8,659    12    0  

Samme bord til bordsag og gjærsag?

 5     0
Hei!

Eg har bestilt meg ein Dewalt DW745 bordsag, og har frå før Makita LS0714L. Har svært liten plass i verkstaden min, så alt eg kan spare plass på er bra. Er det nokon som veit om det går an å bruke samme stativ på desse? Feks eit slikt? http://m.clasohlson.com/no/Pr408334000/Pr408334000

   #1
 1,387     Tromsø     0
Eg veit ikkje om det er mulig, og eg trur saga vil komme ubehageleg høgt opp viss ho blir montert på eit slikt bord.
Dei to festestykka som står på tvers av bordet må skruast fast i kapp- og gjærsaga, og eg trur det blir tungvint viss dei stadig skal (de-)monterast. Eventuelt måtte du kjøpe eller lage eit par tilsvarande brakettar for bordsaga.

Det enklaste bordet til DW 745 kostar vel ikkje så mykje. Men eg laga sjølv eit enkelt bord av 1,5"x3 impregnert, med avstivarar av kryssfiner. Det kosta nesten ingen ting, men saga kjem i rett arbeidshøgde. Det står her: http://www.byggebolig.no/index.php?action=dlattach;topic=46153.0;attach=88429;image

Eg lar saga stå laust på bordet slik at det er enkelt å flytte, men ho kan enkelt festast med eit par små lastestropper.

Og forresten, gratulerer med ei fin sag. Eg er veldig fornøgd med mi.
  (trådstarter)
   #2
 5     0
Takk for godt svar!

Trur eg får lage eit slikt stativ. Kva er god arbeidshøgde for ei slik sag?

Det hadde vore fint å kunne flytte den inntil veggen når den ikkje er i bruk. Trur du stativet vil bli stødig nok om eg fester på hjul? Tenkjer på typen vognhjul som kan dreiast og som har brems (slik som den nedste her: http://m.clasohlson.com/no/Vognhjul/Pr309723000).

Gleder meg ellers storvegs til å få saga. Forventer mykje frå den! :)

   #3
 1,387     Tromsø     0
Bordet mitt er 60 cm h, 60 cm b og 48 cm d. (b er den sida som står mot meg når eg arbeider). Det var høgda eg fann på eit bord i butikken.
Arbeidshøgd på saga er då ca 90 cm.

Bladet som følgjer med saga lagar ikkkje så fine snitt, enkelte anbefaler blad med fleire tenner for det. Eg brukar originalbladet, og pussar/ høvlar viss nødvendig.

Det er sikkert greit med hjul som kan låsast. Viss du skal ha saga fast på bordet og skal trille den rundt, er det sikkert ein fordel å feste henne til bordet med nokre spennband, f.eks desse:
http://www.biltema.no/no/Bil---MC/Laste-og-Trekke/Feste-og-lastspenner/Spennband-34270/
   #5
 1,387     Tromsø     0
ver så god/ you are welcome.
Lykke til med saga og bordet. Ingen ting er så kjekt som å vere sagførar  ;D
   #6
 836     Østfold     0
Hvis du skal lage noe selv, så sjekk ut denne karen på youtube:

Bord til gjærsag:  http://www.youtube.com/watch?v=wGZPubkww-E

Arbeidsbod/bordsag:  http://www.youtube.com/watch?v=KnNi6Tpp-ac

Kan jo lage en hybrid/kombinasjon av disse. Ltt jobb å lage, men ser ut til å bli skikkelig solide. Og ikke minst kan de lett stables bort
Signatur
  (trådstarter)
   #7
 5     0
Og der var stativet ferdig.  :)

Må ellers melde at dw745 er knall!
Samme bord til bordsag og gjærsag? - image.jpg - aleval

   #8
 1,387     Tromsø     0
Gratulerer, skal seie det gjekk fort  :)

Ditt bord er mykje finare enn mitt  Sad . Sikkert også praktisk med hylla nederst, det er alltid noko som kan ligge på den. Og hjula er praktiske.
   #9
 1,245     Norge     0
Dette ble kjempe bra  Smile Hva med å male den i sort eller Dewalt gul? Det hadde blitt prikken over i'en. Gul bengalakk hadde kanskje vært noe.
   #10
 545     Øvre Romerike     0
Veldig bra det bordet ditt  :)

apropo bengalakk, fungerer det bra på treverk? Grunne først eller bare å påføre?