4,157
30
2
6m stålbjelke
2,987
Vestlandet
0
Vurderer å nytta 2 stk stålbjelkar til bæring i flatt garasjetak med terasse oppå.
6 meter bjelkar, med 5,7 meter fritt spenn. Snølast for området er 2,5Kn og bjelkelaget 48x198. Med brukslast osv bør eg vel kanskje tenka 4,0Kn?
Det vert 230 cm mellom desse bjelkane, samt 230cm frå bjelke til opplag på mur.
Taket vert 7,7mx6m, med fritt spenn på 5,7.x7,1m.
Bjelkelag av 2"x8", eller liknande, er tenkt lagt i stålbjelkane, for at det skal bygga minst mogleg. Men kan og leggast over.
Lurer litt på kva dimensjonar eg må opp i av HEA/HEB/I(eit eler ana), for å kunna få peikepinn på pris før eg avgjer kva takkonstruksjon eg skal gå for.
Kva bjelkar kan eg bruka? Har eg forskjellige alternativ?
P.S. Eg er klar over at dette er nok ein hvilken stålbjelke - tråd, at det BØR dimensjonerast av ein som kan det og at det finst tabellar eg kan bruka. Eg har lest alle trådar eg fann om emnet, og eg har ikkje funne tabell.

Signatur
Da har du ikke lest denne. (link til faksimile av byggdetaljblad i innlegg #4)
http://byggebolig.no/garasje-anneks-og-uthus/dimensjonering-av-terrasse-med-ipe220/msg782904#msg782904
Tenker eg riktig no?:
Snølast (2,5Kn), og egenvekt (stål, trebjelkar og tekking= 1,0Kn?) og brukslast =4,5Kn/m
4,5Nm * 2,3m (mellom stålbjelkar) = 10,35Kn
Om eg nyttar t.d. He-200B, har den bruddstyrke på 48,2Kn (om eg forhindrer vipping). Altså er eg godt innanfor.
Lastekapasitet (L/400) på 13,8Kn. Altså og godt innanfor.
Nedbøying vert (5700/400)*(10,35/13,8 ) = 10,69mm
Er eg på bærtur?
Nyttelast/snølast: 2,5kN+4,5kN x 1,6=11,2. Om både nyttelast og snølast inntreffer samtidig på terrasse kan jo diskuteres, og det kan muligens reduseres her med en "samtidighetsfaktor"; se innlegg #18 i den andre tråden.
Egenlast: 0,8kN x 1,2=0,96 (egenlast av bjelken kommer i tillegg; 0,8kN/m2 er "standardverdi" for trebjelkelag.)
Sum: 12,2kN/m2 x 2,3m = ca. 28kN/m. Fortsatt innenfor med HEB200 på bruddgrense, men større nedbøyning enn L/400, faktisk litt over det dobbelte, eller ca L/200 (28kN/m+bjelkens vekt på 0,61kN/m i stedet for 13,8, direkte proporsjonal sammenheng mellom last/nedbøyning). Mer enn det Byggforsk anbefaler i punkt 233 i detaljbladet (mitt innlegg #19), men kanskje fortsatt akseptabelt for deg. (5700mm/200=28 mm ved maks nytte- og snølast.)
Ser amatørberegneren kan lære litt av andre også i denne tråden, jeg har pleid å legge på litt ekstra for slikt.
Tenker eg meir riktig no?:
Snølast (2,5Kn), + egenvekt HE200B (0,61Kn) + egenvekt trebjelkelag (0,8Kn) = 3,91Kn + tekking = 4,0Kn
4,0Nm * 2,3m (mellom stålbjelkar) = 9,2Kn
Om eg nyttar t.d. He-200B, har den bruddstyrke på 48,2Kn (om eg forhindrer vipping). Altså er eg godt innanfor.
Lastekapasitet (L/400) på 13,8Kn. Altså og godt innanfor.
Nedbøying vert (5700/400)*(9,2/13,8 ) = 9,55mm
Dette med kun snølast eller brukarlast på 2,5Kn, ikkje viss begge inntreffer samstundes.
Om lag tilsvarande styrke på same spenn vert vel (utifrå tabell) HE-220A (13,1Kn) eller IPE240 (9,4Kn). Fann ikkje noko IPE260. Lastekapasitet på HE200B, He220A og IPE240 er oppgitt ved 6,0m spenn. Eg får maksimalt 5,7m spenn.
Alt etter korleis eg finn ut å innreia denne garasjen, sår eg sannsynlegvis høve til å stiva av stålbjelkane litt frå undersida med ein eller to bjelkar, så spennet vert mindre. Men eg ønskjer ikkje å vera avhengig av å måtte gjera dette.
Er desse dimensjonane plenty, akkurat passe, for spinkelt?
Byggforsk sine tabellar i aktuelt blad viser nedbøyning i bruksgrense gitt ved bruddgrenselast for å lette samanlikningane.
Bruddgrense:
1,2*egenlast + 1,5*nyttelast + 0,7*1,5*snølast
1,2*1 + 1,5*3 + 1,05*2,5 = 8,3kN/m2.
Lastbredde 2,3m -> 19kN/m
Bruksgrense:
1,2*egenlast + 1,5*nyttelast = 5,7kN/m2 og 13kN/m.
Eg ville valgt HEA220-bjelkar.
I tillegg: Nedbøyning av ein fritt opplagt bjelke er gitt av lengde i fjerdepotens, så nedbøyninga kan for ditt spenn justerast til (5,7/6)^4=81% av nedbøyninga i byggforskbladet -> L/494 = svært stivt.
Det er ein lokal entrepenør som har liggande diverse stålbjelkar, som eg kan få for god prs. Får høyra me han kva han har. Å få det frå forhandlar har eg inntrykk av at er meget dyrt.
HEB er lavare og tyngre enn HEA, men med høgare lastekapasitet enn HEA ved same høgd. IPE er smalare og lettare enn begge, men med mindre lastekapasitet i same høgd? Er det andre forskjellar på desse tre? Eller er det slik at eg berre skal velja den typen med tilfredstillane lastekapasitet, som har mest passande dimensjon for takkonstruksjonen?
Eg tenkte først HE200B, fordi eg såg for meg det var lettast med innfelt bjelkelag i denne.