814    28    3  

Treng hjelp til planlegging av rør

 2,984     Vestlandet     0
Eg prøver her, i håp om at nokon kloke hoder kan hjelpa meg, då eg ikkje finn svar andre plassar. 

Eg skal støypa nytt golv i heile kjellaren og må då få lagt ned røyr først. 
Eg skal ha eit bad og eit vaskerom i kjellaren, samt avløp opp til etasjen over. 
Eg veit ikkje på centimeter nøyaktig høgd på ferdig golv på vaskerom og bad i kjellaren. Golvet skal byggast opp 8-9cm over sålen etterpå. 

Korleis gjer eg det med avløp til vegghengt toalett, servant, dusj på flis og golvsluk?

Kan eg setja opp røyr som stikk 10-20-30cm over sålen, som så vert kappa i riktig høgd etterpå? Finst det noko som kan justerast? Eller må eg treffa på millimeter før støyping av såle?

Håpar nokon kan hjelpa meg, så eg kan få kjøpt inn røyrdelar. 
Signatur

HSt
   #1
 36,582     Lillestrøm kommune     1
Du får innvendig muffe som passer til vegghengt WC du kan dermed bytte høyde etterpå.  (jeg kjøpte WC cisternen før jeg fant ut av dette) 
På Vask og vaskemaskin så har jeg satt 75mm i gulv og går over til 50mm. Igjen finnes innvendig overganger så du er ikke helt avhengig av muffe.
  (trådstarter)
   #2
 2,984     Vestlandet     0
Takker for svar HSt.
Eg kan altså setja opp 110mm røyr høgare enn eg treng, for så å kappa så det passer til monteringshøgd for wc?

Kva med golvsluk?
Signatur
HSt
   #3
 36,582     Lillestrøm kommune     0
Ja med min cisterne går det bra men du må ha en innvendig overgang

Sluk er verre ... Har ikke gått opp løypa her enda.

På WC er det faktisk usikkert hva som er rett montasje høyde. Jeg trodde det var en standard uten diskusjoner
  (trådstarter)
   #4
 2,984     Vestlandet     0
Eg har absolutt ingen peiling på dette, men eg er jo litt avhengig av å få lagt røyra riktig før eg støyper sålen.
Signatur
  (trådstarter)
   #5
 2,984     Vestlandet     0
Er det nokon som veit kva delar eg treng?
Signatur
  (trådstarter)
   #6
 2,984     Vestlandet     0
Denne veka skal eg få ein tidlegare røyrleggjar innom som skal hjelpa meg å skriva deleliste. Han skal òg hjelpa meg med å kopla til ny vassledning frå stoppekrana ute og inn i huset. Forhåpentlegvis har han òg nokre gode tips og idear for røyra som må vera midlertidig.

Planen er å få gravd fram til septiktank og få lagt nye avløpsrøyr neste veka. Då er det klart til å byggje opp sålen med pukk, isolasjon og betong.

Det eg lurer på no er om eg bør leggja røyr I røyr for varmt og kaldt forbruksvatn klart i betongsålen før støyping. Eg vil då få litt kortare røyrstrekk samt at eg har tenkt 48 mm eller 68mm innlekting på ytterveggane. Dette vert vel ganske spinkelt viss eg borer 10 stk 20 - 30mm hol i dei.

Signatur
  (trådstarter)
   #7
 2,984     Vestlandet     0
Røyr I røyr kan jo ikkje ha koplingar/gren skjult i vegg.

Går dette an å gjera på noko vis der ein har uttak? Får ein feks ei form for skjult koplingsboks e.l. som kan nyttast?
Eg må ellers dra 12 eller 14 røyr frå vaskerom og gjennom kjellaren eine vegen. Dog kun to røyr andre vegen.
Signatur

   #8
 246     0
Røyr I røyr kan jo ikkje ha koplingar/gren skjult i vegg.

Går dette an å gjera på noko vis der ein har uttak? Får ein feks ei form for skjult koplingsboks e.l. som kan nyttast?
Eg må ellers dra 12 eller 14 røyr frå vaskerom og gjennom kjellaren eine vegen. Dog kun to røyr andre vegen.

Usikker på om jeg forstår spørsmålet.

Du kan koble i vegg, så lenge det er mulig å sjekke dette, ved å ha en inspeksjonsluke eller lignende. Har utekran på vegg i kjellerstue, her måtte jeg ha en "boks" med membran og inspeksjonsluke slik at koblinger kan inspiseres og evt byttes, samt en waterguard liggende inni boksen.

Det vanlige er å dra varmt/kaldt til et skap, med avrenning til sluk eller gulv med sluk, og så fordele på nytt der. Jeg har 3 fordelingsskap.

Husk at hvis det er langt mellom varmtvannstank og vask, tar det lang tid før varmvannet kommer Smile
  (trådstarter)
   #9
 2,984     Vestlandet     0
Eg skal ha føringsrøyr for varmt og kaldt vatn frå vaskerom i kjellar til kjøkken i etasjen over. Det er jo to røyr. Treng då ikkje fordelarskap.

Andre vegen skal eg ha 5 røyr til bad, 5 røyr vidare opp til bad i etasjen over og 2 røyr til utekran. Totalt 12 røyr.
Bør eg då montera eit fordelarskap i veggen på bada i begge etasjar? Gjer deg det treng eg kun to røyr frå vaskerom til bad i kjellar. To røyr vidare frå dette badet til utekran og to røyr opp til bad i etasjen over, i staden for 5.
Signatur
  (trådstarter)
   #10
 2,984     Vestlandet     0
I går hadde eg røyrleggjaren innom for å gi meg tips og råd. Dette er råda eg fekk:

1) Forskala rundt framtidig sluk og bruk Pili sluk. Altså ikkje betong eit lite stykke rundt røyr der det skal koma sluk seinare, då kan eg visst bruka eit Pili sluk for å tilpassa høgda på sluket når eg er klar til det seinare.

2) Å leggja RIR i singellaget under isolasjonen er mykje brukt og ikkje noko problem.

3) Difftett føringsrøyr for VBV fordelarskap i kjellar til VBV fordelarskap i første etasje. Ikkje krav til avrenning til sluk frå fordelarskap på VBV.

4) Kan heilt fint nytta 50mm frå kjøkken i den vertikale delen ned i veggen. 57mm under sålen.

5) Baderomssluk under badekar og sluk på vaskerom plassert 45cm frå frå veggar i hjørne.

6) Beste løysing for å behalda avløpet frå første etasje (slik som det er i dag) fram til bad i kjellar er klart, er å leggja nytt avløp under sålen der det går no. Dette avløpet vert tetta og gjømt under golvspon når nytt bad er ferdig.

7) 4" (110mm?) røyr til alle sluk. Treng då ikkje stakeluka nokon plass.

Cool 148mm utlekting av heile baderomsveggen der eg skal plassera vegghengt toalett og føra avløpsrøyr vidare opp var god ide.

Høyres alt dette lurt ut?

Eg får og hjelp til å skriva materiallista når eg har teikna opp tenkte røyrstrekk.

Signatur