. Det kan vente, nå skal det malast. Himling: sparkle, slipe og male
vegger: kle med malingstapet og male.
Så kan elektrikaren gjere seg ferdig og legge varmefolie på golvet.
Så ser eg forhåpentleg om noko manglar.
   #50
 6,704     Akershus     0
Har du bare lagt sponen på skapet kant i kant, eller fikk du det til å gå opp med not og fjær? Skal gjøre noe ganske identisk selv og ser at det blir mye kapp om jeg skal prøve å få det til med not og fjær på alle skjøter.

Hvilken malingstapet bruker du?