35,494
281
36
Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950
534
Møre og Romsdal
1
Hei!
Oss kjøpte einebolig for kring 2 månadar sidan, og er no godt i gang med å pusse opp denne. I helga som var starta eg på hovedsoverom og rommet som ligg inntil dette, eit lite soverom som har vindu på arka. Dette vinduet var råttent, og det er også planken som ligg rett nedanfor. Då eg igår fjerna listverk og dei tynne mdf-platene som hadde tapet på seg, var det ein del larvar bak der. Gledar meg til å få fjerna vindu og også panelet som ligg på veggen, for å sjå korleis tilstanden er.
I hovedsoverommet var det også tendensar til fukt, inne i det gamle garderobeskapet(som no er fjerna) var det blitt misfarging på tapetet(som ligg mot yttervegg/tak), som vel kan tyde på litt gjennomslag av fukt. Det var også litt kvitt belegg på 8-10 panelplankar under ein vindu, kan virke som dette var sopp. Såg forsåvidt bra ut no, men planen er å fjerne dei skadde plankane, legge nye, for så å avslutte med mdf-plater utanpå.
Ønskar tilbakemeldinger på korleis eg best mulig kan gjere dette for å unngå at det på nytt blir fuktproblem. Er det eit dårlig valg å legge mdf-plater? Kan eg legge mdf-platene rett på panelet, eller bør eg lekte dei ut litt? Kan evt. legge inn nokre bilder seinare
Oss kjøpte einebolig for kring 2 månadar sidan, og er no godt i gang med å pusse opp denne. I helga som var starta eg på hovedsoverom og rommet som ligg inntil dette, eit lite soverom som har vindu på arka. Dette vinduet var råttent, og det er også planken som ligg rett nedanfor. Då eg igår fjerna listverk og dei tynne mdf-platene som hadde tapet på seg, var det ein del larvar bak der. Gledar meg til å få fjerna vindu og også panelet som ligg på veggen, for å sjå korleis tilstanden er.
I hovedsoverommet var det også tendensar til fukt, inne i det gamle garderobeskapet(som no er fjerna) var det blitt misfarging på tapetet(som ligg mot yttervegg/tak), som vel kan tyde på litt gjennomslag av fukt. Det var også litt kvitt belegg på 8-10 panelplankar under ein vindu, kan virke som dette var sopp. Såg forsåvidt bra ut no, men planen er å fjerne dei skadde plankane, legge nye, for så å avslutte med mdf-plater utanpå.
Ønskar tilbakemeldinger på korleis eg best mulig kan gjere dette for å unngå at det på nytt blir fuktproblem. Er det eit dårlig valg å legge mdf-plater? Kan eg legge mdf-platene rett på panelet, eller bør eg lekte dei ut litt? Kan evt. legge inn nokre bilder seinare
Signatur
Bilder hjelper.
Finner du råte så må det vekk før du går videre. MDF på soverommet er vel ikke det beste hvis ventilasjonen er dårlig og du liker å ha det kaldt. Vanlig trepanel (malt) tåler mer fuktighet.
Etterpåklokskapen osv, jeg angrer ikke direkte, men hadde nok valgt å male trepanel før montering hvis jeg skulle starta i dag.
Man lærer så lenge, osv.
Er det stående plank i huset ditt?
Innerveggane var ikkje isolert av noko slag, så her har eg rive ned kledninga på eine sida for å ta dette skikkeleg når eg først var såpass "nært" stenderverket. Her var det standard 2x4" stendarar, så blir å legge 100 cm isolasjon. Stenderavstand var dessverre cc500mm, og dette er bærevegg, så her blir det nok å legge gips/spon. Denne veggen skal uansett ha motivtapet, slik at eg ikkje treng 600mm cc for å setje opp mdf-panel. På ytterveggar tenker eg å rive kledninga(innandørs) for så å legge plast, og setje opp ny kledning. Ytterveggar skal isolerast frå utsida til våren.
Men korleis bør eg gå fram på innerveggar der det er stenderavstand cc500mm, og eg skal ha mdf-panel? Bør eg legge spon først som underlag, eller er det like greit å slå frå seg mdf-panel og legge vanleg panel?
Panelet som stod i huset frå før var forresten "diagonalstilt", altså det stod 45 grader på veggen.
La ved eit bilde eg hadde på mobilen. Tatt frå hovedsoverommet. Døråpninga der har eg laga no, for å lage soverommet meir praktisk mtp å få ungar osv. Planen er å ha garderobe samt barneseng inne på rommet der. Vurderer å rive ned panelet i tak og skråvegg i hovedsoverom, for så å setje opp ny.
(PS: Beklager på forhånd om eg manglar ein del faguttrykk, då dette er første gangen eg prøver meg på slike prosjekt. Er utdanna møbelsnekkar, så uttrykk frå grovsnekring sitt ikkje inne enno
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
Bra plan, i alle fall hvis man ikke trenger å bo i huset mens jobben gjøres. OSB gir sannsynloigvis like bra stivhet som skrå rupanel. Et alternativ forrige eier brukte på vårt hus, er å ikke fjerne panelen verken innvendig og utvendig, og bare bore huller i den for blåse inn løs-isolasjon. Deretter dekket de den gamle ytterpanelen med hullene med ny vindsperre, lektet ut for lufting, og la ny utvendig kledning.
Rockwool vil sikkert være enig, konkurrentene mener forskjellen er marginal. Ja, mineralull av glass smelter ved lavere temperatur enn den av stein, men begge er brannsikre inntil temperaturer som er så høye at huset skal være ganske overtent og dødsdømt for isolasjonen brenner/smelter. Isolasjon av brennbare materialer som trefiber, papir, cellulose, ull og lin er gjerne tilsatt brannhemmende stoffer (lignende bakepulver og pulveret i brannslokkingsapparat) som skal lage gass som kveler flammene ved sterk oppvarming. Det som kan bety noe, er at det som flammene først kommer i kontakt med er mest mulig brannsikkert. Gips. Kan også males i andre farger enn hvitt.
Litt verre med dei veggane som er ytterveggar, men her tenker eg å ta av kledninga, legge plast, for så å setje opp osb og mdf. I taket blir det nok til at eg fjernar gammalt panel, og sét opp ny panel av samme type som i det provisoriske rommet oss no brukar til soverom.
Mtp. isolasjonen så er eg åpen for andre løysingar, det er klart at kan ein spare seg noko pengar så kjem ein seg lengre på andre stadar. Men litt skeptisk til om veldig billig isolasjon gjev samme isoleringsevna som meir kjente typar som rockwool og glava. Vil jo gjerne ha det skikkeleg når eg først gjer det.
Tenkte å kikke litt på tilstanden til loftet også i helga, kaste evt. gammal isolasjon, fjerne dei få panelborda som ligg på golvet, og gjere klart for ny isolasjon. Tenker å legge isolasjon i samme tjukkelse som golvbjelkane først, for så å krysslekte og legge meir isolasjon til total tjukkelse 300 mm. Så blir det sikkert noko slags panel oppå der for å kunne lagre ting enkelt der oppe. Ganske mykje loft (estimert ca. 2 meter under taket på midten), så vil gjerne kunne bruke til lagring av sesongbaserte ting.
Takker også for alle innspela eg får, skal belønne desse med bilder når eg får tid
Einebolig frå 1950 under oppussing
Har iallfall blitt fastslått at det kjem ein arving til gårds i august, derfor har eg åpna opp mellom to soverom, og held no på å bytte ut ALL "hårete" 50-talls elkabel og stålrør til nytt opplegg. Laurdag som var vart det lekta ut veggar, slik at det blir 10 cm isolasjon inne, før det muligens blir meir når det vert ny kledning på utsida. Det blir også nye dører og vindu. Har også fått satt opp ein provisorisk heimekino i kjellaren, slik at denne kan brukast. Kjem nok til å bruke ein del tid etterkvart på å setje denne i stand, då lyd & bilde alltid har vore ein stor hobby. Kjekt med bestekompis som er elektrikar/automasjonsingeniør, som kan hjelpe meg å legge opp k-rør med kabel i, for slik å spare ein del. Har allereie fått dette godkjent av elektrikar, så skal bli godt å få vekk denne brannfella av ein kabelsammensurium
Einebolig frå 1950 under oppussing
Huset vårt er eit såkalt Finskehus (også kalt Devoldhus), og det ligg ikkje noko isolasjon i ytterveggar. Dette vil oss sjølvsagt utbedre no når veret tillét det. Tenkte i utgangspunktet 10 cm, evt. krysslekte for å bruke 5+5 cm. MEN! Oss tenkte å begynne med begge kortsidene av huset i år. Korleis vert det då med kledninga på langveggane, den vil jo bli for kort? Brukar ein då solide hjørnebord eller?
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
-Bytte ut alt av stålrør og gammal el-kabel til ferdigtrekte k-rør og elko-utstyr. Det har vorte nokre timar liggande oppe på mørkeloftet med bajonett/vinkelslipar for å få vekk røra som sjølvsagt ligg under eit provisorisk golv og mellom 10 cm isolasjon. Alle røra er altså bytte heilt tilbake til sikringsskap.
-Ytterveggar isolert med 2x50 mm glava, innerveggar med 100 mm glava, ytterveggar plasta innvendig.
-Lagt MDF-panel og nytt paneltak, med innfelte takboksar. paneltaket fått to strøk panellakk.
-Nye dører
Vidare skal MDF-panel malast med Jotun Marrakech, før rommet får nytt golv, vindu og listverk. Elektrikar skal komme for å koble på straum. Når desse to romma er ferdige, skal det fjernast huntonittplater frå heile trappegangen utanfor romma, legge nytt paneltak og ny isolert loftsluke.
Andre prosjekt som også har vorte tatt innimellom "bygene":
-Fjerna asbesttak på garasje, lagt nytt undertak av OSB med isokraft på toppen. Prioriterer ikkje vidare framgang enda sidan taket er tett no.
-Fullført renovering av arka som hadde råttent vindu og delvis veggar. Nytt vindu, veggar og takrenner montert.
-Fjerna gammal kjellardør som ikkje gjekk an å bruke, utvida åpninga og støypt ny dørterskel for å gå inn ei Diplomat-dør som er innkjøpt. Dette er også prioritert prosjekt.
-Fjerna gammal takrenne hus, kjøpt inn nytt opplegg.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Det eg no tenker litt på, er korleis eg skal få klart å stappe isolasjon ned i skråtaket. Frå loft har eg tilgang til ei "slisse" som går ned med skråtaket. Slissa er vel ca 800 x 150 mm for kvar bjelke. Det eg tenkte å kike litt på er om Rockwool er formfast nok til å stappe ned der? Det er vel ca 3 meter ned til bunnen, så tvilar vel litt..Har laga eit illustrasjonsbilde for å vise kva eg tenker på. (Ikkje mitt loft dette er bilde av)
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
Det er sikkert 173, du ser jo ikke hele kledningnen da den har en not som er skjult. Om ikke det er en eldre kledning med ukurante mål.
Kun blåse-isolasjon duger til å få ned der og bli bra. Men det koster litt å få noen til å komme å gjøre jobben.
Roland i Trefiber asg
Besøk oss på Gjør din bolig bedre i Fredriktad 6. til 8. mars
Også tilstede på Hellerudsletta 13. til 15. mars.
-Bytte bordkledning på to ytterveggar(har fora ut 10 cm, etterisolert, dobbel vindsperre)
-3 nye vindu og 1 ny skyvedør 240 cm breidde(erstatta lita balkongdør+vindu
-Installert V/V varmepumpe
-Rehabilitert pipe
-To utdaterte soverom har vorte rivne ned til stenderverket, isolert, nye veggar, gulv og tak, samt vindu.
-Alle eldre innerdører har vorte bytta til nye kvite 4-fags dører
-Kjøkken har fått nye kvitevarer(kjøl/frys, ventilator, oppvask og steikeovn m/ induksjonstopp. Gamle furuskap har vorte malt i moderne farge. Nye benkeplater. Malt veggar og flislagt med 60x60-flis
-Bad har blitt oppfriska med nye fargar(ikkje lenger trekvit panel i tak), samt bytte av baderomsinnreiing(tidligare stod det frittståande furumøbel med vask i, tenke seg til...)
-Gang mellom 1. og 2. etasje har fått nye veggar(vekk med tapet og inn med panelplater), samt nytt tak(vekk med huntonitt, opp med plast og kvitlakkert furupanel. Loftsluke bytta frå provisorisk hull med lokk(0% isolering mot loft) til ny isolert luke med 8 cm isolasjon)
-Bytta ut alt elektrisk som var av gammal "hårete" kabel i stålrør. Trekt nye rør i stålrør, samt bytta ut stålrør der dette var praktisk mulig. Alt nytt el-materiell av Elko og godkjent av elektrikar.
-Ny kjellardør. Gammal type var av typen "ikkje lenger mulig å åpne", ny type er "standard" størrelse kvit dør(100x210)
Pågåande prosjekt
-Har starta med å fullisolere kaldtloft med 35 cm isolasjon. Skal legge terassebord oppå her igjen for lagringsplass.
-Garasja(lita sådan, ca 20 m2) har eg sanert vekk asbesttaket på, forsterka med nye takstolar, lagt OSB-undertak, og isokraft på. Gjenstend å legge skifer på. Garasja har også fått tilkobla straum, og fått innreiing.
Planane framover er å gjere diverse småprosjekt, før det blir prosjektert påbygg i 2016/2017. Huset er no ca 8,5x8 meter i tre etasjar, påbygget på eine kortsida vil bygge ca. 5 meter ut frå eksisterande yttervegg, og 12 meter andre vegen.
Spørsmålet mitt no er om nokon vil tippe kor mykje det arbeidet som har vorte gjort hittil kan ha økt verdien? Har planar om ei verdivurdering i næraste framtid, kunne vore interessant å vite kva folk trur. Huset er frå 1950.
Einebolig frå 1950 under oppussing
19x173 dobbel fals(7") 28grader
Einebolig frå 1950 under oppussing
Roland i Trefiber asg
Besøk oss på Gjør din bolig bedre i Fredriktad 6. til 8. mars
Også tilstede på Hellerudsletta 13. til 15. mars.
-Lagt skifer på garasjetak(fjerna asbest for to år sidan, laga fleire takstolar, og nytt undertak med OSB og Isokraft)
-Fjerna blikkplater på garasjeveggar, forsterka veggar, montert to vindauge, montert asfaltplater samt vindsperreduk i hjørner, og lekta ut.
-Gravd drenering langs to veggar
-Starta på ny veranda.
Litt bilder:
Einebolig frå 1950 under oppussing
Oppdaga også at flislimen(Megadlis sin superfix) ikkje herda raskt nok, slik at platene ikkje ville holde seg inntil veggen. Blir nok å kjøpe pluggar på mandag
Einebolig frå 1950 under oppussing
Komt meg litt vidare no med Perimate-platene. Håper å fullføre dei to veggane her på 2-3 kveldar som kjem no. Einaste utfordringa er varmepumpa, men eg får vel lage eit provisorisk oppheng i bjelkane til verandaen, og så kjøpe nokon boltar til opphenget som eg festar gjennom Perimate. No brukar eg flislim og isolasjonsstiftar, så dette skal bok henge godt
Den billige slagboremaskina frå Jula(850w versjonen) fungerar meget bra hittil. Betongborrane eg kjøpte var svake(noname frå Jula) så imorgon blir det kjøp avBosch sine borrar med karbidspiss.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Tenker at eg blir ferdig med platene på ei god jobbøkt til, einaste problemet er varmepumpa. Skal bli godt å få fylt på plass igjen massene
Einebolig frå 1950 under oppussing
trenger ikke det
når dere da tar langsiden, kan du bruke en sirkelsag og trimme ned lengdene hvis de er for lange
tror for store hjørnekasser vil se rart ut. vi har 148mm kledning og kassene på hjørnet er vel rundt 100-130mm store?
Det vart litt forandring i planane våre, så eg tok ikkje dei to kortveggane først, men heller to tilstøytande veggar(ein kortvegg og ein langvegg). Det er dei to veggane du ser i siste bildet eg la ut oppe her. Veldig kjekt at når oss lekta ut 10 cm og etterisolerte, så blir drensplatene godt skjult under kledninga(det berører ikkje luftinga sjølvsagt). Så på "bortsida" av den veggen du ser så er kledninga 10-15 cm for lang slik du nevner, i påvente av at oss skal ta den veggen også.
Regnar med eg kan begynne å fylle tilbake massa i grøftene mot helga. Har dog eit par kritiske punkt eg må ta meg av. Blant anna ei takrenne som forrige eigar har latt gå ned heilt inne ved veggen og ned i grunnen. Dette ligg rett innanfor der drensgrøfta mi er no. Eg vurderer å koble på ein fleksibel slange av eit kvart og la slangen gå ut i drensgrøfta(på utsida av drensrør/fiberduk sjølvsagt.
Eg må også finne meg eit lokk å setje på drensslangen i enden. Sidan eg kun tek to veggar i denne omgang så må eg tette att eine enden(starten) slik at ikkje det renn inn grums der.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Dagens framgang. Måtte komme meg forbi varmepumpa, det tok jo si tid. Gjorde det aleine, så var relativt knotete. Men no er det gjort
Einebolig frå 1950 under oppussing
Fjerning av asbest
Planen vidare for garasje er å få på kledning og vindskier, lage ny port til lagringsrommet under, og pusse muren i samme stil som grunnmuren på huset skal få. Ny port må også på plass med tida.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Roland i Trefiber asg
Besøk oss på Gjør din bolig bedre i Fredriktad 6. til 8. mars
Også tilstede på Hellerudsletta 13. til 15. mars.
Typisk når ein overtek ein slik eigedom er at mange ting skulle vore gjort samtidig, og ein må ta tida til hjelp.
Eg har også ei 50-tals hus som er snudd og vendt på både før og etter eg fekk det, men eg synest det er stas at noko av det opphavlege er synleg ennå.
Einebolig frå 1950 under oppussing
I mitt hus frå 1951 la eg golv på mørkeloftet og fekk det til lagringsplass. Og innreda 2 hyblar i kjellaren på areal som vi greidde oss utan. I tillegg fekk eg ei ganske bra verktybu. Og bygde kjølerom. Ikke mange nye hus kunne tilbydd noko slikt.
Under garasja har eg god plass til klippar, snøfres, syklar osv, og det er absolutt gull verdt ja. Har faktisk tenkt tanken om å bygge på ei bod utanpå garasja, og åpne opp litt meir av kjellarveggen der. Per idag så er største problemet mitt at eg har liten plass til å lagre stort verktøy, så hadde vore kjekt med ei lita bu der bordsag, kappsag, kompressor og slikt kunne stå.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
Eg skulle dog hatt litt innspel på ei sak. Drensrøret "ender" opp til venstre på forrige bilde. Der er jo då enden heilt åpen. Tenkte å legge litt duk(dobbelt lag kanskje) med fiberduk framfor åpninga, og teipe dette fast. Vil dette halde?
Har også ei takrenne der eg vil få kjøpt meg rør til å legge ned i grøfta her. Tenkte då å kjøpe eit fleksibelt rør som eg spleisar på nedløpsrøret, og legg ned i grøfta på utsida av drensrøret. Dette burde vel bli ei ok løysing.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Kona har brukt veka på å grunne og male kledning, som etter planen skal monterast på garasja kommande veke. Begynner å sjå lyset i enden av tunnelen.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Og ja PS, grøftene er fylt tilbake for hand
Einebolig frå 1950 under oppussing
Eg gjer all tilbakefyllinga av masser for hand/med trillebår, så tek si tid
Einebolig frå 1950 under oppussing
Ein sunnmørig sa ein gong: "Ein sunnmøring klagar ikkje på veret". Eg forstod kva ho meinte med det
Godt jobba Tandstad.
Eg har ei erfaring med å la takrenna gå i drensen, og det gjeld oppsamling av lauv. Enten samlar det seg i takrenna og då må den tømmast frå tid til anna, avhengig av kor mykje skog der er. Lauvet kan også komme ned i drensen så den må spylast opp. Eg har tenkt å sette lauvfangar ala denne på nedløpet like ved terrenget. Så får eg sjå om det hjelper.
Elles ser det ut til at eit av nedløpsrøra er sprengt under bakken, det er blitt tetta med singel. Skal grave det opp når eg får tid. I nedløpet under bakken er det best å bruke rør som toler marktrykket.
-Må på plass resten av kledninga på garasja, samt få laga hjørnekasser og vindskier.
-Forsterke avstiving på veranda
-Største jobben går på å skifte soil og vassrør ut frå huset. Dette er grunnen til at siste 3 metrane av drensgrøfta står open. Her må det muligens piggast opp golvet på kinorommet. Avhenger litt av om det er varmekablar eller varmefolie(lagt av forrige eigar). Alternativ løysing er å legge røra i ny grøft på utside av hus. Ikkje ønska å gå for denne løysinga.
Årets vinterprosjekt er også planlagt:
-Fullføre fullisolering og gulvlegging på mørkeloft
-Lage rom til 2-åringen
-Fullføre diverse pirkearbeid som har vorte ståande att
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
Ps: kjedelig med stige som er lengre enn garasja sjølv
Einebolig frå 1950 under oppussing
Vindu til vaskekjellar. Ein ser her at vassrøret ligg provisorisk ut gjennom utkastaren. Rørleggaren gjorde det slik då eg tok vassrøret med minigravaren i juni.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Har ellers jobba litt på garasja. Listing av vindauge, srarta på hjørnekasser, fått opp kledning på fronten(skal lage lasteluker der). Kona tetta igjen eit gammalt vindauge i kjellaren igår, dette skal pussast no, og så blir det fylt igjen med stein framfor. Målet er å kunne planere ut litt på sida av garasja her, og muligens mekke ei lita steintrapp ned mot plenen.
Seinare skal eg lage ny dør til kjellaren på garasja, og lage nytt "vindu" som består av sprosser.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
Kort oppsummert, ein fysisk krevande dag som hadde vore mykje lettare om eg tok med råd til å leige minigravar samt kjøpe meg motorsag
Vassrøret skal inn midt under vinduet ein ser der.
Her ligg den midlertidige vassledninga
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
Usikker på korleis eg bør gå fram for å få dette fint igjen.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
Bilder frå arbeidet eg gjorde med å få lagt knotteplast og rør for takrennevatn
Frå kommuna sitt arbeide med å jevne ut plenen vår:
Og litt arbeid eg gjorde innandørs idag, knotete listing som har stått uferdig i 1-2 år
Bytta også ut Milwaukee 12v og Makita 14,4 settet mitt med Makita 18v sett
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
Rør til takrennevatn(lite tak over inngangsparti). Dessverre vart røret liggande litt høgt, men fekk dekt over det.
1,5 m3 fylt på, nesten jamnt no
Einebolig frå 1950 under oppussing
Fiksa til plassen og parkert hengaren
Kona har mala vindskier og vannbord til garasja
Nydeleg dag på Sunnmøre idag
Einebolig frå 1950 under oppussing
No har kommuna komt med første lassa mold også, så blir det vel såing i løpet av mai ein gong håpar vi.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Konemor seierat det visstnok bør fullførast eit prosjekt før eit nytt startast på. Høyrt sånt?
Einebolig frå 1950 under oppussing
De tornedalske husbyggerne
Uansett, lykke til med alle prosjekta dine.
Ariens: haha den der var fin, kjenner meg godt igjen!
Da var dagens økt over, no er det tyngste arbeidet faktisk ferdig, og godt er det! No blir det å instruere kommuna slik at oss får nok mold, og på dei riktige plassane.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
Her viser skråtaket som eg skal få smekka 15 cm isolasjon oppi før eg monterer panel.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
Det er Knauf isolasjon, ganske tilsvarande glava i pris og funksjonalitet. Klør lite.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Tenkte kjøpe den varmefoliepakken til Megaflis, rundt 4k til 10-12 m2 inkl termostat no
Einebolig frå 1950 under oppussing
Fått isolert og plata eit stykke idag
Einebolig frå 1950 under oppussing
Men kommuna jobbar litt med hagen vår. Gravemaskina kom att her på fredag, og då hengte eg lapp på vindauget at dei måtte fylle opp i full høgde ned til tomtegrensa. Dei hadde stoppa ca 3 meter før tomtegrensa, og starta skråninga der, slik at oss mista ein god del utnyttbart areale. Derfor ligg dei no ein moldhaug på venstresida her
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
Som ein kan sjå, held eg på med å gipse veggane. Eg planlegge å kjøpe inn varmefoliekit frå Megaflis:
https://megaflis.no/foil-kit-extension-10-m2-65w-m2.html
Dette skal elektrikar koble, i samme slenger som han koblar alle stikka. Men det eg lurte på er om nokon har lagt dette kittet før, og veit kor ein koblar det? Eg vil nødig gipse alle veggane, og så finne ut at eg skulle hatt eit rør frå folien og opp til der lysbrytaren er omtrent. Ser for meg det er slik det må gjerast?
Einebolig frå 1950 under oppussing
Ikke for å drepe stemninga rundt fremgangen! Bra jobba, virkelig.
Men, den skumminga rundt vinduet.. skal du fore vinduet vil du vel få problemer der uten å punktere skumminga.
Takk for tilbakemelding, alltid kjekt med litt aktivitet her inne
Einebolig frå 1950 under oppussing
Jeg skjønner! Kosta på meg en sprøytepistol etter å ha skumma ei dør og angrer ikke i det heletatt. Tror ikke dem koster så mye på biltema/clas osv (selv om jeg var overivrig da jeg handla).
Einebolig frå 1950 under oppussing
Det er noe med at du skal la tanken stå på pistolen sålenge den er over halvfull, og dersom du tar den av og setter på ny så sprøyter du gjennom med sån clean og setter på ny.
Husker ikke nøyaktig du hører bare med dem du handler sprøyta hos.
Av uvitenhet, hvorfor er dette et problem? Kan en ikke fjerne alt av skum for så å skumme på nytt når nye vinduet er på plass?
Om du ser på sporet i vinduskarmen (der foringa skal inn) så har det nå utvida seg skum langt over sporet.. altså det vil bli problematisk å få not og fjær til å møtes (foringen og sporet i vinduskarmen).
Haha, ja jeg leste ikke godt nok. Trodde bildet var av vinduet som skulle byttes, ikke var ferdig byttet. Kunne dermed ikke forstå hva problemet skulle være med å fjerne skum for å bytte vinduet og så skumme på nytt når en var ferdig.
Men nytt spørsmål nå som jeg henger med. Hvorfor kan en ikke skjære vekk overflødig skum på innsiden etter montering av nytt vindu?
Edit: Fant en diskusjon rundt dette i en annen tråd, så da har jeg fått det oppklart.
http://byggebolig.no/trearbeider-konstruksjoner-isolering/skumming-av-vinduer-24856
http://www.biltema.no/no/Bygg/Kjemikalier/Verktoy/Fugeskumpistol-PRO-2000023749/
Trenger ikke å rense den ofte. Eg gjør bare det når eg ikkje skal ha ny flaske på den og den skal legges vekk. Viktig å lagre den riktig når flasken står på. Pistolen skal være på ned og flasken oppe. Brukte selv nettopp fugepistolen og den har nå vert lagre i sikkert 1 år med flasken på, skrapte av gamle rester på tuten av pistolen og den virka som bare det
Vart litt idag også, reinskjering av fugeskum samt montering av nokre plater gips. Gjeng litt smått med ein treåring i naborommet(slik at eg ikkje kan bråke stort etter 19), men med litt framgang kvar dag blir det ferdig til slutt
Fekk også 4 dumperlass med jord ute i hagen idag, så no begynner dei vel snart å få nok masse til å gjere meg fornøgd
Einebolig frå 1950 under oppussing
Hei!
Først av alt: For en imponerende innsats du har lagt i huset, dette ser ut til å bli MEGAbra!
Folien du ser på er en svært populær og godt likt folie, både av elektrikere og forbrukere. Den er enkel å legge og gir en god og jevn varme. Du skal, som du også nevner, ha et rør opp fra gulvet og til der termostaten skal stå. Her skal du ha en gulvføler ført gjennom en spiralslange. Denne slangen skal på undersiden av varmefolien. For å illustrere dette på best mulig måte kan jeg anbefale deg til å se på side 17 i bruksanvisningen: http://www.ebecoheating.no/sites/default/files/documents/55216_foil_kit_160824_webb_0.pdf
(Alternativt kan du se fremgangsmåten til gulvføleren her: https://www.youtube.com/watch?v=5iFoym7td_o )
Som alt annet håndverk kan det være at din elektriker utfører det på en litt annen måte enn i filmen, men det gir et godt bilde for hvordan det er tiltenkt
Anbefaler også 6 mm depron under folien, en varmereflekterende matte som skyter varmen oppover igjen, slik at du får best mulig effekt av folien (https://megaflis.no/depron-isolasjonsmatte-6mm.html)
Over folien ruller du ut 0,2 mm fuktsperre (https://megaflis.no/pergo-polyetenfolie-0-2mm-33-75m2-rull.html)
Stå på videre, morsomt å følge med på deg!
www.megaflis.no
Litt av ett tilbud dere har på denne! Gjelder å henge i før kampanjeperioden går ut og den faller tilbake til normalpris
Glimrande at dokke har brukar her inne, det likte eg! Og takk for tipsa, såg videoen no, og det såg meget overkommelig ut. Då blir det innom Megaflis Ålesund for å handle seg slikt kit om nokre dagar
Einebolig frå 1950 under oppussing
Hehe, neppe nødvendig å springe for å rekke den prisen ja
Ellers, så fortsetjer arbeidet med å gipse. Eit par kveldar til no så er vel den biten i boks, og sparklinga kan begynne.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Kjekt å bli ferdig med den plata med dobbeltboks og enkeltboks!
Einebolig frå 1950 under oppussing
Hvorfor har du egentlig så store glipper i hjørnene?
Hehe, glippa kom av litt mangel på rutine. Starta egentlig på feil side av veggen, så eg endte opp med ca 15 mm glippe i hjørne. Prøvar å skjere meg ei tynn list som eg legg inn og sparklar vekk, viss ikkje blir det ei hulkillist
Lærer så lenge ein lever, så gjer ikkje denne tabben neste gang!
Edit: ser no at det kan sjå ut som eg har store glipper på begge sider av denne kneveggen, men det har eg ikkje
Einebolig frå 1950 under oppussing
Oss har også lagt ein plan for å få opp utelys, armatur og fleire stikk i garasja, men det blir nok litt opp og fram.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Snertent med minitvinger når ein skal skjære gips
Einebolig frå 1950 under oppussing
Fekk også montert opp utelampene til garasja, planen er å henge opp dei 4 armatura eg har kjøpt inn også, flr bestekompisen kjem og hjelper med koblinga
Einebolig frå 1950 under oppussing
Ja, det kan godt sparkles breiere og rausere enn dette. Mitt første gips-sparkelprosjekt så omtrent ut som dette før maling, og det er lett å se både forsenkede skjøter og skruer etter maling. Nå legger jeg sparkel ca 30 cm til hver side for både skruer og forsenket skjøt, i praksis helsparkling, og vegger og tak ser ut som de er i ett stykke.
Ellers så har kommuna endeleg fått jevna ut tomta vår, etter 3-4 purringer dei siste vekene. No ventar oss berre på dei skal komme for å så frøa.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Uansett. Hva maler du første strøk med? Jeg har benyttet 07 billig drit en del ganger for å Mette veggen litt. Går vilt med maling på gips. Kjipt dersom malingen koster 1499 for 10 liter.
Har noko maling liggande frå eit anna ferdig prosjekt eg tenkte å bruke. Blir mest for å sjå korleis underlaget er samt mette litt ja.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Ellers fraråder jeg på det sterkeste latex/PVA-maling, både på første strøk og seinere strøk. Dersom første strøk avslører feil i sparklingen som må slipes og sparkles på nytt, vil sliping av latex føre til at man får gummiknotter i sandpapiret og det slutter å slipe etter to-tre minutter. Som toppstrøk er latex ubrukelig fordi det ikke kan vaskes med selv godt vridd fuktig klut uten å få skjolder.
Akrylbaserte Jotun Lady vegg 10 til 149 kr for tre liter på tilbud på Obs er min foretrukne grunning og billigmaling.
Først 4-5 timar ute for å beskjære nypehekk, samt fjerne der den hadde begynt å spre seg. Etter det var det opp på gutterommet for å ta første strøk med maling. Den resten eg hadde holdt akkurat til 1 vegg, så blir avgårde for å kjøpe meir i morgon. Såg nogenlunde greit ut på skøytar og hjørner, men roper ikkje hurra før eg ser der ferdig
Einebolig frå 1950 under oppussing
Litt forskjell er det 2013 vs 2017, no må berre kommuna få på gras
2013:
2017(fortsatt lang veg å gå):
Einebolig frå 1950 under oppussing
Eg bygde ein liknande veranda på hytta og den er svært populær i heile familien, alle 3 generasjonane.
Dagens andre økt over, første strøk med maling er komt på. Gjekk ganske så kjapt med 25 cm rulle!
Einebolig frå 1950 under oppussing
Igår la eg og kona motivtapet, og idag har eg makka med skråtaklisting, samt resten av taket. Sagutstyret står i garasja, så det har blitt nokre turar opp pg ned
Har også vore på handlerunde, og kjøpt kommode, madrass, rullgardin og nattlys
Driv også og makkar litt med å få system i mi alt for lille garasje. Skal få alt opp frå golvet på hyller slik at golvet enkelt kan reingjerast, og slik at bilen kan parkerast innandørs til vinteren.
Einebolig frå 1950 under oppussing
www.megaflis.no
Tusen hjarteleg
Ellers, så har eg fått fullført taklistinga idag. No gjekd det at trikkaren kjem fort, så eg får lagt golv og golvlister så dnart som råd
Einebolig frå 1950 under oppussing
Endte du opp med Ebeco Foil-kit?
https://megaflis.no/varmesystemer/varmefolie-og-matter/filter/varmefolie.html
Vi erfarer at denne er svært godt likt av elektrikere, så vi går ut fra en smidig installering
www.megaflis.no
Einaste som står att no før elektrikkaren kjem, er å legge isolasjonsplatene, folien, plast, samt å fikse eit spor i gulvet fram til dit folien skal koblast på.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Lykke til videre og spør gjerne hvis det er noe
www.megaflis.no
Spent på å sjå om det gjeng bra, han var innom ein svipp igår for å sjå kva som måtte gjerast.
Mtp at termin er 23.08 så tippar eg det blir legging av golv no førstkomande søndag allereie, får ikkje gjort noko laurdag pga flyttedugnad og bursdagsfeiring. Då blir det vel listing og snuing av dør i begynnelsen av veka som kjem, og mulig innflytting til helga etter
Einebolig frå 1950 under oppussing
Imorgon blir det å starte på gulvet tenker eg!
Det som var litt upraktisk er at varmefolien i kita er 430 mm brei, og ein kan då ende opp med ei stripe slik som her der ein ikkje får lagt på. Hadde vore veldig praktisk å ha 80/100/120 cm breidder, men då hadde det vel vorte ein annan pris også.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Endte ut litt dumt på gulvet, burde sjølvsagt målt meg opp i forkant. Må sage meg nokon tynne strimler i morgon. Rommet var litt skeivt også, som gjerne høyrer til i hus frå 1950. Men legginga ellers og utsjånaden vart eg meget fornøgd med
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
Dette verktøyet du har her, har sett det flere ganger tidligere, men nå klarer jeg desverre ikke å finne ut hvor de selges, eller hva jeg i det hele tatt skal google etter... Har du lyst til å hjelpe meg litt på vei?
Forøvrig veldig spennende prosjekt og strålende tråd
Livredd for å måtte få håndverkere inn i huset!
Kjøpte en slik:
Takker og bukker
Livredd for å måtte få håndverkere inn i huset!
Biltema har en liknende.
Det er biltema sin variant eg har ja, heilt topp fornøgd med den
Takk for gode ord om tråden!
Einebolig frå 1950 under oppussing
Dagens lærdom må altså vere å måle opp og dele på bordlengda før ein startar. Eg hadde planar om det, men tenkte at så uflaks kan eg umulig ha :p famous last words!
Det einaste kjedelige no er at eg manglar akkurat eit bord, og han på coopen ville ikkje selge meg anna enn fulle pakkar
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
I morgon blir det å ta gulvlistene, karmlistene inne på rommet, og så få vaska gulv og litt diverse, før oss begynner å få inn seng, rullgardin, nattbord osv. Tenken junior kan få overnatte der natt til fredag muligens
Einebolig frå 1950 under oppussing
Trøst deg med at du bare glemmer dette på første gulvet du legger. De neste 50 gangene har du delt bredden av rommet på bredden av parkettbordet på forhånd
- Baderomsbloggen min
....
...
...
Ja, og de gangene jeg har husket det blir det allikevel ikke rett, fordi man måler feil, eller hver fjøl bygger en og en halv mm mindre enn man trodde når man fikk klikket dem skikkelig sammen, og så manglet det en cm eller to ved terskelen som måtte dekkes ved å legge ei feielist vannrett.
Dagens økt ferdig. Tok ut att døra og monterte på nytt. Så lista eg rundt døra og alle golvlistene. Då kunne eg endelig rydde vekk verktøyet.
No skal madammen akrylere og vokse i morgon, så kan oss begynne å innreie.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Tenkte på en god kommentar men glemte det bort i funderinga å begynte heller å missunne den som får rommet
Tanken er å bruke rommet til kontor om eit ukjent antall år(når huset blir bygd på), og då er det greit å sleppe den klumpen på gulvet
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
Gratulerer med tilskuddet i familien 😊 trist å høre at ikke alt var som det skulle være. Lykke til og håper alt går bra.
Hilsen alle i Byggebolig AS!
Håper alt står bra til!
www.megaflis.no
Alt gjekk heldigvis veldig bra på Rikshospitalet, vart overført til Ålesund sjukehus på søndag som var, og så fekk dei komme heim på mandag. Idag fjernast stinga frå operasjonssåret. Utruleg takknemlig for at oss har så dyktige legar, kirurgar og sjukepleiarar som gjer at oss no kan kose oss som familie på fire
Rakk ikkje bli heilt ferdig med rommet før oss reiste, så dagane etter oss kom heim jobba eg lange kveldar for å bli ferdig, og igår fekk eldstemann endelig innta rommet. Veldig fornøgd med slik det har blitt
Einebolig frå 1950 under oppussing
Rommet er veldig koselig, og ser ut som det er nok leker en stund,
Idag får oss verdivurdering av huset vårt for å få bedre betingelsar på lån. Sitt idag på topplån på 500k ca og det er dyre saker!
Spent på kva meglar seier. I oktober 2013 hadde huset takst på 2.350.000 men oss kjøpte for 2.200.000. Gjort veldig mykje sidan då, men det store ankepunktet er badet i øvste etasjen, samt at vaskekjellar ikkje er tatt enda. Ligg eit hus av samme sort nokre hundre meter frå oss til salgs. Det huset er komt lengre på innvendig oppussing, og har blant anna to fine bad/vaskerom samt nytt kjøkken. På den andre sida har oss også nokon ting som taler til vår fordel, blant anna garasje, dobbelt så stor tomt, stor varmepumpe, renovert pipe og større/bedre veranda. Det andre huset ligg ute for 2.900.000. Tippar oss havner på 2.5-2.6 dessverre.. Blir det under dette grin eg
Einebolig frå 1950 under oppussing
Idag har eg jobba vidare med noko eg har kvia meg til, samankobling av alt takrennevatnet ned i avløpet. Vart nesten ferdig, mangla berre eit par vinklar for å koble alt saman. Det vart virkelig pissregn idag, og då var det heilt fascinerande å sjå for nokon mengder med vatn som kom gjennom!
Ferdigkobling imorgon, samt begynne å fylle nedi masser
Ps: eg la eit provisorisk rør slik at alt vatnet vart leda ned i kummen.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Først så fekk eg kobla ferdig røra med takrennevatn, samt stort sett fylt på plass att alt av masser.
Etter det så ringte meglaren oss hadde på verdivurdering på mandag. Oss kjøpte huset for 2.2 mill i oktober 2013. For å få refinansiert til beste lånebetingelsar måtte oss over 2.79 mill. Verdivurderinga vart 2.8 mill, og dermed fekk oss kvitta oss med eit topplån på 500k
Einebolig frå 1950 under oppussing
Fått på plass siste massene i dreneringa. Var mykje voldsomme steinar som måtte knusast. Har laga meg ei steinfylling no som skal utbedrast til neste år, tenkte legge duk og pukk på toppen.
Borhammaren har fått svinga seg med meisling/boring, men etter vel 4 kveldar var siste steinen fjerna.
I dag fekk oss på plass vindskiene på framsida av garasja. Begynner å sjå greit ut, blir godt å få kobla straum på lyktene no til vintaren.
Har også så smått begynt å planlegge bad/vaskerom i kjellaren, men det får bli når eg har fullført nokre av dei påbegynte prosjekta
Einebolig frå 1950 under oppussing
Ser ut som du får gjort mye bra arbeid og resultatene blir bra.
Mykje å lære iallfall!
Einebolig frå 1950 under oppussing
Det er forøvrig flere som lærer med Google, jeg bruker av og til teknisk godkjenning i tillegg til montasjeveiledning på nye produkter jeg ikke kjenner.
Jeg syns tiden i stressless'en med laptopen i fanget for å gruble og finne ut av ting er den beste delen av alle prosjektene
- Baderomsbloggen min
....
...
...
-Garasja er rydda, laga litt bedre system på.
-Eit av to kjellarvindauge har blitt satt inn
-Har fjerna toalett på eit lite do som skal rivast i kjellar for å gjere rom til nytt do/vaskerom.
-Nesten gjort meg ferdig med å isolere 35 cm på kaldloft, og legge gulv (gamle terrassebord med litt avstand mellom)
Dette må vere forumets minste garasje
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
Flott arbeid her!
Takker for det! Nei vore stillstand på den fronten nokon år, to små kids krevar sitt, og i tillegg til å pusse opp hus så blir det lite tid til hobby dessverre. Kan vel knappast kallast heimekino, men har eit filmrom ja
Einebolig frå 1950 under oppussing
Ellers så køyrte eg faktisk opp på klasse BE igår, så no kan eg køyre tilhengaren vår lovleg.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Hadde på forhånd kjøpe inn hullsag og forlengar, og det gjekk faktisk overraskande smertefritt å komme seg igjennom veggen. Brukte batterimaskin først, før eg gjekk over til slagbormaskin. Klarte å borre meg igjennom frå innsida. Det som var mest knotete var å borre hull til trekkrør opp til loftet. Der er jo alltid (not) god plass
Tok turen ut for å slå fast ei plate framfor hullet, stigen rakk til rett under vinduet, så HMS vart lagt vekk, og eg hadde knappast nokon plass å halde meg fast.
Nokre bilder frå seansen:
Neste steg er å få inn dusjkabinettet. Kva slange treng eg egentlig her? Planen er å flytte armaturet inn i det nye dusjkabinettet. Treng vel ein trykkslange, gjengane på rørtilkoblinga er rundt 24-25 mm. Er det ho-til-han trykkslange eg treng då?
Einebolig frå 1950 under oppussing
Det finst trykkslangar i forskjellige lendgder og dimensjonar, det er vel 3/4" og 1/2" som er dei vanlegaste her. Det enklaste er å sjekke gjennomgangsrøret som følgjer med dusjkabinettet. Slangen skal gå inn på det og på uttaket i veggen. Så må du passe på at det blir rett med ut- og innvendige gjengar, og om du skal ha vinkel på eine eller begge endar.
Mest sannsynleg skal du ha 3/4" og innvendig gjenge i begge endar. Det er fleire muligheiter til å kjøpe feil slange her.
Men det er viktig med ein pakning i botnen ☺ Det plar følgje med slangen, men kjekt å ha nokre liggande også.
Beste kommentaren jeg har sett på lenge! Det ser ut som slike eksenterkuplinger som kommer ut av veggen? Om du skal ha trykkslanger derifra og ut til dusjkabinett ville jeg tatt av de kuplingene og satt på ventiler der som slangene kobles til. De får du kanskje ikke til å skru ut nå med baderomsplatene på plass?
Drenering og uteområder: http://byggebolig.no/hage-uterom-71/ny-drenering-terasser-og-grontomrader
Nytt trapperom og oppgradere kjeller: http://byggebolig.no/oppgraderinger-oppussing/nytt-trapperom-og-renovere-kjeller
Garasje og carport: http://byggebolig.no/garasje-anneks-og-smahus/oystein-bygger-garasje
Nytt bad: http://byggebolig.no/oppgraderinger-oppussing/utvide-og-pusse-opp-lite-bad
JCB gravemaskin:http://byggebolig.no/anleggsmaskiner/jcb-minigraver-erfaringer/
Fir ein novise, kva heiter desse pakningene? Er det o-ringar det er snakk om?
No er iallfall vifta montert, og den fungerar utmerka! Pax Calima.
Einebolig frå 1950 under oppussing
https://www.maxbo.no/gjennomforing-for-dusjkabinett-r20xr15-p871463?gclid=EAIaIQobChMIx5WTqb2U2AIVCGcZCh1uSQZoEAQYASABEgJFuvD_BwE&gclsrc=aw.ds
Dei svarte plastmutrane skal vere på utsida og held det fast i kabinettveggen. Der er innvendig unbracospor viss det skulle gå seg heilt fast. Vanlegvis er det greit nok å skru mutrane som skal vere på inn- og utsida mot kvarandre samtidig. (Mutter på flexislangen først, og så blandebatteriet sin mutter mot den).
Pakning kan vere gummi eller helst fiberpakning. Dette veit dei på kvar rørhandel, kanskje på Biltema og Jula også viss du handlar der. Søk på fiberpakning så ser du korleis han ser ut. Han blir klemd så han tettar overgangen.
Elles er det lurt å skru flexislangen først, så vidt eg hugsar. Då kan du vri gjennomføringsmutteren i staden for å vri slangen. Så festar du gjennomføringsmutteren i kabinettet og skrur blandebatteriet på til slutt. Det er ikkje så ofte eg gjer slikt, men så vidt eg hugsar er dette rekkefølgja for å sleppe å vri slangen.
Sidan vifta heiter Calima så håpar eg den ikkje lagar same slags calima som på Kanariøyane. Der betyr calima at lufta vert disig på grunn av Saharasand.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Det var nesten Mission Impossible å få montert den opp, men hadde målt opp på forhånd at det skulle vere tilstrekkelig med plass
Einebolig frå 1950 under oppussing
Badet ditt ser fint ut. Gratulerer med nattesøvnen.
Er det i Hordaland du høyre til ariens?
Einebolig frå 1950 under oppussing
Og badet er sikkert brukbart i mange år. Med dusjkabinett kan eit bad vare veldig lenge.
Men en ting jeg la merke til, du har jo et lite vindu midt i dusjen, hvordan har du blokkert dette for innsyn? Eller er dere blandt de som liker å stå til utstilling for hele verden når dere skal dusje?
Livredd for å måtte få håndverkere inn i huset!
Eg har same forhold. På eitt vindu har eg brukt plissegardiner som blir trekt opp nedanfrå. På det andre (på eit anna bad) la eg på ein plastfolie som stengjer for innsikt men slepper lyset inn.
På bildene kan vi se at det er limt på en plastfolie som dekker nesten hele vinduet.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
Denne vekas arbeid er også nødvendig når ein har gammalt hus, saga 3 hengerlass med skog på laurdag, kappinga er no halvvegs:
Einebolig frå 1950 under oppussing
Då blir det opp til kona å stue det på plass
Einebolig frå 1950 under oppussing
Elles så fekk eg pussa ned mahognyplata på svenneprøva mi igår, og satt den inn med olje. Typisk prosjekt som blir utsatt gang på gang.
Elles har eg eit par nye prosjekt på gang, inspirert av at snøen no virkar å ha slept taket litt.
På kortsida av garasja, ned mot plenen, skal eg bygge ei lita bod på 1x3 meter, som blir reservert til snøfresar og plenklippar. Har brukt rommet under garasja til dette til no, og då blir det typisk lagra masse anna skrot der inne også.
Ellers så skal gutane på seg leikestativ i hagen. Det vart i utgangspunktet satt av 3000,- til eit ferdigstativ i hagen, men dessverre skulle det berre eit liiiiite bildesøk til på nettet, før planen vart oppskalert til to tårn i 3-4 meters høgde, plattform mellom, og diverse kjøkkenkrok, miniterasse, sklie, disser, klatrevegg osv....blir sikkert kjekt for dei da
Tilbygget på huset er også eit diskusjonstema om dagen. Det ligg an til å bygge på 5x12 meter i 3 etasjar, slik at huset blir forma som ein "L". Om det er mulig å oppnå økonomisk får vi sjå på når oss kjem litt lengre i planlegginga, men tanken er å gjere mykje sjølv, som vanleg.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Livredd for å måtte få håndverkere inn i huset!
Dagens kjappe, gjere klart for morgendagens vindski-montering, samt mekke ny port til garasjekjellaren
Einebolig frå 1950 under oppussing
No skal det bli kjekt å bygge bod til snøfresar og grasklippar på denne veggen, slik at ein får skjult den stygge grunnmuren og det forfalne vindauget.
Ellers så var det litt planlegging av tilbygget med svigerfar igår, han skal teikne det inn på data for oss, så det måtte idémyldrast litt. Relativt spenstig størrelse oss har planlagt, så spennande å sjå om det blir realistisk å gå for det.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
Drista meg til å køyre ned på plenen vår med veeeel full hengar med singel. Gjekk greit, men sklei litt sidelengs på veg ned
Einebolig frå 1950 under oppussing
Det blir nok å bygge seg ei litt saftigare bod etterkvart, anten inne i huset, eller på ein annan passande plass
Einebolig frå 1950 under oppussing
http://byggebolig.no/byggebolig-no's-humorhjorne/mannen-som-bygger/msg252045#msg252045
Nei, boder kan ein få plass til mange av
Einebolig frå 1950 under oppussing
Vatre opp og fått på plass ramma, samt gjort den kjedelege jobben med borring i lecamuren. Blir nok raskare framgang neste gang eg får jobba
Einebolig frå 1950 under oppussing
Vi gleder oss til å se lekestuen ferdig
www.megaflis.no
Einebolig frå 1950 under oppussing
Blir relativt korte økter mellom barnelegging og diverse
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
Dagens økt, no er taket tett:
It's all in the details!
Har lagt på isokraft no, det kan ligge i eit par år utan meir tekking(og det blir det ofte også, iallfall av eigen erfaring
Neste steg er å få inn dør, samt vindskier.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
Dagens prosjekt:
Vurderar å gå ut ein tur seinare for å renske vekk litt stein på plenen som kommuna sådde til i fjor haust. Eg saknar faktisk å klippe plenen no
Einebolig frå 1950 under oppussing
Ulempa når takrenne manglar er at takdropen lagar sår i graset og at den skvett på bordkledninga slik at den blir stygg/moldete. Då er det betre å samle vatnet og lede det nærmare marka så det ikkje blir skvett.
Det må vel alltid renskast for stein i ein ny plen. Iblant kan det verke som steinen veks opp av jorda.
God middag.
www.megaflis.no
Idag hadde eg besøk av bestekompisen min som hjalp meg å starte jobben med å gi garasja eit teknisk løft. Då oss flytta hit hadde den ikkje innlagt straum, så etter ei stund fekk oss kobla på eit dobbeltstikk inne i garasja. Idag starta oss jobben med å koble opp to utelampar kobla til skumringssensor, fire armatur, 3 boksar med dobbeltstikk, og to lysbrytarar. Dette vil gjere garasja mykje meir brukandes
Vart ikkje heilt ferdig idag, fullfører ein dag seinare
God helg godtfolk!
Einebolig frå 1950 under oppussing
-Fullførte teknisk oppgradering av garasje.
-Malte bod første strøk
-Satt opp trampoline
-Impregnert endeved på verandaen
-Brukt mosefjernar på eit område av tomta som har vore forsømt. Fortsatt ein del igjen å ta der. Tanken er også å få fylt på med meir jord for å heve ei dump oss har i eine hjørnet av tomta. Kommuna må også komme med ein slagplan på den brannhydranten som dei fortalte meg skulle stå på utsida av hekken vår, men som vart satt på linja til hekken(dei fjerna to meter hekk for å setje den opp)
Meget fornøgd med oppgraderinga av garasja no, hadde meget god hjelp til dette, eg er berre handtlangar på elektrisk
Einebolig frå 1950 under oppussing
Nokon som har erfaring med jula sin vertikalskjærar som er på tilbud no?
https://www.jula.no/catalog/hage/hagemaskiner/plenpleiemaskiner/vertikalskjarer/vertikalskjarer-2-i-1-721440/
Einebolig frå 1950 under oppussing
Men vart stort sett ferdig med mosefjerninga før det, har berre eit lite område igjen no. Så blir det vel å gjødsle ganske snart etter det, bør vel ha nokre dagar med godt regnvær etter ein har gjødsla.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Takk for det, naboen saga faktisk ned storparten av den lille kommunale skogen ned mot vatnet i helga, så no har det åpna seg enda meir, trivast godt med utsikta ja
Snøen har også sin sjarm, men no er det vel på tide han slepp tak i resten av landet også ja!
Einebolig frå 1950 under oppussing
(Kjøpte også inn litt støyperør, stolpesko og materialer til å starte på leikeborga vår
Einebolig frå 1950 under oppussing
Automatisk tjuverisikring
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
Takk for gode ord, men denne gangen har eg leigd inn hjelp til pussinga
Først av alt bør eg vel kanskje få utfora og lista den soveromsdøra vår som har stått i over 4 år no, somme prosjekt blir berre automatisk flytta ned på prioriteringslista, uansett kor små dei er
Einebolig frå 1950 under oppussing
Førbilde
Føtter under for stabilitet
Steinfylt
Held på å legge duk/singel på plassen under her.
Tenker å lage eit slags deksel over toppen etterkvart, og få malt heile stativet
Einebolig frå 1950 under oppussing
Kona har også sendt forespørsel til arkitektfirma mtp. tilbygget som er planlagt(iallfall på tankestadiet) på huset. Oss har tegna litt på eit tilbygg, men min magefølelse tilseier at det kjem til å verte alt for dyrt, og at oss må inngå nokre kompromiss. Tanken er å forlenge huset ganske kraftig i lengderetninga. I tillegg til dette så må taket takast opp att(ligg skifer idag, tenker å modernisere uttrykket på huset litt), samt at eksisterande kjellar må takast(vaskekjellar idag er berre råkjellar).
Sjølv med mykje egeninnsats(tenker vel at mesteparten av innvendig arbeid kan takast sjølv, samt ta ned gammalt tak osv.) Så skal det vel godt gjerast å bikke seg under 20k per m2. Det er også lite ellers som gjer tilbygget billigare, oss har per idag berre eit bad som må pussast opp att, nytt bad skal byggast, samt at kjøkkenet må takast.
Ser for meg at oss får ein litan reality check etter prat med arkitekt, og at det tilbygget oss har tenkt blir kraftig modifisert. Håpet er vel at arkitekt kan sjå gode løysinger som oss ikkje har sett sjølv enda.
Budsjett for tilbygg inkl. alt(arkitekt, grunnarbeid, søknadar osv.) må haldast sør for 2,5 mill.
Einebolig frå 1950 under oppussing
I grove trekk så er det snakk om ei forlenging av eksisterande hus med ca. 5 meter, samt også å modernisere det eksisterande bygget.
Tanken er noko i den duren her:
Den "gamle" delen av vårt hus er lengre enn på bildet, ca. 8,5 meter.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Blir spennande å sjå korleis dei får det til
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
Spanande med teikningar og tilbygg. Eg håpar du legg ut bilete av planane etterkvart.
Hadde taksering i forrige veke for å få refinansiert lånet, sjølv om det har gått 7 år sidan oss kjøpte, og oss har brukt ein god del pengar på huset allereie, var det greit å sjå at verdien hadde stige frå 2,2 til 3,1.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Bedre seint enn aldri, eg lovte vel nokre bilder av tilbygget slik det er planlagt:
Kjellar:
1. etasje:
2. etasje:
I utgangspunktet så kunne eg tenkt meg å fjerne arka heilt, synast det hadde gitt det reinaste inntrykket. Men arkitektane meinte den burde vere der, greit nok.
Vanskelig å sjå ut frå bilda, men det er høgare under taket i spisestue for å få bedre utsikt mot vatnet.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
Nokon som har innspel ellers på bilda?
Einebolig frå 1950 under oppussing
moro og se utarbeidede skisser. Hvilken fasade er tiltenkt? Vanskelig å tolke ut i fra illustrasjonene.
Nå skal jeg gi en ufiltrert instinktiv mening.
Jeg ville muligens flytta illustrert bad (første interiørbilde) over i "treningsrom" ny del, og hatt en litt større hall med oppbevaring osv. Håpløst og få romfølelse fra illustrasjoner, og ting virker alltid større når det kommer på plass kontra hva man ser for seg på forhånd, men jeg syntes gangen så litt snever ut.
Jeg har fulgt tråden din fra start, og i noen av bildene ser man antydninger til nabohusene, bl.a en nabo med hus som grenser til sveitserstil, og en annen svenskbrakke på motsatt side om jeg ikke husker helt feil. Usikker på hvor balansert det ville sett ut med en funkiskombo midt i mellom, sån helhetsmessig.
Utformingen er som så i mine øyne, men det er ingenting spesifikt som skiller seg ut verken negativt eller positivt, bare mange vinkler og forholde seg til visuelt sett, ubalansert, slik at øynene vandret for mye. For mange forskjellige utforminger på de ulike vinduene, samme vinduer men veksling på horisontal å vertikal installasjon er jeg personlig i mot.
Det viktige her er at dersom dere føler det er innertier både utforming utvendig og innvendig så er det det eneste som betyr noe.
Det manglet litt helhet på en måte, og som johneilif skrev så vandret øynene mye for å finne ut hvor og hvordan dette var satt sammen.
Jeg er absolutt ingen arkitekt, så jeg skal ikke komme her å bare være negativ. Dette var bare min umiddelbare tanke.
Ellers så er det lagt ned mye bra arbeid her!
Dei nærmaste naboane hadde ingen innsigelsar. 4 av 6 partar skreiv under uten betenkeligheiter. Dei resterande 2 partane meinte derimot at fasaden mot dei kom til å bli voldsom, og var også imot kombinasjonen av flatt tak og saltak. Dei henviste til reguleringsplanen som er frå 1962. Begge desse naboane ligg over vegen og ned i ei dump. Rådmann i kommuna gjekk inn for avslag på byggesøknaden, men plan- og bygningsutvalet gjekk enstemmig inn for å gi oss godkjenning på byggesøknaden. Begrunnelsen for å godkjenne var at reguleringsplanen var veldig gammal(og dermed at flatt tak gjerne er det folk vil ha idag), samt at tilbygget ville heve det visuelle inntrykket på huset.
Dei 2 nevnte partane la inn ny klage på godkjenninga. Den eine parten la inn klagen eit par dagar før klagefristen på 3 veker var gått ut. Den andre parten(ei dame på rundt 90) la inn klagen 2-3 dagar etter klagefristen var gått ut. Arkitekten skreiv til oss at dei visste at ho ikkje brukte Altinn, og regna dermed med at kommuna ville behandle klaga hennar sjølv om den kom inn utanfor klagefristen.
Arkitekten vår har komt med tilsvar på klagane, der dei seier(som riktig er) at det ikkje kjem inn nokon nye argument for kvifor oss skal få avslag. No vil kommunen behandle saka på nytt rundt januar, og viss dei fortsatt går inn for godkjenning, vil saka gå til fylkesmannen(estimert behandling i mai/juni).
Tanken vår no er å få begynt på badet i kjellaren i eksisterande bygg, samt bytte kjellartrapp.
Eg synast det var heilt greit at naboane kom med den opprinnelege klaga, det må dei gjerne gjere, slik at plan- og bygningsutvalet får diskutert det skikkelig. Men dei nye klagane på godkjenninga synast eg var meget unødvendig.
Huset vårt er nummer 20. Naboane i nummer 9, 18, 19 og 22 hadde ingen innsigelsar. Naboane i nummer 21 og 23 er dei klagande partar. Som ein ser ligg desse eit godt stykke unna.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
Mvh
Sakke
Hei DrSakke,
Grunnen til dette er nok at tomta vår går over vegen og ned i grøfta på andre sida, derfor blir vel desse naboeigendommane varsla.
Der nærmar seg uansett no. Tilbakemelding fra Statsforvaltaren er at saka mest sannsynlig blir avgjort i veke 15.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Svineri med alt betongstøvet, nokon som har tips? Eg holdt på i går, og valgte å bruke slegga istadenfor SDS-MAX'en. Eg monterte også opp byggstøvsugaren slik at han stod og sugde ut støv konstant, usikker på kor stor virkninga er her. Eg passa også på å prøve ha noko mjukt under der betongbitane landa. I tillegg til plasting av døråpninger og lignande sjølvsagt.
Har også begynt å rive ned eksisterande tak, for å få fullisolert, før det kan plastast.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Hei TSt,
Det kan nok godt vere, men no er det to år sidan eg bygde det stativet, og ingen problemer så langt, takboksen til bilen er meget beleilig plassert hengande rett over. No når tilbygget kjem så vil det nok bli montert ei varmepumpe til(skal monterast i kjellaren), og med to utedelar så vil eg måtte ordre nye stativ. Men i forhold til støy så har dette stativet vore heilt glimrande
Einebolig frå 1950 under oppussing
Før/etter
Idag blir det opprydding! Planen med dette rommet er at det skal setjast inn ein ny lettvegg fra omtrent der slegga står til motståande vegg. Inngangsdøra til badet blir på denne veggen. Det skal også setjast opp ein ny vegg fra der bæreveggen sluttar, og bort mot der vinduet er. Vinduet skal vekk, sidan tilbygget går utover denne retninga. Så må gulvet piggast opp, for å få isolert samt støp ned varmekablar. Phew!
Brukte slegga for det meste på veggen heilt til eg kom fram til røra, då måtte eg dra fram SDS-MAX'en. Godt sliten i armane idag😆
Einebolig frå 1950 under oppussing
Ang. pigging av gulv, jeg antar deres hus er støpt rett på uisolert såle? Hvordan gjør dere dette inn mot grunnmur hvis dere må pigge nedenfor grunnmuren?
Det heile toppa seg litt igår då eg holdt på å rive i kjellartaket, og fant ein klump nitroglyserin. Politi vart tilkalt, og fekk avklart situasjonen😆
Nokre bilder:
Gulvisolasjon
Fjerna eine løpet på trappa. Heile trappa skal vekk, gulvet skal piggast, og varmekablar støypast ned. Gangen blir gipsa, og ny trapp kjem på plass. Blir to soner med varmekablar, ei for gang og teknisk/vaskerom, og ei for bad.
SDS-MAX'en vart litt for pinglete for pigging av gulv, så kjøpte ein Mjølnir HEX-hammer.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Vegen vidare no blir at alle faggrupper blir sendt inn til arkitekt, som så samanfattar all informasjon og sender til kommuna for godkjenning. Dei har så tre veker på seg til å godkjenne igangsetting. Regnar med dette er relativt pro forma, så lenge det blir brukt kjente AS på alle faggrupper. Oppstart blir ASAP etter godkjenning.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Då har betong-karane snart fullført jobben på tilbygget, og oss kan begynne å jobbe litt innvendig med å bygge opp nytt bad.
Det nye badet som ligg i kjellar(ca 2/3 er under bakkenivå) blir det første oss skal jobbe på. På utsida har det blitt isolert med 100 mm EPS. På innsida tenker oss å trekke rammeverket 50 mm ut frå murveggane, og bygge opp med 2x2". Er det vanlig å legge forhudningspapp bak rammeverket no til dags? Tenker å smekke 50 mm isolasjon inn i rammeverket, bør det leggast ståltråd el. på baksida av rammeverket slik at isolasjonen ikkje dett bak mot muren og stoppar luftstrømmen?
Einebolig frå 1950 under oppussing
har ikke re-lest hele tråden, men tenkte du på tilbygg/påbygg fra starten av?
eller har du gjort diverse oppussing ila disse 10 årene, som nå må gjøres om på, pga tilbygg?
om du hadde i planene, for 10 år siden, at du skulle bygge på, så er du hvertfall tålmodig
ang badet, hvordan er kjellerveggene bygd opp? plasstøpt, med 10cm isolasjon utvendig?
Takker for svar😁oss flytta vel inn i sept/okt 2013, så det stemmer bra at det nærmar seg 10 år. Eg begynte å tegne tilbygget før oss hadde kjøpt huset for å overbevise kona😆no har tilbygget riktignok blitt litt endra, og ein god del større enn planlagt, men slik er det vel berre.
Det nye badet i kjellaren ligg faktisk i gamledelen av huset, så eg var litt uklar i forrige meldinga mi. Men det er gravd opp rundt heile denne delen av huset no, og 10 cm EPS blir lagt utanpå heile, så blir det ny drens og jordsløyfe rundt heile denne delen av huset.
Legg ved nokre bilder frå siste tida. Var meeeeget kjekt å få ny plate i kjellaren denne veka, over eit år etter at eg begynte å rive ned veggane i kjellaren, og grave ut for full takhøgd. Har blitt nokre timar med fjellkilar, SDS-MAX og demoleringshammar!
No skal betongkarane "berre" støype plate for tilbygget, trapp ned til treningsrom i tilbygg, samt endre inngangspartiet, så er dei ferdige med sitt. Tømrar står klar til å begynne med ein gang betong er ferdig, så forhåpentligvis blir det tett bygg før vinteren slår inn.
Eg skal fjerne skifersteinen på det gamle saltaket sjølv. Regnar med oss kanskje berre legg undertaket i år, og tek nye taksteinen til kommande vår
Einebolig frå 1950 under oppussing
ang badet, hvorfor kan du ikke bare lime på feks 50mm våtromsplater på murveggene, da får du isolasjon + vegger som ikke kan råtne pga fukt osv.?
vet mange murere gjør det slik, også der det ikke er isolert så mye ute
Det vil nok bli 20 mm tettiplater utanpå stendarar tenker eg. Kan dessverre ikkje lime rett på vegg sidan både el og rør-i-rør skal ligge i desse veggane
Planen min i utgangspunktet er å trekke stenderverket 20-30 mm ut frå mur. Spørsmålet så er jo om det bør isolerast 50 mm på innside. Det ligg 100 mm EPS på utside, og det blir ny drenering no.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Verre er det at det ser ut til at betongfolka har satt eine veggen på tilbygget 10 cm for langt inn. Det er no 20 cm forskjell mellom ny og gammal mur, og det er berre planlagt 100 mm EPS utanpå.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
Ja, spesielt siste 4-6 vekene etter at tømrarane starta har det gått raskt. No har snikkarane ferie til midten av januar, då blir det innsetting av dei siste vindauge før skifte av bordkledning. På samme tid så held eg på meg kjellar i gammal del, litt flislegging, montering av panel, ny trapp etc.
Spesielt kjekt å sjå framgang her sidan det har vore då mykje jobb sidan eg begynte å pigge ut gamleplata for å senke gulvnivået til full takhøgd
Einebolig frå 1950 under oppussing
Andre ting eg har fikla med er å preppe kinorommet litt for å støydempe det. Sjølvsagt langt fra optimalt å ha kinorom i øverste etasje, men slik blir det
Oss har også jobbe ein del med å finne ut kva type tak oss ønskar der oss byttar ut skiferen. Ca 90 m2 saltak totalt. Fått tilbud på 335k for aluplatetak, evt 288k for Plannja Trend 475. Synast dette var meget dyrt. Vurderer å fikse tak sjølv. Enten Plannja Treng eller Skarpnes Flat.
Nokre bilete:
Einebolig frå 1950 under oppussing
Ja tak har ikke blitt noe billigere siste 2 åra:P
Mener begge typer passer fint.
Takker og bukker
Einebolig frå 1950 under oppussing
Ja jeg hadde opprinnelig selv lyst å legge båndtekka tak selv, men med tanke på prisene siste åra la jeg fra meg det. Jeg venter på litt bedre vær nå så sveiser jeg topplag istedet. Så kan jeg gjøre noe senere om jeg absolutt skulle ha penger jeg ønsker å brenne opp:D Blir 20.000kr med topplag gas og spiker
Ja isokraften kan ligge et par år
Ferdig montert. Eg hadde lese meg opp litt på forhånd, og funne ut at pris på ferdig lagt tak vanlegvis låg mellom 1700-3500 per m2. Går ut ifrå at viss ein skal komme i nedre sjiktet av dette må ein velge Decra eller tilsvarande, men hadde tru på at ved å velge Plannja så kunne ein komme i mål på rundt 200k ferdig lagt, som er rundt 2200 per m2. Tilbudet oss fekk var derimot på rundt 3200 per m2 for Plannja.
Mulig eg har hatt urealistiske målsetninger, men det vil tida vise når oss får inn eit tilbud til
Einebolig frå 1950 under oppussing
Planja,deca, aerodec ligger alle stort sett likt i pris per kvm. Vet ikke prisen nå, men i 2021 lå det på rundt 350kr+ mva per kvm (kun for alt oppå lektene). For takstein etterligningene må du i tillegg lekte opp. Er sikkert en 100lapp mer per kvm nå.
Bygget skrider framover, og no er stort sett alt av stenderverk innvendig satt opp, og innvendig platekledning har påbegynt. I den forbindelse blir eg veldig usikker på korleis eg bør bygge opp to av dei nye romma i kjellaren. På utside av betongveggane er det satt opp 100 mm EPS(på to av veggane er det endatil 200 mm EPS) , og vortepapp utanpå dette igjen. På innside av romma har eg bygd opp stenderverket(3") med ein avstand på ca. 20-30 mm fra betongvegg. Grunnmurspapp under alle bunnsviller.
Så kjem spørsmåla;
-Bør eg ha ei form for dampbrems på bakside av stenderverk?
-Eg ønskar i utgangspunktet å ha litt isolasjon i stenderverket for å unngå kaldras. Nokon anbefalar å legge isolasjon heilt inn mot betong, andre seier at dampbrems skal stiftast i stenderverk, og isolasjon kan ligge inn mot dampbrems.
Hjelp ein stakkar som er forvirra
Takker på forhånd.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Einebolig frå 1950 under oppussing
Planen min er eigentleg å stifte vindsperre mellom stendarane slik at isolasjonen kviler mot denne(sjå bilde under), og skaper ei luftspalte mellom mur og isolasjon. Men eg les også at ein del anbefalar at isolasjon skal ligge heilt inntil mur?
Einebolig frå 1950 under oppussing
Takker for innspel
Veggar burde jo aller helst vore trepanel for å holde det mest mulig diffåpent, men tanken er walls2paint.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Nei, etter at oss fekk installert drenering og EPS på utsida er det ingen tegn til kapillært oppsug eller fukt. Denne nye delen av huset(tilbygget) er jo som eit nybygg å regne.
Det er inne i kjellaren på denne sida av huset dei to romma i kjellaren er.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Det nye badet er ferdig flislagt. Ventar no berre på rørleggar og elektrikar skal fullføre sitt arbeid før oss får tatt det i bruk.
Nytt kjøkken og ny del av stue er stort sett ferdiggipsa og sparkla. Det passar bra, for oss hents kjøkkentet for to veker sidan
Og eg held på med nytt gutterom i kjellaren.
Ps: Vindsperra vart tatt ned att, og isolasjon blir lagt rett mot mur. Har begynt på platekledninga på veggar her no, og taket er ferdig gipsa.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Leste gjennom tråden din nå, veldig spennende lesning og mye artig. Har en del spørsmål siden jeg vurderer å bygge tilbygg på murhus lignende det dere har gjort. Før jeg underholder den tanken noe mer, hvor mange kvadrat er tilbygget og hva ligger kostnaden på sånn cirka? Ble det støpt videre fra den opprinnelige platen til huset? Lot dere den opprinnelige muren stå og støpte nye vegger på den? Ble dreneringen som lå der fjernet?
Tusen takk for det
Tilbygget her blir litt spesielt, sidan det er eit funkistilbygg på eit gammalt hus med saltak. Prosessen med å få det godkjent var lang og krevjande, og måtte heilt til Statsforvaltaren.
Tilbygget er 5 meter langt, ca 8 meter breidt, og i 3 etasjar. Kostnaden er litt vanskelig å regne på, sidan oss gjer -mykje- med gamledelen av huset også. Tippar oss havnar rundt 4 mill, og då har oss mellom anna gjort følgande på gamledelen:
-Pigga opp kjellar til full takhøgd
-Bygd større inngangsparti i to etasjar(inngang i hovudetasje, vaskerom i kjellar)
-Nytt tak
-Ny kledning på heile huset
-Ombygging av ark fra skråtak til flatt, og stort vindu.
Totalt areal på huset nærmar seg 300 m2.
Det måtte gravast ut, sprengast og piggast heilt inntil gammal husvegg. På det djupaste måtte dei sprenge seg neste 2 meter nedover i fjellet. Opprinnelig mur står igjen, og blir no ein innervegg. Betongsagar har laga to døråpninger i gammal murvegg i kjellar, som gir tilgang ut mot ny del.
Det vart lagt ny drenering på heile den delen av huset som har blitt påvirka av tilbygga. Eg hadde allereie fiksa ny drenering på gamledelen av huset frå før.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Snakka også med snekkar igår, dei kjem tilbake 22. mai for å fullføre arbeidet sitt. Så før den tid skal eg fjerne takstein på heile sørsida, og gammal bordkledning på ark. Då skal dei bygge om arka til flatt tak, installere 2.1 x 1.5 meter vindu, og fullføre bordkledning på resten av huset.
Dei skal også åpna opp mellom gammal og ny del inne i huset, det blir veldig spennande😎🤘
Einebolig frå 1950 under oppussing
Har hatt fantastisk vær på Sunnmøre nokre dagar no, og oss rakk omtrent på timen å få på plasten før det begynte å dryppe litt!
Einebolig frå 1950 under oppussing
Rørleggar kjem neste veke for å installere møblar, og elektrikar kjem for å setje inn våtromsvifte.
Einebolig frå 1950 under oppussing
Dei siste månadane har stort sett gått med til å fullføre legging av tak, eit arbeid oss valgte å ta sjølv.
No blir det fullt fokus innvendig framover. Eg monterer himling, og kona monterer kjøkken. Eg bistår på vanskelige oppgaver.
Men, her er iallfall slik det ser ut per no. Frost og kaldt på Sunnmøre for tida, så fargen på kledninga er ikkje heilt representativ:
Einebolig frå 1950 under oppussing