(trådstarter)
   #71
 1,387     Tromsø     0
Ein del maling er unnagjort. Himlingen fekk 3 strøk, og eg blei nesten fornøgd. Med flomlys på kan ein sjå at skøytane ikkje er perfekte, elles ikkje. Vindu og reol skal få eit siste strøk. Heile rommet er tapetsert og tapeten er grunna. Han skal få 2 strøk med dekkmaling. Skal male ferdig i morgon. Omsider blei eg ferdig å pusse rundt vinduet utvendig. Mandag kjem elektrikaren, og etterpå er det golv og lister som står igjen. Kjenner at det skal bli godt å bli ferdig nå snart.
ariens: renovere hybel -  - ariens

Så har eg hatt selskap av eit mulig framtidig BB-medlem som fekk låne mormor si t-skjorte til maleantrekk.

   #72
 1,806     Trondheim     0
Artig at godt voksne bidrar i denne type fora. Farmora mi har nettopp byttet sitt 4batteri i sin 12år gamle mobil...
  (trådstarter)
   #73
 1,387     Tromsø     1
Artig at godt voksne bidrar i denne type fora. Farmora mi har nettopp byttet sitt 4batteri i sin 12år gamle mobil...

Eg får ein tanke om at ho held seg ung i sinnet. Det at ho har mobilen så lenge kan vidare indikere at ho har vokse opp i ein meir nøysom kultur enn den rådande, men det blir jo fri fantasering frå mi side.

Og det er alltid hyggeleg når ein føler seg velkommen her inne Smile
  (trådstarter)
   #74
 1,387     Tromsø     0
Sluttfasen med malinga.
ariens: renovere hybel -  - ariens
Siste strøk gjenstår. Siestastolane har budd her heile tida, og vore i veien.

ariens: renovere hybel -  - ariens
Eg brukar fargen bomull på vegger, vinduspostar og reol. Eg likar fargen, og så kan dei heller ha inventar med meir farge.
ariens: renovere hybel -  - ariens
Når eg snekrar, brukar eg arbeidsbukse, men til maling er det greit med ein gammal kjeledress

ariens: renovere hybel -  - ariens
Denne kjeledressen har ei fortid.
Avdeling for sentimentalitet:
I sommar oppdaga vi fuglereir i ein ventil på badet, men eg hadde ikkje hjarte til å rive det når det var ein unge i. Sidan er det kome endå eit kull, og nå høyrer vi sped fugleungekvitter heile tida. Dei skal få vere der til dei forlet reiret, så blir det ubønnhørleg slutt. Første gong vi har hatt noko slikt i dette huset.
Og dessutan har eg testkobla ein datakabel med både RJ-45 og veggkontakt. Det funka, takka vere god instruksjon eg fekk ovanfor.
   #75
 2,435     Hordaland     0
Et lite design-tips:
ariens: renovere hybel -  - ariens

Jeg syntes du skulle laget en "topp" i hylleseksjonen du har laget, tilsvarende slik du har laget bunnen. En plate i toppen av skapet som har 5-10cm avstand fra taket med "front", tilsvarende slik du har laget bunnen. Taklist og gulvlist langs hele veggen. Det vil gi et bedre helhetsinntrykk, og det vil se ut som at hylleseksjonen og skapet du har laget har en større helhet. Nå ser det litt tomt ut i toppen, og det får et inntrykk av å være litt "hjemmelaget og gammeldags". Det er liksom noe som mangler der, for resten ser så utrolig bra ut! Den lille detaljen i toppen vil gi det et mer moderne og helhetlig inntrykk Smile
Signatur
  (trådstarter)
   #76
 1,387     Tromsø     0
God ide, eg er einig med deg. Blir nok eitt eller anna
Siste redigering: Saturday, August 1, 2015 8:58:15 PM av ariens
  (trådstarter)
   #77
 1,387     Tromsø     0
Elektrikaren blei ein dag forsinka, men det er jo litt å gjere ennå.
ariens: renovere hybel -  - ariens
obs bygg var utselde for taklister, så eg måtte bruke hulkil. Det kan føre til underfundige feilskjeringar i hjørna. Det unngjekk eg, men han er følsom for å bli montert i rett vinkel på veggen. Må vel fuge litt før eg blir fornøgd.
ariens: renovere hybel -  - ariens
Skapdørene er på plass igjen, og eg har laga til avslutning over reolen slik eydybdal foreslo. Her kjem taklista snart også.
ariens: renovere hybel -  - ariens
Vindua er ferdig pussa utvendig. Blir vel finare når det blir malt igjen, men det hastar ikkje. Og det er nokre som trippar etter å flytte inn.

  (trådstarter)
   #78
 1,387     Tromsø     0
Elektrikaren kom dagen etter og gjorde alt ferdig. Sjølv har eg trekt og kobla datanettet, og det fungerer både med og utan ein tråd. Det går på ein ruter som berre forsyner utleigedelen.
Har lagt laminatgolv over varmefolien og begynt med listene. Det gjenstår berre lister og nokre andre småting.
Bilde kjem seinare.

  (trådstarter)
   #79
 1,387     Tromsø     1
Hybelen er ferdig, i gangen står igjen litt maling.
Det har vore ei mangesidig erfaring, frå å fjerne betong og mur til å koble vegguttak for data.
ariens: renovere hybel -  - ariens
gangen har fått led-lys med bevegelsessensor og ingen lysbrytar. Gir veldig godt lys. Skal malast i same farge som hybelen.
ariens: renovere hybel -  - ariens
Alle lister på plass og alt er kobla. Pergo laminat med drivvedmønster
ariens: renovere hybel -  - ariens
Døra såg jo bra ut før alt det andre blei malt...., men eg orkar ikkje i denne omgang.
ariens: renovere hybel -  - ariens
Ei bokhylle i furu bryt vel litt med stilen, men leigetakarane ville ha den inn. Fint for oss, mørkeloftet er fullt nok som det er
ariens: renovere hybel -  - ariens
Slik blei avslutninga over reolen. Etter at bildet var teke har eg flikka over stiftane så dei ikkje viser så godt.
Som nemnt ovanfor har eg brukt ein Makita stiftepistol på ein liten kompressor, og det er eg veldig fornøgd med. Det sparer hendene når eg slepp å bruke dor og det går fort og greit. Må berre banke etter enkelte stiftar med hammaren.

Før eg begynte, målte eg rommet til ca 4,55x2,65 utanom skapet, nå får eg 4,5x2,65 utanom skapet. Rommet er blitt ca 30 cm breiare, men eg trur også det er litt lengre enn før. Så er det 5-10 cm større takhøgde, og alt dette gjer mykje av seg, ilag med større vindu.

Det har vore moro å gjennomføre dette prosjektet, og vi er veldig fornøgde med resultatet. Men nå har det absolutt vart lenge nok. Nå ventar eit par vindu som skal skiftast på loftet, der må eg ha stillas. Men det burde vere ein liten jobb. 

Takk for alle innspel, eg har som de kan sjå følgt dei fleste anbefalingar som er komne underveis, og det har gjort resultatet endå betre.