(trådstarter)
   #11
 2,984     Vestlandet     0
I går hadde eg røyrleggjaren innom for å gi meg tips og råd. Dette er råda eg fekk:

1) Forskala rundt framtidig sluk og bruk Pili sluk. Altså ikkje betong eit lite stykke rundt røyr der det skal koma sluk seinare, då kan eg visst bruka eit Pili sluk for å tilpassa høgda på sluket når eg er klar til det seinare.

2) Å leggja RIR i singellaget under isolasjonen er mykje brukt og ikkje noko problem.

3) Difftett føringsrøyr for VBV fordelarskap i kjellar til VBV fordelarskap i første etasje. Ikkje krav til avrenning til sluk frå fordelarskap på VBV.

4) Kan heilt fint nytta 50mm frå kjøkken i den vertikale delen ned i veggen. 57mm under sålen.

5) Baderomssluk under badekar og sluk på vaskerom plassert 45cm frå frå veggar i hjørne.

6) Beste løysing for å behalda avløpet frå første etasje (slik som det er i dag) fram til bad i kjellar er klart, er å leggja nytt avløp under sålen der det går no. Dette avløpet vert tetta og gjømt under golvspon når nytt bad er ferdig.

7) 4" (110mm?) røyr til alle sluk. Treng då ikkje stakeluka nokon plass.

Cool 148mm utlekting av heile baderomsveggen der eg skal plassera vegghengt toalett og føra avløpsrøyr vidare opp var god ide.

Høyres alt dette lurt ut?

Eg får og hjelp til å skriva materiallista når eg har teikna opp tenkte røyrstrekk.


1) viss eg forskaler rundt framtidig golvsluk er eg vel ikkje låst til å velja Pili sluk? Eg trur eg har restar av forskalingsrøyr til altanen.

3) kva dimensjon bør det vera på røyr til og frå fordelarskap for vbv? (fordelarskap skal dekkja 90kvm med 17mm røyr.

5) Kvifor vil røyrleggjar ha dei plassert slik? Er det noko i vegen for å plassera dei heilt inn mot vegg?
Signatur

   #12
 246     0
5) Baderomssluk under badekar og sluk på vaskerom plassert 45cm frå frå veggar i hjørne.

5) Kvifor vil røyrleggjar ha dei plassert slik? Er det noko i vegen for å plassera dei heilt inn mot vegg?


Ingenting i veien for det, det fins jo disse lange flate slukene som ligger ved veggen.
Men
- Det er lettere å legge runde sluk
- Større rom for feil ( hvis det blir 47 og 39 cm fra vegg)
- Det er "skumlere" med vann inntil veggen, enn bare på gulvet
- Kan tenkes det blir lettere å bygge fall
  (trådstarter)
   #13
 2,984     Vestlandet     0
Eg tenker jo det vil vera lettare å byggja fall mot langt sluk, då fallet vil gå kun ein veg.

Kanskje tanken er at 45cm ut frå veggar vert midt i ein 90x90 dusj.
Signatur
  (trådstarter)
   #14
 2,984     Vestlandet     0
No har eg i alle fall fått handla inn avløpsrøyra. Fann ut at eg vil montera jording på avløpet, så no må eg få kjøpt inn "Olastubben" før eg kan leggja røyra ferdig.

Eg må og planleggja vassrøyra i huset no, då ein del av desse skal leggjast under isolasjonen og betongen. Her tek eg gjerne i mot tips. Eg har bestemt meg for å gå for Sanipex.

1) 12mm eller 16mm på røyret for kaldt vatn fram til kjøkkenkran? Tenker 12mm på varmt vatn pga ventetid.

2) skal denne brukast der røyra går frå grunnen, gjennom sålen? https://vvskomplett.no/sanipex-rorstotte Må den brukast? Bør den brukast? Er den til noko ana? Røyra skal frå singellaget gjennom 10cm xps og 8cm betong. Røyra kan kanskje stripsast fast i armeringsnettet før støyping, men eg anar ikkje kor lett det er å få riktig 90 grader bøyr på 12mm og 16mm røyr. Evt. denne? https://www.armaturjonsson.no/produkter/roer-i-roer-for-tappevann/verktoey/roerfoeringsbend/

3) Om eg set inn eit fordelarskap der vassinntaket kjem inn i huset, i vaskerommet, får eg til saman 15 røyr ut av dette skapet + vvberedar og stoppekran. Legg eg røyra i betongen, må jo alle gå ut i botn. Dette vert for mykje og kronglete? Eg bør få til 2 fordelarskap?
Legg ved bilete av kjapt tenkte opplegg.

a) alle kursar ut frå same fordelarskap i teknisk rom. Mange kursar og mange meter røyr.
Treng hjelp til planlegging av rør - Vassrøyr 1 fordelar.jpg - Komlo


b) 2 fordelarskap der det mot bad har alle kursar utanom kjøkken og vaskemaskin. Mykje røyr her og, men noko kortare strekk 12 uttak frå skap nr 2.
Treng hjelp til planlegging av rør - Vassrøyr 2 fordelarskap garderobe.jpg - Komlo


c) 2 fordelarskap. Fordelarskap 1 dekkjer bad i kjellar, vaskemaskin og kjøkken i etasjen over. Skap 2 dekkjer bad i etasjen over samt utekran. 10 røyr ut frå skap 1 og 7 røyr ut frå skap 2. Kanskje den beste middelvegen? Eg serno at på denne løysinga kan godt toalett og kanskje badekar i kjellar godt få vatn frå fordelaskap 2 og.
Treng hjelp til planlegging av rør - Vassrøyr 2 fordelarskap garasjevegg 7 og 8 kursar.jpg - Komlo




Signatur
  (trådstarter)
   #15
 2,984     Vestlandet     0
Innspel på om ein bør nytta 12mm eller 16mm Sanipex på kaldtvatn til kjøkkenkran?

Ser alternativ C lurt ut? 

Eg vart anbefala 28mm r-i-r mellom fordelarskapa for golvvarme. Kva har andre? Er det stort nok/meir enn eg treng? Desse har vel ganske stor dimensjon på varerøyr. 
Signatur
   #16
 96     Skien     0
Innspel på om ein bør nytta 12mm eller 16mm Sanipex på kaldtvatn til kjøkkenkran?

Ser alternativ C lurt ut?

Eg vart anbefala 28mm r-i-r mellom fordelarskapa for golvvarme. Kva har andre? Er det stort nok/meir enn eg treng? Desse har vel ganske stor dimensjon på varerøyr.


16mm brukes til det meste, jeg skal selv legge opp 16mm når jeg skal montere nytt kjøkken, jeg er dog usikker på om det er behov for egen kurs til oppvaskmaskin. På badet i dag har jeg 15 mm rør i rør til dusj, håndvask og wc (blå uponor rør). I tillegg vil jeg legge opp 20mm rør til utekran og bereder.

Fra inntaksrøret vil jeg legge 20mm rør til skapet, det endres til minst 32mm når jeg skal starte drenering av kjelleren og skifte ut hovedvannledning samt kloakk ut.

Har i dag en blanding av kobberrør og en FPL-X fordeler som er festet på vegg. Etter jeg har koblet om vil jeg få Uponor skap og Uponor PPM fordelerstokk.

Vet noen går for 12mm til varmtvann, men det er blandet erfaringer med det. Noen mener det er en suksess mens andre angrer for at de ikke gikk for 15/16mm.

Her ser du anbefalt dimensjonering fra SINTEF:

Treng hjelp til planlegging av rør - Skjermbilde 2020-10-08 kl. 10.49.06.png - KVTL
  (trådstarter)
   #17
 2,984     Vestlandet     0
Såvidt eg har forstått har ein litt større gjennomstrømming på Sanipex enn andre på tilsvarande dimensjon. Visstnok pga koplingane.

Per i dag har eg 12,7mm kopar til kjøkken og plenty godt nok vasstrykk.

Eg hadde tenkt å kopla oppvaskmaskin til under servant. Er det anbefalt med eigen kurs til den og?

Eg anar ikkje kva ventetid ein kan forventa på varmtvatn ein kan forventa på dei ulike dimensjonane.

16mm på kaldtvatn til kjøkken då i alle fall,kanskje og varmt vatn.

Baderomsservantar vert 12mm. Der treng eg jo ikkje rare vannmengden. Eg opnar aldri dei kranane fult.
Signatur

TSt
   #18
 14,509     0
Jeg sier det er motsatt. Det er ikke støtte hylser i Sanipex anlegg så her er hele tiden tverrsnittet lik rør diameter. Noen sier at en nesten kan gå ned en dimensjon av den grunn.
  (trådstarter)
   #19
 2,984     Vestlandet     0
Jeg sier det er motsatt. Det er ikke støtte hylser i Sanipex anlegg så her er hele tiden tverrsnittet lik rør diameter. Noen sier at en nesten kan gå ned en dimensjon av den grunn.

Sa me ikkje det same? Meor vatn gjennom sanipex.
Signatur